Linda Gathu er skodespelar, regissør, dramatikar og filmskapar, med bachelor frå Royal Central School of Speech and Drama innan skodespel og ein master i teater frå Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har også vore husdramarikar ved Dramatikkens hus i 2022 og 2023. Gathu har brei erfaring som skodespelar, i hovudsak frå Storbritannia men også frå Den Nationale Scene, Hålogaland Teater og Brageteateret.
I 2022 vann ho Kritikerprisen for beste manus og regi i lag med Ingrid Liavaag med kortfilmen Regissøren (2022), ein mørk komedie om maktstrukturar i kulturbransjen. Ho vann også Rikspitch i 2023 i lag med Ingrid Askvik med eit prosjekt om oppdrettslaksens historie. For tida skriv ho også på dette manuset for Riksteatret.
SUKKER er første del av den pågåande triologien for teater. Gathu er i gang med del 2, faɪə bɜːn (FiREBURN). Denne tar tak i historia om arbeidaropprøret på St Croix i Dansk Vestindia i 1878, og dei fire kvinnene som leia opprøret. Teksten undersøkjer tema som historieskriving, arkiv og kvinnelege anti-heltar.
Bakgrunnsartikkel
Linda Gathu
SUKKER Linda Gathus første heilaftans teatertekst, og er del av ein trilogi av frittståande historier, forankra i ulike tider og med dansk-norsk kolonihistorie som bakteppe.