Men så byrjar russarane plutseleg å innhente det vestlege forspranget. Diktarane frigjer seg frå førebileta sine, først i poesien, så i prosaen. «Den russiske romanen» blir eit omgrep nett som «den greske tragedien». På nokre få tiår gjer ei rekke gigantiske diktarar landet sitt til ei litterær stormakt.
Det er vanskeleg å finne noka forklaring på denne litterære eksplosjonen. Han har blitt omtalt som eit mysterium i åndshistoria.
Mellom dei mange forfattarane som skapte dette mysteriet, inntar Nikolaj Leskov (1831-1895) ei stilling for seg. Med rette har han blitt kalla den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ingen har som han makta å teikne den fargerike russiske «folkekarakteren», ingen har som han formått å skildre det særeigne i livet og livsførsla til det russiske folket.

Julie Moe Sandø spelar tittelrolla i Lady Macbeth på Det Norske Teatret. Leo Magnus de la Nuez har rolla som stallguten Sergej. Foto: Jens Sethzman.
Med ein allsidig bakgrunn frå det praktiske livet kjente han det russiske landet og folket sitt til botnar. Ei rekke av dei krønike-liknande verka hans er vigde den enkle, fromme russaren, dei religiøse liva til dei gamaltruande og deira djupe tru på ikonas undergjerande kraft. I lag med dei merkelege forteljingane hans om sanningssøkande vandringsmenn og fromme einebuarar gjev dei oss ei levande førestilling om det vil plar kalle «Det heilage Russland», og som framleis er ei levande kraft bak politiske slagord og raude transparentar. Ein dag skal kan hende denne krafta bryte fram i Russland på nytt. For Tolstoj stod iallfall Leskov som «framtidas diktar».
Men Leskov var så visst ingen blåøygd nasjonalromantikar som nekta å sjå dei mørke sidene ved det russiske livet. Han såg at fromleiken kunne tene som maske for hykleri og fanatisme, at helgenlampane ikkje sjeldan kasta eit blafrande lys over rå vald og agelause lidenskapar.
Lidenskapanes «mørke lengslar» er då også blitt hovudmotivet i den mest dynamiske og dramatiske av alle forteljingane hans – Lady Macbeth frå Mtsensk.
Forteljinga om den lidenskaplege Katerina Ismajlova vart skriven i Kyiv hausten 1864 og trykt i Epoke, tidsskriftet til Dostojevskij året etter. Nett på den tida var den gifte diktaren sjølv blitt offer for lidenskapane; han hadde forelska seg i Katerina Bubnova, ei vakker ung kvinne med mjuke hender og uttrykksfulle auge, som kort tid etter flytta i hop med han. Men medan lidenskapane hos diktaren snart visna vekk, vaks dei seg berre sterkare og sterkare hos den oppdikta heltinna hans.
Leskov tar utgangspunkt i kjøpmannsmiljøets «mørke rike», slik han har for vane å gjere. Mtsenk var ein liten handelsby nokre få mil frå diktaren sin fødestad i guvernementet Orjól. Dette provinsmiljøet kjente han ut og inn, men på same tid stod det han fjernt nok i klasse og kultur til å gje han ein naudsynt avstand til stoffet.
Leskov har sjølv fortalt kor forferda han vart under arbeidet med denne gysaren.
Metoden med å vise at ein kunne treffe dei universale typane til Shakespeare sjølv i dei fjernaste russiske avkrokar var tidlegare nytta av Turgenev i En jegers dagbok. Her møter vi ein av dei mange Hamlet-skikkelsane i russisk litteratur. Men bortsett frå viljestyrken er likskapen mellom Katerina Ismajlova og Lady Macbeth heller liten. Mens heltinna til Shakespeare drep i maskulin aggressivitet for å vinne makt, utfører Katerina sine mord for å leve og bli elska. Resultatet er ei av dei mektigaste framstillingane av kroppsleg begjær i russisk litteratur. Med stor kraft har diktaren avliva den viktorianske myten om at seksuell lyst berre er eit mannleg fenomen.
Leskov har sjølv fortalt kor forferda han vart under arbeidet med denne gysaren, korleis skildringane av morda og skrekkscenane fekk håret til å reise seg på hovudet hans og nesten dreiv han til vanvit.

I vår tid er vi saktens blitt meir hardhuda. Men ingen vil truleg bli upåverka av forteljinga til Leskov. Og hovudgrunnen til forferdinga vår er kan hende at vi så lenge kjenner oss på parti med Katerina og Sergej. Dei er unge, vakre, dei elskar kvarandre, medan dei to første offera deira er kalde, sterile, despotiske. Trass i det heilage bod blir vi vekte til kjensler som ikkje berre lar oss tilgje morda, men som liksom gjer oss sjølve delaktige i dei.
For at rettferda skal skje fyllest, må diktaren bryte samkjensla vår med dei to elskande. Vegen ut av det moralske dilemmaet finn han ved å introdusere den unge sjukelege Fedja, ein slektning som kjem for å få sin rettmessige del av arva etter dei som har blitt drepne. Mord avlar mord, men det nye mordet som berre har pengar som motiv, tar den siste resten av glans ifrå dei to elskande. Endeleg er timen komen for straffa, straffa for den brusande krafta i det seksuelle begjæret, straffa for den syndige lukka som overskrid alt og alle.
Marsjen til Sibir blir ein patetisk kommentar til menneskeleg hån og utruskap. Og på same tid får vi eit vitnesbyrd om diktaren sitt pessimistiske syn på kampen mellom kjønna. For Leskov synest kjærleiken aldri å kunne bli noko «ta-og-gje-forhold». Det finst liksom ingen mellomting mellom despotisme og slaveri. Katerina blir vraka av den trulause elskaren sin og tar hemn ved å drukne seg sjølv og rivalinna si. Men dermed er den ironiske sirkelen slutta: ikkje berre mistar ho den kjærleiken som ho har drepe for, men også livet sjølv.
Artikkelen var først publisert som forord til Lady Macbeth fra Mtensk, Solum Forlag A/S, 1979
Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk // Foto Jens Sethzman
Portrett Geir Kjetsaa: Leif Ørnelund/Oslo Museum