Bakgrunnsartikkel

Møt Ronja og Birk

Når Det Norske Teatret tek ei moderne Ronja Røvardotter til scenen, er det med to av dei meir fysiske og viltre skodespelarane i ensemblet. Det kan høve godt, for i Catrine Telles regi blir det høgt tempo og livleg leik.

– Det første eg tenker på når eg høyrer Ronja Røvardotter, er ei vill jente. Ho er tøff og nysgjerrig og har lyst til å utforske verda, seier Thea Vaulen, som skal gje liv til Astrid Lindgrens folkekjære karakter Ronja. I likskap med mange i sin generasjon har ho eit sterkt forhold til filmen som kom i 1984, tre år etter utgjevinga av boka.

Ronja Røvardotter er ei jente på rundt ti år som vi følgjer gjennom eit drygt år. Ho er dotter av Mattis, røvarhøvdingen, som kjempar mot ein annan røvarbande, leia av Borka. Sonen hans, Birk, blir ein fortruleg og nær venn av Ronja, som må halde forholdet skjult for familien. Forteljinga om dei to barna er ein variant av ei tidleg Romeo og Julie-historie, der ungane gjer opprør mot dei vaksne og finn kvarandre på tvers av nedarva fiendskap.

– Det er ikkje berre Ronja-karakteren som har sett merke etter seg, det er vel så mykje dei andre karakterane. Birk til dømes, seier Thea og ler.


Peiman Azizpour skal spele Birk, som i minnet til mange er den raudhåra krølltoppen frå filmen. Peiman sjølv såg filmen for første gong som del av språkopplæringa i innføringsklassen på Sotra utanfor Bergen som 18-åring. Han hadde aldri høyrt om Lindgren eller Ronja før han kom til Noreg som flyktning frå Iran. I likskap med mange unge nordmenn er den klassiske forteljinga ikkje del av hans oppvekst.