Bakgrunnsartikkel

Lengtar du tilbake til sommaren?

Til den kvelden da alt stemte? Varmen, lyset, folka, musikken? Du er ikkje aleine. Skodespelar Kyrre Hellum er tilbake på jobb og i neste veke er han igjen aktuell i Arne Lygres Ikkje ein lyd. I stykket møtest ein gjeng på ei øy ute i havgapet ein sommarkveld. Vi tok ein prat med Kyrre om han har ein fersk sommarkveld han lengtar tilbake til. Og gjett kva? I sommar drog han til ei øy. Ute i havgapet. Nett som rolla han spelar på Hovudscenen fire gongar i haust.

- Har du ein stad du lengtar tilbake til, eller innimellom tenker at du kunne ha flytta til?
- Eg har jo vore mykje ved sjøen, er oppvaksen i Oslo og har fiska mykje i Oslofjorden. Men no er jo den tømt for liv, og i år fekk eg endeleg oppfylt draumen om å kome til Nord-Noreg der eg kunne oppleve havet igjen og alt livet i det. Vi var fleire familiar, på ein holme på Helgelandskysten, med utsikt til Torghatten, eit havørnrede like ved hytta, ei kvit sandstrand som vi kunne symje over til, over 20 grader i vatnet, vi kunne hente fisk i fjorden, som vi åt på kvelden. Det var heilt… ja, så da vi drog derfrå så tenkte eg at her kunne eg berre ha blitt, her kunne eg berre ha vore, kanskje aleine til og med. Men. Nei. Det er vel ein sånn flukttanke ein har, kanskje. Hahaha. Det var som å finne tilbake til den barndomsgleda over sjø og vatn igjen. Fantastisk.

Ikkje rart ein kan lengte til ein stad ute i havgapet når livet er slik. Foto: Privat

- Drøymer du iblant om eit enklare liv på landet?
- Ja, eg gjer jo det. Når ting blir heitt rundt øra. Eller, nokre gonger har eg ein dagdraum der eg kastar mange spadar opp i ein pick up og så berre køyrer eg i veg. Og så har eg tenkt på kva som ville skje dersom ein kjøpte ei tomt. Og så berre bygger du det du skal bu i. Korleis hadde det vore? Rydde seg ein gard, liksom. Eg kan jo ikkje jordbruk, så det hadde neppe vore vellukka. Hahaha.

- Var det ein sommerkveld i år som gjorde særleg inntrykk?
- Første kvelden på holmen på Helgelandskysten. Klokka var elleve på kvelden, det var 27 grader, sol, og vi tok fram fiskestanga. Altså, her er vi tre familiar som hamnar ute i havgapet, og så kan vi berre dra inn makrell, som vi tilberedte til nattmat. I badeshortsen. Det er ti meter sikt ned i vatnet. Nei, det var…

- Kva er sommarlåta 2025?
- Pa... pa…pa… paradox! Sønnen min på 9 år spilte denne låta av Marstein non stop, så det er årets sommarlåt hos oss. Det minnar meg om den pizzareklamen frå gamledagar. P... p…p… pizzafyll. På boks!

Dette er låta Kyrre Hellum hørte mest sommaren 2025. Sønnen på 9 år var familiens DJ.

Terningkast fem

For en bragd! For noen skuespillere!