Men korleis i all verda skal ein nærme seg noko slikt, teatralt?
Vi - regissør Tatu Hämaläinen, dramatikar Katrine Nedrejord og eg - bestemte oss tidleg for at vi hadde lyst til å fokusere på det terroristen ville til livs, nemleg det ungdommelege engasjementet til dei som var på AUFs sommarleir. Kva var det som dreiv desse ungdommane til å dra på politisk sommarleir? Kva saker var dei opptekne av?
Vi gjekk i gang med ein hypotese om at vi ikkje nødvendigvis skulle lage ei framsyning som handla om sjølve terroråtaket. Temaet vårt skulle vere politisk oppvakning, og det å finne sin politiske identitet. Vi begynte å kontakte overlevande og pårørande, og vi intervjua dei, ut frå denne innfallsvinkelen. Vi skjønte snart at vi måtte vide ut tematikken til også å handle om dagens ungdom. Kva er dagens 15-åringar opptekne av? Kva motiverer dei? Vi kontakta ungdomspartia på tvers av partigrensene, og snakka med ungdommar frå MDG, Sosialistisk ungdom, Senterungdommen, Høgre, Framstegspartiet i tillegg til AUF. Undervegs i arbeidet vart det tydelegare og tydelegare for oss at 15 år er både veldig kort og veldig lenge sidan.
Mellom samtalane med dei overlevande og pårørande, og samtalane med ungdommane anno 2026, låg historia om sjølve terroråtaket. Vi skjønte, som Peer Gynt i femte akt, at vi ikkje kunne gå utanom. Vi måtte dykke inn i det mørkaste. Og vi måtte inkludere dette mørket i framsyninga.
Arbeidet med 15 år har vore ein kollektivt prosess. Prosessen har vore smidig og dynamisk, og han har blitt hjelpt på veg av mange menneske. I tillegg til skodespelarane og kunstnarleg lag har vi òg fått hjelp av folk med konkrete, kroppslege erfaringar frå sjølve åtaket, og folk med spesialkompetanse innan radikalisering. Vi har òg fått mykje hjelp av ungdommar som har fortalt oss om liva sine og om kva dei tenkjer om framtida. Nokre av desse ungdommane er med i framsyninga.
Vi inviterer publikum til ein leir der fellesskap og dugnad står i sentrum. Saman skal vi bygge leiren. Og saman skal vi skape ei historie.
TOPPFOTO Frå opninga av AUFs sommerleir på Utøya, 2024. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB.