Kjersti Tveterås er glad i byrjingar. I opphavet til eit nytt prosjekt er ingenting øydelagt og alt framleis mogleg, tenkjer ho. Flaks da, at det var teateret ho enda opp i. Fleire gonger i året kan ho klyve inn i eit nytt ensemble, ei ny rolle, eit nytt univers og starte på nytt. Til våren skal ho til overmål klyve inn i eit nytt teater. Meir byrjing blir det knapt.
Til vanleg er ho å sjå under gullbogen på Nationaltheatret. Dei siste tolv åra har ho vore skodespelar der. Mange har sett henne i roller som Jane Eyre, som ho fekk Heddaprisen for, Morten skogmus i Hakkebakkeskogen og no sist som Veslemøy i Haugtussa. Men til våren skal ho gå nokre få hundre meter austover og debutere på det nynorske nasjonalteateret. Det er ei byrjing ho ser fram til.
- Eg gler meg veldig til å treffe mange nye folk. Og så gler eg meg til nynorsken. I Haugtussa spelte eg på nynorsk og det trefte meg på ein annan måte som overraska meg. Kanskje er det fordi Arne Garborg var frå Jæren, der eg også kjem frå, og mange av orda er henta rett frå mi dialekt. Språk er jo knytt til emosjonane, det ligg så nært oss.
No skal ho boltre seg i språket til Halldis Moren Vesaas og hennar gjendikting av William Shakespeare. Tveterås skal inn i eventyrskogen i Ein midtsommarnattsdraum, der ho skal vere urokråka Puck. Det er ein skøyaraktig skogalv som utløyser ei lang rekke kjærleiksforviklingar når safta frå ein magisk blome blir gitt til feil person.
Kjersti Tveterås gler seg til å spele teater på nynorsk i Ein midtsommarnattsdraum. Foto: Magnus Skrede
Den mystiske latteren
Ein midtsommarnattsdraum er ein av Shakespeares mest kjende og spelte komediar. Tveterås tenkjer at humor kan vere både spontan og avvæpnande. Nokre gonger kan ein lettare komme til eit alvor gjennom humoren. Men den hjartelege latterkrampen, den er litt mystisk.
– Latter er ein utruleg ærleg reaksjon. Vi kan jo småle høfleg, men ein ekte latter sit djupt. Den kan du ikkje fake. Sjølv føler eg meg veldig levande når eg ler mykje.
Ho ler ofte på jobb. Men akkurat kva ho sjølv synest er morosamt, er ho ikkje heilt sikker på. Av og til kan to blikk som møtast vere nok til å bryte ut i latter. For å vere kreativ treng ein å ha det godt, tenkjer ho. Som skodespelar er målet alltid å komme til ein stad der ho tør meir og ler meir.
– Det er veldig mykje som er flautt med å vere skodespelar. For å finne noko bra, må du gjere veldig mykje flautt først. Da må du lage eit rom der det er lov til å vere dårleg, der du ikkje er redd for å teste ut ting. Du må tole det frå både seg sjølv og andre.
Da Kjersti såg rollelista og dei ho skal dele scenen med i Ein midtsommarnattsdraum, tenkte ho «YES!» Nokon hadde ho jobba med før, andre ikkje. Ho tenkte at dette er ein god gjeng.
– Det er litt rørande med oss teaterfolk, at vi kvar gong trur på det vedunderlegaste. Nokre gonger får vi det til. Andre gonger ikkje. Men vi går alltid heilhjarta inn i eit nytt prosjekt.
Å elske det uperfekte
For Kjersti er teater ei øving i å elske det uperfekte. Det er alltid noko som kunne vore annleis eller som ikkje gjekk som det skulle. På scenen står det menneske av kjøt og blod som risikerer noko ved å stå der. Kanskje drit dei seg loddrett ut. Men sårbarheita som ligg i det, har ein verdi. I vår tid, der det perfekte synast å vere idealet, er det uperfekte noko Kjersti Tveterås heiar på.
I epilogen til Ein Midtsommarnattsdraum deler Puck ei von om at publikum finn kveik «i vår lette alveleik». Kjersti Tveterås er redd at ho høyrest litt nyfrelst ut, men trua på teateret er heilt ekte.
– Teateret er eit humanistisk prosjekt. Til alle tider har menneske fortalt historier. Det er ein måte å forstå seg sjølv på. Eg synest alltid at det skummelt å møte publikum, men når ein kjenner at sal og scene blir foreinte, er det ei magisk greie. Viss vi får til det fellesskapsprosjektet teater kan vere, kjennest det som ein er med på noko større enn seg sjølv.
No skal ho invitere publikum med seg inn i eventyrskogen, til alveleik, draumar, noko lett luftig og skimrande. Det er klart Kjersti Tveterås gler seg; det kan jo bli magisk.
Når sal og scene blir foreinte, er det ei magisk greie for Kjersti Tveterås. Da kjennest det som ein er med på noko større enn seg sjølv. Foto: Magnus Skrede.