Bakgrunnsartikkel

Nordisk samarbeid

Ein heilt ny sceneversjon av musikalen Frost er på veg til dei nordiske landa. Først ute er Noreg.

Vesturport Teater, med den kunstnarlege leiaren, islendingen Gísli Örn Garðarsson, i front, skal skape ein ny versjon av Disneys musikal Frost, i Noreg, Island, Sverige, Finland og Danmark.

Saman skal desse teatera skape ein ny sceneversjon av musikalen som opphaveleg er produsert av Disney Theatrical Productions. Som på Broadway vil denne iscenesetjinga av Frost ha musikken og songtekstane til dei Academy Award-vinnande songskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez, med manus av den Academy Award-vinnande dramatikaren Jennifer Lee.

Gísli Örn Garðarsson har regi på denne nye sceneversjonen, og har med seg eit kunstnarleg lag som inkluderer scenograf Börkur Jónsson og kostymedesignar Christina Lovery. Desse skal ta i bruk heile den nordiske fargepaletten i arbeidet sitt.

Produksjonen er eit samarbeid mellom Vesturport og Det Norske Teatret i Oslo, Nasjonalteateret i Reykjavik, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater. Det danske samarbeidsteateret vil bli offentleggjort på eit seinare tidspunkt.

Frost vil ha premiere på Det Norske Teatrets Hovudscene 14. oktober. I februar 2024 kjem framsyninga til Reykjavik, og så følgjer Stockholm, Helsingfors og København etter med premierer som vil bli annonsert seinare.

Stor begeistring over musikalen

Begeistringa over musikalen og samarbeidet er stor i alle dei nordiske landa. Regissør Gísli Örn Garðarsson ser på oppgåva med å ta Frost heim til Norden som ei stor ære. Hans van Rijn i Disney Norden fortel at det nordiske publikummet har trykt Frost til sitt bryst heilt frå filmen kom ut for ti år sidan. Han kan ikkje førestille seg ein betre måte å feire dei mange entusiastane på enn med den første nordiske adaptasjonen av musikalen.

- Å få lov å ta Frost heim til Norden er i ei stor tillitserklæring frå Disney. Og ei ære! Eg storgleder meg til å lage den nordiske versjonen av hit-musikalen Frost.

Regissør Gísli Örn Garðarsson

Teatersjef Erik Ulfsby frå Det Norske Teatret:
- Å få skape den eventyrlege vintermagien som ligg i Frost-universet er ei oppgåve teateret slår floke i begeistring av å gå laus på. Vi er glade for at Disney gir oss denne moglegheita.

Teatersjef Magnús Geir Þórðarson ved Nasjonalteatret på Island:
- Vi ser i spenning fram til å presentere ein heilt ny sceneversjon av dette høgt elska verket, basert på nordiske segn, og som ein av våre leiande regissørar, særleg kjent for sine leikne, fysisk ekspressive og kraftfulle oppsetjingar både på Island og i utlandet, skal setje i scene.

Teatersjef Maria Sid ved Stockholm Stadsteater:
- Vi er veldig nøgde med å vere del av dette samarbeidet om å skape ein nordisk versjon av den klassiske forteljinga av HC Andersen. Saman med vennene våre på Island, I Noreg, Finland og Danmark kan vi overføre denne musikalen inn i si nordiske ramme.

Teatersjef Kari Arffman ved Helsingfors Stadsteater:
- Gjennom mange år har vi sett opp fleire Disney-musikalar ved teateret vårt, men dette er første gongen vi er med og skapar ein i eit nordisk samarbeid. Å få lage Frost på denne måten er dobbelt stas!

Senior visepresident og country manager for Disney i Norden og Baltikum, Hans van Rijn, supplerer:
- Det nordiske publikummet har trykt Frost og karakterane frå denne forteljinga til sitt bryst heilt frå filmen kom ut for ti år sidan. Eg kan ikkje førestille meg ein betre måte å feire dei mange entusiastane på enn med den første nordiske adapsjonen av musikalen. I denne versjonen vil både manuset og musikken som vi i Disney skapte for Broadway vere med, men denne gongen vil regien og den kunstnarlege innpakkinga vere av eit nordisk kunstnarleg lag. Vi ser verkeleg fram til å arbeide med Gísli Örn Gardarsson og teatera når dei no skal bringe liv til dette kulturelle fenomenet på scenen.