Bakgrunnsartikkel

I kamp med seg sjølv

Mimmi Tamba kjente seg fanga i ei rolle ho måtte bryte ut av. Slikt blir det stor musikk av.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

30-åringen med norsk-senegalesisk bakgrunn hadde lenge gått med kjensla av at noko ikkje stemte. Ho bestemte seg for å gå inn i seg sjølv, for å finne ut kva som plaga henne. Forventningane frå samfunnet, men ikkje minst frå henne sjølv, korresponderte ikkje på noko vis med den ho ville vere.

– Da laga eg albumet Semper Eadem. Eg måtte bryte ut av min eigen stereotypi og utforske ein bås som kanskje ikkje finst, seier Mimmi. – Stereotypien, eller forventninga frå omverda, var at dei såg for seg at eg skulle ligge tett på RnB-sjangeren eller soul. Kanskje fordi eg ser ut som eg gjer, og at stemma mi passar til det. Men eg hadde lyst til å gjere noko heilt anna. Da handla skuffelsen frå dei rundt meir om: «Kor er det afrikanske, eller det norske?» Eg sleit lenge med å lage musikk, og fekk skrivesperre. Eg visste ikkje heilt kven eg var, eg kjente meg litt fanga mellom to verder.

Det resulterte i albumet der ho altså bryt med forventningane og tar eit tematisk oppgjer med rollene ho ofte har blitt tildelt. Semper Eadem karakteriserer ho som renessansepop, ein sjanger ho nærast har funne opp sjølv, og som femner mange ulike musikkformer.

– Der kjenner eg meg fri, seier Mimmi. – Eg har forska på meg sjølv, mine eigne demonar. Og så har eg komme fram til dette albumet, som er veldig variert. Det er ei reise der eg går frå å kjenne meg fanga til å bli født på ny.

Semper eadem var mottoet til dronning Elisabeth I og betyr evig den same. At Mimmi Tamba valde same tittel på sitt debutalbum, er ikkje tilfeldig. I utviklinga av albumet fann ho både trøyst, inspirasjon og motstand i renessansen og i ho som etter kvart blei ei sjelesøster, Elisabeth I.

– Renessanse tyder «født på ny», og det passar godt til den utviklinga eg har hatt gjennom arbeidet med musikken. Elisabeth fascinerer meg. Ho regjerte lenge, aleine. At ho aldri gifta seg, er også interessant. Ho var interessert i mote og eigde visstnok rundt 2000 kjolar. Ho var sterk og hadde ein tydeleg framtoning. Ho brukte mykje sminke, produkt som både gjorde henne vakker og spesiell, men som også skada huda hennar slik at ho utan sminke såg alvorleg medtatt ut. Eg synest det er sterkt å tenke på henne i det spennet. Den enorme avstanden mellom den offentlege personen og den avkledde kvinna.

Det er ei reise der eg går frå å kjenne meg fanga til å bli født på ny.

Semper Eadem er første delen i ein trilogi som Mimmi Tamba har gitt tittelen Shadow Work. Etter utgivinga i 2020 var mottakinga strålande. Terningen landa på 6 i Dagsavisen, og albumet blei også nominert til den gjeve Spellemannsprisen i open klasse. No tar Det Norske Teatret dette rike og symboltunge verket til scenen og lagar ein visuell og eksplosiv konsertversjon med sterk inspirasjon frå den første elisabethanske tidsepoken. Det blir korsett, krinolinar, kuplar og fargesterk detaljrikdom i eit rått konsertuttrykk.

– Eg er dramatisk som person, men også veldig kjenslevar. Renessansen rommar begge delar. Det er lov å vere kjempestor, men også hudlaus. Vi held ikkje noko tilbake no. Det blir pomp og prakt, men også det motsette, seier ho om det som vil falde seg ut i scenerommet.

Mimmi Tamba er eg-figur i stykket, og på scenen står ho saman med skodespelar Heidi Gjermundsen Broch, som blir både spegelen og motsatsen til henne sjølv. Ein kamp utspelar seg mellom to karakterar, som eigentleg er ein og same person. I denne splitta tilstanden går kampen om “sjølvet” føre seg.

– Eg har jo aldri hatt kjensla av å høyre heilt til ein stad. Og det er eg jo ikkje aleine om. Det er mange som har det slik. Og det er heilt greitt. Eg kjem nok alltid til å ha den kjensla. Det trur eg kan gjere framsyninga aktuell og interessant for mange, om eg skal vere ærleg. Når publikum går ut av teatersalen, håpar eg dei har vore med på noko eller oppdaga noko ved seg sjølv, som dei kan ta med seg vidare. At dei er forandra, på eit vis, avsluttar Mimmi Tamba. – For det er berre du aleine som kan bestemme kven du er, og kanskje må du kjempe litt for å finne ut kven det er. •


Artikkelen er publisert 7. november 2022.