Solaris
av Stanislaw Lem
Regissør Peer Perez Øian, skodespelar Ane Dahl Torp og musikar Sjur Miljeteig samarbeidde om den kritikarroste framsyninga Solaris korrigert i 2016. No skal dei igjen ta for seg ein framtidsfabel om mennesket i møtet med framand intelligens.
Psykolog Kris Kelvin kjem til romstasjonen for å hente heim besetninga. I meir enn to år har forskingsprosjektet studert planeten Solaris, eit levande og tenkande hav. Men mannskapet om bord har begynt å oppleve merkelege hallusinasjonar. Det verkar som planeten forsøker å kontakte dei. Minne frå fortida manifesterer seg i fysisk form, som speglingar av deira indre traume. Ein har tatt sitt eige liv, og lagt igjen ei åtvaring til Kris.
Det tek ikkje lang tid før Kris sjølv begynner å sjå spøkelse frå fortida. Er simuleringane verkelege, eller er det planeten som forsøker å kommunisere med Kris? Kven er det eigentleg som blir studert?