Bakgrunnsartikkel

Møt Ina Svenningdal

Ho entra scenen tidleg og voks opp med å spele Putti Plutti Pott for mange tusen publikummarar kvar jul, i tillegg til at ho etter kvart blei med i NRK-serien Jul i Svingen, og hennar song frå serien er fast følgje i juleførebuingane i mange heimar. No ser ho fram mot å spreie musikalglede med Biten av musikal!

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Kva er Biten av musikal?

- Ein liten heilaftan med mykje ein elskar og har høyrt før - og mykje ein kanskje ikkje har høyrt før - frå musikalverda.

Kven er Biten av musikal perfekt for?

- Deg som har kjærleik for musikalar.
Deg som ikkje har eit så nært forhold til musikalar, men berre vil bli kjend med dei – eller deg som berre er nysgjerrig!
Ein kan gå i lag med nokon – eller ein kan også heilt fint oppleve dette aleine, saman med dei andre i salen.

Kva er det beste musikalminnet ditt?

- Eg har vakse opp med ei mor som er veldig glad i musikalar, så ho har tatt meg med frå eg var lita. Og da eg var på studietur i London på vidaregåande, enda eg opp med å gå på Les Misérables åleine, for ingen andre ville vere med. Og da sat eg i tre og ein halv time aleine og gret. Og det er kanskje ei av dei beste musikalopplevingane eg har hatt. Å sjå den musikalen heilt for meg sjølv og heilt i mine eigne tankar.

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

Eg er blitt godt kjend med ein musikalkarakter i det siste, så eg kan jo seie at eg assosierer meg ganske godt med Anna frå Frost. Litt sånn distre og surrete, glad i livet, og synest eigentleg alle menneske er ganske hyggelege.

Ina som Anna i Frost på Det Norske Teatret.

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

Det må kanskje vere Memory frå Cats. Det er også ein musikal som sit djupt i minnet mitt og alltid vil vere der.