Bakgrunnsartikkel

Lars Mytting debuterer på teaterscenen i Heil ved

- Eg hadde jo aldri trudd ei sakprosabok om ved skulle bli teater, sa Lars Mytting da boka hans, Hel ved, skulle bli teater. Han hadde nok heller ikkje trudd at han sjølv skulle bli ein del av framsyninga, men no skjer det også.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

- Bortsett frå at eg har vore konferansier for julerevyen på Vinstra, så blir vel dette meir eller mindre teaterdebuten min, ja, seier Lars Mytting, som no blir å sjå på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Tre kveldar fordelt over november og desember kan publikum få oppleve Lars Mytting sjølv på scenen i teaterframsyninga Heil ved, basert på boka hans.

- Det som overraska meg mest, var kor fint og sannferdig desse litt fåmælte vedhoggarane var framstilt. Det vart eit ekte uttrykk for omsorgen desse karane ber i seg. Det gjorde meg glad, seier Mytting om korleis det var å oppleve boka si på scenen første gongen. Når han no skal ta steget opp i rampelyset sjølv, vil han nok vere litt spent.
- Det er jo skummelt å stå på scenen utan at det er eit intervju, slik eg er meir van med. Men vi hadde ein liten test av dette konseptet under Børlidagane i sommar, og da blei eg overraska over kor intenst det er å stå framføre eit publikum på denne måten. Kor fort tida gjekk, og liksom flaut av garde. Det var intenst, rett og slett.

Ei ekte forteljing

Rett før han skal på scenen, vil han konsentere seg og sjå for seg kjøkenglaset heime. Der han sat og såg på den gamle naboen Ottar, som stabla sitt siste lass med ved til kjerringa for vinteren. Det er der både boka og teaterframsyninga byrjar.

- Så vil eg fokusere på at vi no skal fortelje denne historia til publikum. Det fine her er jo at det ikkje er noko forstilt. Det er sant, kvart bidige ord.

Teaterframsyninga Heil ved har alt nådd eit stort publikum. 5. november, 4. og 17. desember kan dei som finn vegen til teatersalen få oppleve framsyninga med trubadur Stein Torleif Bjella, skodespelarane Oddgeir Thune, Pål Christian Eggen, Frode Winther og Jon Bleiklie Devik, i tillegg til opphavsmannen for det heile, Lars Mytting.