Bakgrunnsartikkel

Kvardagsdrama #3

- Det er ikkje ein vanleg kveld vi kikkar inn i denne familien. Det er jo ein kveld der alt renn over, seier Toril Goksøyr. Kunstnarduoen Goksøyr & Martens er aktuelle med framsyninga BROR, det tredje fiksjonsverket i ein pentalogi som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død.

Skrive av
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

I BROR møter vi Øyvind, ein tilsynelatande heilt vanleg mann. I løpet av ei vandring ned til Aker Brygge, og frå eit stillas på Hovudscenen, får vi likevel innblikk i eit vaksenliv der ting er i ferd med å rakne.

Øyvind har deltidsomsorg for ein son på ti år, er i ferd med å miste både jobben og bustaden sin, og treng hjelp frå familien han vaks opp i. I opprinnelsesfamilien hans, som Toril Goksøyr og Camilla Martens kallar den, er det tre søstrer, ei av dei med ei funksjonsnedsetjing, ei utsliten mor og ein far på sjukeheimen. Øyvind klarer ikkje å be familien sin om støtte, det er som om han ikkje når gjennom med sine problem.

- Sjølv om BROR ikkje er noko portrett av ein spesifikk familie, så er det mekanismar i dette familieforholdet som nok dei aller fleste kan kjenne seg igjen i. Det er ofte slik at det er ein som treng meir hjelp enn dei andre. I framsyninga er det spesielt. Søskena i denne familien er så vande med å ta omsyn til andre at dei har fått problem med å fortelje korleis dei sjølv har det, og å kunne artikulere kva for hjelp dei faktisk treng, seier Toril Goksøyr.

Kvinneleg kommunikasjon

Øyvind er vaksen opp i ein kvinnedominert familie. Toril Goksøyr og Camilla Martens har finstudert korleis ein kommuniserer i ein familie, og har ein teori om at kjensler ofte blir kommunisert i eit kvinneleg språk.

- Det kan vere mange grunnar til at ein opplever at ein ikkje blir lytta godt nok til. Situasjonen som denne broren er i, opplevinga hans av ikkje å bli sett, lytta til eller vanskane han har med å formidle korleis han har det, den situasjonen er han ikkje aleine om, seier Camilla Martens. - Det finst mange menn i dag som opplever dette. Da er det veldig vanleg at vi møter ei manglande evne til å kommunisere med eit krav om å vere litt meir tydeleg. Men burde vi ikkje gå i oss sjølve og bli litt flinkare til å sjå og å lytte? Kunne det vere ein betre strategi? I møte med både vaksne menn og unge gutar. Det er ikkje berre vi som kvinner som burde bli betre til å lytte til gutar og menn når det gjeld det som plagar dei emosjonelt. Det burde vi som samfunn.

I denne familien klarer dei ikkje å sjå kvarandre, for dei er så fylt av eigne problemstillingar. Dei har i stor grad fordomsfulle meiningar om korleis dei andre er eller har det.
- Det gjer det ekstra krevjande å forstå dei ulike behova, hevdar Camilla Martens og Toril Goksøyr.

Maren Johanne Olufsen som nest minste søster, Casper Falck-Løvås som sonen Casper og Oddgeir Thune som far og minste bror, Øynind. Foto: Kim Hiorthøy.

Det vanskelege vaksenlivet

Tidlegare har Goksøyr & Martens sett opp 11 ÅR med barndommen som utgangspunkt og DOTTERA, som handla om ungdomslivet, ved Det Norske Teatret. Fjorårets vandreframsyning var eit hopp til livets sluttfase. Med BROR plasserer dei seg meir midt i livet, og tar opp utfordringar ved det å vere vaksen.
- Vi har ulike problemstillingar knytt til kven vi skal vere som vaksne menneske. Eg trur at det som vaksen mann er spesielt vanskeleg å vere ein som innrømmer at eg fiksar ikkje vaksenlivet. Mannens svakheit er kanskje ikkje noko vi har så stor plass til, seier Toril.

