Bakgrunnsartikkel

Draumen om Amerika brast med Trump   

Natalie Bjerke Roland skal spele mannen som for tida forbløffar ei heil verd. Det går knapt ein time utan oppdateringar på nyheitsfronten om påfunna frå Det ovale kontor. Jada, ho skal spele det oransje andletet frå vest i vårens store musikalsatsing på Hovudscenen. Sjølv er ho melaninrik og kvinne - men har amerikansk statsborgarskap. Ho lovar spark i fleire retningar.   

Skrive av
Jannik Wiberg
Jannik Wiberg
Kommunikasjonsavdelinga

Europavisjonar er ein glittertung historietime om Europas utvikling frå Berlinmurens fall fram til i dag, fortalt gjennom ein Eurovision-finale. Kva har så amerikanarane med dette å gjere? Ein heil del, kan ein trygt seie. For kva er vel Europa utan eit nært forhold til det store kontinentet «over there»? Eit kontinent Natalie har nære band til.     

Natalie Bjerke Roland voks opp i Porsgrunn, der ho budde med mor og søster si. Men ho har alltid hatt eit tett forhold til USA. Faren er amerikanar, og har store delar av livet budd i San Fransisco. Natalie var jamnleg på besøk.   
- Da eg var barn var det veldig kult å ha ein pappa frå USA, alle synest det var eksotisk og flott. Men så såg eg at landet endra seg i takt med oppveksten, seier ho.

Håp med Obama

Valet av Obama som president gav håp, han var melaninrik og demokrat. Han blei valt til president da ho var 13 år, og Natalie tenkte at no går det rette vegen. Alle i San Fransisco hadde Obama-klistremerke på bilen og buttons med namnet hans på når ho var på besøk der. Obama verka som ein snill type.    
- Ungdomstida gav meg meir perspektiv på han som president. Han var ikkje utan feil og manglar, sett i ettertid, men han var utruleg populær blant folket og det var ei håpefull tid! Som Olav H. Hauge seier det; Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, og så skjer det motsette; Donald Trump blir valt! Dette skjedde ut av ingenting, meiner skodespelaren.

Natalie på maskeavdelinga under prøvane på Europavisjonar. Foto: Ole Herman Andersen.
Natalie på maskeavdelinga under prøvane på Europavisjonar. Foto: Ole Herman Andersen.
Natalie og faren i San Fransisco, 1996. Foto: Privat.
Natalie og faren i San Fransisco, 1996. Foto: Privat.
Natalie og faren i San Fransisco, 2024. Foto: Privat.
Natalie og faren i San Fransisco, 2024. Foto: Privat.
Natalie i Chicago, 2024. Foto: Privat.
Natalie i Chicago, 2024. Foto: Privat.

Levde i eit ekkokammer

Ho hadde, som mange andre, aldri trudd at Trump skulle vinne. Den unge norsk-amerikanaren hadde levd i eit ekkokammer, både i her heime og i USA. Men da ho blei 20 år gammal gjekk USA inn i ei ny tid med Donald Trump.
- Mellom anna har Washington Post offentleggjort ei liste over 30 573 usanne eller villeiande påstandar han har kome med i løpet av presidentperioden 2017-2021, altså eit gjennomsnitt på 21 per dag. Det er vilt!   

Korleis kunne han vinne igjen med populisme som plattform?  
- Eg veit ikkje. Men det er samansett. Eg las eit innlegg av Bernie Sanders som var interessant. Trump appellerer jo til bekymringar hos arbeidarklasseveljarar, og dei er mange! Fleire enn du trur. Dei kjenner seg skovne til side på grunn av tapte arbeidsplassar og endringar i den etniske samansetjinga i USA, hevdar Sanders. Det blir vanskelegare og vanskelegare å vere ein minoritet i USA, forklarar ho.

- Det blir vanskelegare og vanskelegare å vere ein minoritet i USA.

Kjennest viktig

I Europavisjonar kjem Natalie Bjerke Roland som Donald Trump trampande inn på scenen, full av sjølvtillit og med det sedvanlege ønsket om å stå midt i spotlight’en. «Ingen likar musikk betre enn eg gjer, ingen!!!», slår han fast i kjent stil og krev å få synge. Ho har brukt litt tid på å finne ut korleis ho skal parodiere han, mellom anna ved å sjå på Alec Baldwin. Men ho må finna sin eigen Trump, og tilpasse han til teaterscenen.   
- I tillegg blir dette ei dynamisk rolle, det fløymer jo over med nytt stoff frå Donald kvar einaste veke. Han finn på så mykje rart. Kva skal vi ta inn? Det er ein skodespelars våte draum å parodiere Trump, ein fyr eg foraktar, seier Natalie.  

- Det er ein skodespelars våte draum å parodiere Trump.

Natalie som Donald Trump i Europavisjonar. Foto: Ole Herman Andersen.

Ho synes det er spennande å laga teater om politikk. Da ho jobba på Oslo Nye Teater sette dei mellom anna opp Rasisten, eit stykke om strukturell rasisme og blindsonar. Det kjendest tydningsfullt. 
- Det er i kjernen av seg sjølv av kva som er viktig. I kombinasjon med musikal blir dette ein meiningsfylt fest på Hovudscenen.

Les meir om Natalie!

Toppfoto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Artikkelen er publisert 27. februar 2025.