Fire elskande ungdommar har rømt frå byen og ut i skogen. Dei er involverte i ein nokså komplisert kjærleiksaffære og vil unngå strenge foreldre for å sverme og leve ut attråa si. Ein skodespelartrupp dukkar også opp. Dei prøver på eit stykke dei skal framføre i bryllaupet mellom hertug Thesevs og amasonedronninga Hippolyta. I skogen lever også alvar og feer. Puck er tenaren til Alvekongen Oberon, som er blitt uvenn med alvedronninga Titania. Vi er i eit magisk landskap, der underlege, uverkelege og komiske hendingar skal falde seg ut.
Kunstnarduoen Johannes Holmen Dahl (regi) og Nia Damerell (scenografi og kostyme) er aktuelle med Shakespeare på Hovudscenen. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Regissør Johannes Holmen Dahl og scenograf og kostymedesignar Nia Damerell skal løfte Shakespeare sin oftast framførde komedie inn i det store scenerommet på Hovudscenen. Premieren er 23. januar og på scenen har dei med seg eit knallsterkt skodespelarensemble. Kjersti Tveterås spelar Puck, dei fire amorøse ungdommane blir spelte av Natalie Bjerke Roland, Tord Kinge, Ameli Isungset Agbota og Deniz Kaya. Christian Ruud Kallum er tilbake på Det Norske Teatret som Tesevs og Oberon.
Nia Damerell har boltra seg når ho har arbeidd fram alveverda i dette stykket. Denne er tenkt som ei mørk og mystisk verd, der skjønnheit og ubehag eksisterer side om side.
- Kostyma hentar inspirasjon frå ei dyrisk eventyrverd, med gotiske element, historiske silhuettar og organiske former frå naturen. Mørke fargetonar, skimrande teksturar og duokromatiske stoff med metallisk fargespel, inspirert av insekt, skapar eit framandarta og magisk uttrykk, seier Damerell.
Skissene som er leverte til systova på teateret gir også eit nikk til det engelske hoffet og dronning Elizabeth den første som levde samtidig som Shakespeare. Opp gjennom historia har fleire peikt på at stykket handlar om henne, som gjekk under tilnamnet Alvedronninga.
I over 400 år har Ein midtsommarnattsdraum fascinert teaterpublikummet, og nye versjonar vil halde fram med å nå scenelyset. På Det Norske Teatret er det no tretti år sidan sist stykket blei iscenesett, den gongen med den europeiske regigiganten Silvio Purcarete ved roret. Intrigar og forelsking, mystikk og romantikk går heldigvis aldri av moten, og i vår er det nettopp kjærleiken som skal få størst plass i repertoaret.
Men ingen må la seg lure, under den tilsynelatande harmonien i desse midtsommarnettene ligg eit djupt alvor og mørke.
Artikkelen er publisert 7. november 2026.