Bakgrunnsartikkel

Kan ein lære noko om livet av popmusikken? Are Kalvø trur det.

Music you're making me blue While I'm alone without you (FRDavid, Music, 1983)

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Det finst kunst som er i livet vårt, anten vi vil eller ikkje. Når Are Kalvø no er aktuell på Scene 2 med framsyninga Toppar VG-lista er det for å gjere oss merksame på denne kunsten. Som altså finn vegen til oss utan at vi vil det. Som vi ikkje treng å oppsøke, men som berre pressar seg på. Og nettopp fordi vi alle blir utsette for denne kunsten, trur Are Kalvø at det er viktig å høyre etter kva han er eit uttrykk for. For i motsetnad til alle andre kunstuttrykk er dette eit bidrag til den allmenne danninga, uavhengig av kven du er. Popmusikken følgjer deg gjennom livet – på kafé, i bursdagsfeiringar, i bryllaup, ja, på dei fleste sosiale arenaer er det nettopp popmusikken som styrer stemninga.

- Uansett kor lite interessert du måtte vere i musikk, så gjer den musikken eitt eller anna med deg, og fortel deg noko om kven du var og kva du kjende da du høyrde akkurat den låta, seier Are Kalvø.

- Du kan ta kva song som helst som ein gong har vore populær og han vil seie deg eitt eller anna om livet.

- Vi skuldar populærmusikken, som har ein så stor plass i så mange sitt liv, å ta han alvorleg nok til å gi han ein time og tjue minutt på Det Norske Teatret. Der skal vi gå i djupna og gjere eit seriøst forsøk på å sjå om vi kan lære noko om livet av det som nokre kallar dum popmusikk og det som andre kallar morosam popmusikk. Begge delar er med i framsyninga.

Are Kalvø ler og ser ut slik vi kjenner han best. Den eine augneblinken heilt alvorleg, i den neste brest andletet og slik understrekar han poenga sine tydeleg og likevel utan heilt å gi til kjenne kva han sjølv eigentleg meiner. For er det eitt felt der alvoret ligg basstungt over preferansane, så er det nettopp i musikken. Men ikkje på VG-lista, den gjævaste hitlista i kongeriket. I snart 63 år har VG-lista nemleg fortalt kva for musikk det norske folk faktisk har lytta mest til. Ikkje kva dei påstår er dei mest høgakta låtane. I starten omfatta lista dei ti mest selde singlane i 25 norske platebutikkar. Etter kvart kom ytterlegare 45 forhandlarar inn og frå 2011blei også digitale kjøp, strøyming og radiospeling inkludert i oversynet. VG-lista er med andre ord eit barometer på norsk musikksmak gjennom generasjonar. Ei historisk innsikt i kva rytmar og riff det norske folk har omfamna, nynna til, opplevd som «sin» song og kasta seg hemningslaust inn i dansen til. Ligg det ei forteljing om den norske folkesjela her? Are Kalvø sette seg ned og spelte 10 songar frå VG-lista på såkalla shuffle play, at dei kjem i tilfeldig rekkefølgje. Det har det blitt ei framsyning av.

I researchen til denne framsyninga har Are Kalvø lese seg gjennom VG-lista gjennom mange tiår. Foto: Eirik Malmo

- Det har ein verdi, minst ein gong i livet å ha latt seg totalt rive med av noko som du sannsynlegvis kjem til å vere flau av sju år seinare. Eg synest at du ikkje har levd heilt, viss du aldri har gjort det, seier Are Kalvø. – Men musikk er ikkje berre den eine songen. Musikk er kor du høyrde han, i kva for miljø og kor mange andre som likar same songen. Kor gamal du er og kvifor du høyrer på han, har også betydning. Det er noko av det eg prøver å få fram med denne framsyninga: Dette er ein teit, rar song, kan eg analysere denne teksten, eller er det berre dumt? Og kvifor i alle dagar blei akkurat denne songen ein av dei mest populære songane i Europa akkurat den gongen det skjedde? Kva var grunnen? Nokre svar finn eg i framsyninga, andre gongar snakkar eg meg berre vekk.