11 ÅR (2018, Det Norske Teatret)
11 ÅR (2018, Det Norske Teatret)
DOTTERA (2019, Det Norske Teatret)
DOTTERA (2019, Det Norske Teatret)
GÅ (2020, Det Norske Teatret)
GÅ (2020, Det Norske Teatret)
BROR (2022, Det Norske Teatret) Alle foto: Kim Hiorthøy
BROR (2022, Det Norske Teatret) Alle foto: Kim Hiorthøy

Mange opplever at ein i vaksenlivet kan gå tilbake til barndommen, for å forsone seg med minna sine og klare å plassere desse i ei samtidig sanning. Likevel kan konfliktar som finst i ein familie bli forsterka i vaksen alder. Som vaksen kan ein framleis vere eit sårbart barn i ein søskenflokk, eller i forholdet til foreldra sine. Og dette kan spisse seg til etter kvart som tida går. Eksisterer det utfordringar i ein familie, kan desse bli forsterka. Da blir det også gjerne meir synleg og får konsekvensar.
- Er det nokon som blir angripne i denne framsyninga, så er det jo mor, seier Toril Goksøyr, og legg til at det er jo det som er så hardt ved å vere mor.
- Ho får jo som regel skylda for ting. Erfaringsmessig tenker eg at slik er det, og eg håpar ein får litt sympati for henne i denne framsyninga.

I denne familien er det mannen, eller broren i søskenflokken, som lir under at mor har hatt for tunge omsorgsoppgåver.
- Når ein lever i ein familie med eit søsken som har spesielle behov, så er det ingen tvil om at det kostar noko. Det er også klart at dersom ein som vaksen opplever ei livskrise, da er det klart at ein merkar på ein annan måte at opprinnelsesfamilien din ikkje kan tilby deg noko. Og du blir konfrontert med at du ikkje heller tør eller klarer å be om hjelp. Det blir tydeleg for ein sjølv og alle der ein kjem frå, seier Camilla Martens.

- Gjennom å starte framsyninga med ei lydvandring plasserer vi publikum nesten inn i kroppen på hovudkarakteren, publikum blir eit slags medium, og vi forskar i korleis vi kan kome heilt tett på hans tankestraum. Det er eit interessant arbeid å utvikle.

FRI (2015, Nationaltheatret) var den første oppsetjinga der Goksøyr&Martens nytta stillas. Foto: Kim Hiorthøy.

Nærdistanse som metode

Som i 11 ÅR og DOTTERA blir publikum i BROR plassert i stillas 4 meter over bakken. Frå den vinkelen følgjer dei historia inne i kvadratet som stillaset rammar inn, men ved hjelp av lyd som publikum får gjennom øyreklokker, kan regiduoen styre kva publikum får med seg av dialog. Denne gongen koplar dei lydvandringa frå GÅ til den totale opplevinga. Denne samanblandinga av teater og det særskilte perspektivet, har ført til nye måtar å presentere teaterframsyningar. No har dei utvikla metoden ytterlegare.

- Gjennom å starte framsyninga med ei lydvandring plasserer vi publikum nesten inn i kroppen på hovudkarakteren, publikum blir eit slags medium, og vi forskar i korleis vi kan kome heilt tett på hans tankestraum. Det er eit interessant arbeid å utvikle.

Kjensla av å vere i teateret blir utfordra. Publikum får ein slags sniklyttar- og kikkarposisjon der dei kan observere daglegdagse hendingar som likevel er styrt frå regipulten. Dialogen, spelet, samhandlinga mellom karakterane og det tilsynelatande normale i alt som skjer, forstørrar livet sjølv. Og plasseringa både gjennom lydvandringa og seinare langt over bakken i stillaset, gjer at det er umogleg å bryte inn. Metoden dei nyttar kallar dei for nærdistanse og hevdar at det moderne menneskets blikk er nærdistansert.

- Vi lever i ein visuell kultur som presenterer oss for dronen sitt overblikk like raskt som vi kan gå inn i detaljane på berre eit kjapt klikk. Vi lager nærdistanserte framsyningar som sørger for at du som publikum både kan få nærbildet via lyden og overblikket via dette stillaset som sørger for fugleperspektivet. Til saman gir dette uttrykket noko som korresponderer med ein visuell metode som vi møter kvar einaste dag, avsluttar Camilla Martens.

Toppfoto: Siren Høyland Sæter