Ein av karakterane Iselin skal spele i Sukker er inspirert av Kola Mangoli, som levde i Oslo på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet.
- Sukker prøver å ta eit oppgjer med den norske kolonihistoria, politisk og kunstnarleg. Det er djupt alvorleg, men også ein svart komedie, lagt til eit afro-futuristisk univers. Eg skal vere ei slags muse for ein kunstnar som skal ha ei utstilling, ved eit museum, som ikkje går heilt som planlagt. Karakteren min er inspirert av eit verkeleg menneske, Kola Mangoli, som kom frå Liberia til Noreg som ungdom i 1894, og mellom anna jobba på Klingenberg Theater.
Kva var din aller første replikk på ein scene – og korleis gjekk det?
- Noko av det første eg kan hugse å ha framført, var faktisk eit utdrag frå Terje Vigen for klassen min på barneskolen. I Kristiansand måtte alle lære sin Terje Vigen! Eg levde meg heilt inn.
Kva er det raraste du har gjort i research til ei rolle?
- Eg skulle spele piano gjennom framsyninga Historier frå Wienerskogen da vi sette ho opp på Teaterhøgskolen. Det var Vexations av Erik Satie som skulle tonesette stykket, eit underleg eintonalt, repetitivt og veldig kort verk, som skal bli spelt 840 gonger etter kvarandre for å bli ferdig spelt. Eg måtte lære meg det på svært kort tid, eg øvde og øvde. Akkordane er triste, og skremte meg. Det var einsamt, men litt fint å øve så intensivt for seg sjølv også.
Alle har jo gløymt replikkar på scenen. Kan du fortelje om ein gong det skjedde deg?
- Det var også på Teaterhøgskolen, vi hadde laga ein DumDum Boys-musikal. Eg skulle synge den fine songen Stjernesludd, og fekk totalt jernteppe heilt plutseleg. Det var som å falle gjennom bakken, for meg. Men dei som såg på merka visst ingenting!
Kva er det mest minneverdige som har skjedd deg bak scenen?
- Det er berre alltid veldig bra å vere bak scenen. Vi gir kvarandre så mykje varme og enorm støtte, varme blikk.
Fullfør setninga: “Eg visste eg ville bli skodespelar da eg…”
- Eg såg Gjengangere med Vinge/Müller. Det gjorde så sterkt inntrykk, at da skjønte eg at dette hadde eg også lyst til. Eg har studert psykologi, og det er eigentleg mykje av det same – men som skodespelar nyttar du din eigen kropp til å undersøke den menneskelege psyken. Det er ingen stad der eg forstår så mykje på godt og vondt om mennesket, som i teateret.
Vinge/Müllers Gengangere.
Kva er det beste ved å vere skodespelar?
- Vi får lov til å prøve å ha ein slags topptrent empati. Vi får leve med veldig nakne hjarte. Vi prøver å komme så nært som mogleg noko djupt menneskeleg. For meg er det veldig mykje trøyst i kunst.
Har du ei kulturanbefaling?
- Eg blir aldri ferdig med filmane til Andrej Tarkovskij. Eg ser dei om og om igjen, og det vil eg anbefale andre også å gjere. Og i sommar las eg Birgitte Larsen si novellesamling Som i en ny jord fleire gonger. Ei heilt nydeleg bok! Den vil eg også oppmode alle om å lese.
Kva er din guilty pleasure?
- Akkurat no er eg i ein napoleonskake-æra.
Om du skulle hatt eit anna yrke – kva skulle det ha vore?
- Barnelege. Å vite at eg kunne redde eit barn.