Bakgrunnsartikkel

Johannes Holmen Dahl

Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. Saman med scenografpartnaren Nia Damerell har han markert seg med store, monumentale og kritikarroste framsyningar.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

På Det Norske Teatret er det særleg urpremieren av Arne Lygres Tid for glede (2022) som blir hugsa. Gjennom eit modig regigrep løfta han fram Arne Lygres tekst slik at det fann gjenklang i eit stort og begeistra publikum. Meir enn 30.000 menneske fann fram til teatersalen i det pandemien sleppte grepet. Estetikken, leiken, det overdrivne og kontrastane i fargeval gav ein overraskande effekt og gjorde at teateropplevinga kjentest heilt annleis, overraskande og ny.

Johannes Holmen Dahl lånar frå tradisjonane, plukkar frå popkulturelle reiskapslager og fører saman det nye, det gamle og det uventa i eit regigrep som både er utfordrande og lett tilgjengeleg. På Det Norske Teatret har han tidlegare også sett opp klassiske tekstar som Antigone, Kirsebærhagen, Persona og Moby Dick. Dei seinare åra har også framsyningane Hamlet, Jordbærstedet og Peer Gynt ved Nationaltheatret vore store kunstnarlege sigrar og publikumsdragarar.