- For meg personleg handlar Sukker djupast sett om korleis ein kan vere ein brun kropp i Noreg i dag, og det å lære å kjenne si eiga historie. Sukker er ein slags svart komedie, og eg skal spele ein kunstnar som skal ha ei utstilling. I møtet med kuratoren ved museet opplever kunstnaren fordomsfulle haldningar og blir putta inn i ein boks ho ikkje kjenner seg heime i. Dramatikar og regissør Linda Gathu har også teke utgangspunkt i historiene til brune menneske som har budd i Noreg frå 1660-talet og fram til i dag. Kunstnaren opplever å bli dratt inn i fortida og lever seg gjennom liva til nokre av desse brune menneska som har levd her før henne, og gjennom dette blir ho opplyst og trygg i seg sjølv på ein ny måte.
Framsyninga tek opp alvorlege tema, men med humor. Det er mykje leik med tidsepokar, kostyme og fordommar. Eg håpar publikum vil ha det gøy, og at dei som ikkje er brune kan kjenne litt på kroppen korleis det er. Og at dei som er brune kan kjenne seg igjen i det som blir vist på scenen, og at det vil kjennast godt. Eg håpar publikum kan le saman, både med og av dei som er på scenen.
Fullfør setninga: “Eg visste eg ville bli skodespelar da eg…”
- var med skolen i andre klasse og såg Nes Miniteater første gong. Dei spelte Den fillete dokka. Og eg tenkte berre: «Oh, my God! Dette er feitt. Dette her berre må eg gjere også!» Men eg har aldri tenkt at eg ikkje ville vore lykkeleg dersom eg ikkje vart skodespelar av yrke. Eg trur eg kunne hatt eit fint liv likevel. Men eg er veldig glad for det blei slik!
Kva var din aller første replikk på ein scene – og korleis gjekk det?
- Det gjekk kjempebra! Eg var 10 år og spelte Den vonde heksa frå Vest i Trollmannen frå Oz ved Nes miniteater. Replikken var «Hvem er det som har drept min søster? Den onde heksen fra Øst?». Eg var nok litt nervøs, men først og fremst kjentest det berre veldig stort å stå på scenen i Nes Kulturhus.
Alle har jo gløymt replikkar på scenen – kan du fortelje om ein gong det skjedde deg?
- Eg trur ikkje eg hugsar det, for eg har ikkje spelt i eit stykke der det ikkje er nokon på scenen som kan hjelpe meg. Om du er aleine eller det går på rim, for eksempel, så er det verre. Men førebels har eg ikkje opplevd noko traumatisk rundt det å gløyme tekst!

Ameli under prøver med Nes Miniteater i 2008.

Amelie som Julie i Romeo og Julie ved Den Nationale Scene i Bergen, ei rolle ho blei nominert til Heddaprisen for. Foto: Andreas Roksvåg.
Kva er det raraste du har gjort i research til ei rolle?
- Eg har sett utruleg mykje sånne sminkevideoar på YouTube! Så eg kan alt om contouring og highlighting og slikt. Det var i førebuingane til å spele Julie, som skulle vere ei litt sånn dollete tenåringsjente. Det var gøy, haha!
Kva er det mest minneverdige som har skjedd deg bak scenen?
- Jon Ketil Johnsen som spelte kromannen i Jeppe på Berget (på Den Nationale Scene) hadde foreslått at det skulle vere bananlikør han gav til Jeppe. Så på premierefesten gav regissøren han ein slik bananlikør i gåve. Den var grøn og kvalmande søt. Likøren blei ståande bak scenen, men etter kvar fredagsframsyning tok vi i ensemblet ein slurk av denne ekle drikken. Det var veldig hyggeleg!
Kva er det beste ved å vere skodespelar?
- Å jobbe med menneske, og å sette seg inn i andre menneske sine tankar og liv saman med andre.
Har du ei kulturanbefaling?
- Det siste året har eg stort sett vore heime i mammaperm, men eg drog ein tur til New York og såg ein teaterversjon av det indiske eposet Mahabharata. Og det var heilt fantastisk! Utruleg frigjerande å sjå noko som var så… lite ironisk. Så det er kanskje mi anbefaling, å oppleve noko blotta for ironi. Noko som berre er ekte og inderleg.

Mahabharata regissert av Ravi Jain var ei sterk oppleving for Ameli.