Bakgrunnsartikkel

Komponist med mange talent

Sol Heilo skal setje tonane til Den uendelege historia.

Komponisten og multiinstrumentalisten er nok mest kjent frå bandet Katzenjammer som hadde enorm suksess, også internasjonalt, men for regissør Peer Perez Øian var det heilt sentralt at Heilo også har vist at ho har ein særeigen teft for musikk med sterk formidlingskraft og dramaturgi. Ho har forvalta og foredla den kjente musikken i Egners Kardemomme by med kløkt og vidd og har utvilsamt eit godt handlag med målgruppa. Med Katzenjammer turnerte ho verda rundt og trakterte bassbalalaika, ukulele, fløyte, banjo, trekkspel, kakeboksar, trommer, tamburinar, mjølkespann, kazoo og eit utal andre instrument.

Etter tida i Katzenjammer har artisten utforska nye og andre kunstnarlege uttrykk. Det blir garantert gøyale rytmar, uventa instrumentbruk, overskot og energi når Heilo går til verket. Breidde i uttrykk og sjangrar har ho i alle fall vist at ho meistrar. Og for dei som forbind tittelen Den uendelege historia med EIN song frå 80-åra, så er det vel ikkje heilt usannsynleg at det kjem ein ny allsongfavoritt ut av dette samarbeidet. Kven veit?