Den prisløna filmatiseringa til Andrej Tarkowskij blir rekna blant dei beste i sin sjanger. Romanen blei også filmatisert i 2002 i Steven Soderberghs regi med George Clooney i hovudrolla som Kris Kelvin.
Sceneteksten til Solaris er ei ny omarbeiding av romanen av dramatikar David Greig. På Det Norske Teatret var han ein av bidragsytarane til storhendinga Andre Verdskrigen – natt i verda. Greig har også dramatisert Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken, basert på Dahls bok ved same namn, som gjekk på Det Norske Teatret hausten 2019 og våren 2020.
Toppfoto: Frå filmen Solaris av Andrej Tarkowskij. Moviestore/REX / Shutterstock editorial / NTB.