Are Kalvø skal innom politikk, religion, krisehandsaming, kjærleik, hat og vennskap. Alt er basert på ei liste over songar som har det til felles at dei har lege øvst på VG-lista. Det er ingen løyndom at dit har litt av kvart funne vegen. Tullesongar og pompøse balladar, dansehits og rockebrøl, pop-perler og evergreens. Songar som det er umogleg å sjå føre seg skulle hamne på topp. For det er inga oppskrift for å toppe VG-lista. Grunnen til at du hamnar der er både tilfeldig og kanskje litt bestemt av trendar, hendingar og sesongar. At ein låt blir liggande øvst på VG-lista er heller ikkje alltid eit teikn på at han har nokre gode musikalske kvalitetar, men også her er spriket stort. Og ofte er låtskrivaren like overraska over populariteten som musikkpolitiet. Kva som blir ein udødeleg hit er beint fram eit mysterium.

Are Kalvø på scenen med Julie Støp Husby. Foto: Magnus Skrede

Are Kalvø har alltid vore fascinert av musikk. I oppveksten på Stranda kjende han seg langt unna det meste, og kanskje særleg populærkulturen. Som på dei fleste småstader rundt om i landet var tilgangen på «verda» med alle sine impulsar, lydbilde og fargekart nokså avgrensa. Som ung bygdegut i storbyen gjekk han inn for å lytte til såkalla kvalitetsmusikk. Da var det gjerne musikken frå det førre tiåret eller «dei tidlege albuma til» som strøymde gjennom anlegget. Men det er ei stund sidan no. I dag er han ikkje spesielt opptatt av den «riktige» musikken og skulle kanskje ønske at han hadde gått meir opp i popmusikken da han var ung. Tatt han meir på alvor, lytta meir intenst. Likevel – det er aldri for seint.

Han fekk ei fornya interesse for popmusikk og – ikkje minst – den nye popmusikken gjennom den gamle vennegjengen. I motsetnad til dei fleste menn rundt 50, som årleg drar på hyttetur, et godt, drikk for mykje og høyrer på den musikken dei høyrde på som unge, har Are Kalvø sin flokk ein årleg fest der dei berre lyttar til ny musikk.

- Det har sjølvsagt utvikla seg ein konkurranse i gruppa om å vere den som har oversikt over den beste nye musikken. Og som eit resultat av dette har jo denne gjengen begynt å følgje med på den nye musikken på ein måte vi ikkje gjorde før.

- Vi er veldig oppdaterte, rett og slett!

Are Kalvø innrømmer at han er blant dei som bidreg med mykje listepop. Både frå VG-lista og internasjonale charts.

I researchen til denne framsyninga har han lese seg gjennom VG-lista gjennom mange tiår. Ikkje berre har hitlistene fungert som ei slags historiebok, der han har komme over historiske hendingar og songar som blei laga for spesielle anledningar, men også som ei slags meir personleg dagbok der stemningar i tida brått blei tydelege. - Ein periode var veldig fargerik og hadde høgt hår, ein annan var svartkledd og tøff i trynet. Eg var overraska over i kva grad eg kunne flytte meg gjennom periodar i livet ved å hoppe fram og tilbake i det musikalske. Og no med strøyming er jo heile musikkhistoria så lett tilgjengeleg at det er enkelt å gjere desse stemningsskifta, eller reisene fram og tilbake i tid, seier han før han avsluttar med ei innrømming.

Han har leita i eiga historie, for å finne det han høyrde på som ikkje var høgakta den gongen og som heller ikkje på noko tidspunkt har komme igjen og vist å stå seg som popmusikk det var interessant å lytte til.

- Eg må medgi at eg i ungdommen høyrde på F R David. Music. Og så var det ei dame som heiter Louise Tucker. Ho var operasongar, og song klassikarar til synthkomp. «Hiten» var basert på Beethoven. Det var stort, veldig pompøst, og dette høyrde eg mykje på, åleine, på rommet mitt, på Stranda.

Are Kalvø ler. Igjen.

- Du kan ta kva song som helst som ein gong har vore populær og han vil seie deg eitt eller anna om livet, det er ein slags påstand eg trur på, seier han. Med overtyding.