Bakgrunnsartikkel

Møt Hans Magnus H. Rye

Han har vore dansande mormonar i The Book of Mormon, ufordrageleg gamer i Charlie og sjokoladefabrikken og sjalu ektemann i Lazarus av David Bowie. Spennet i musikalroller er stort. No skal Hans Magnus Hildershavn Rye framføre både kjente og ukjente låtar frå musikalhistoria til Det Norske Teatret i Biten av musikal!

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Kva er Biten av musikal?

- Biten av musikal er ein stor fest der vi skal gjere nokre herlege nummer frå musikalar og musikkteater som har vore spelt her på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

- Det er eit stort musikalsk spenn i løpet av desse hundre åra med musikkteater. Eg skal ærleg innrømme at mykje av denne musikken har eg aldri sunge før, og noko av det har eg vel aldri høyrt før heller. Så det blir kjempespanande og veldig gøy!

- Det blir noko for ein kvar smak!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

- Eg vil påstå at Biten av musikal er perfekt for alle. Du kjem sikkert til å høyre noko som er heilt nytt for deg, men det kjem også til å vere ein god dose nostalgi i dette rommet. Det blir noko for alle! Viss du ikkje finn noko du liker i Biten av musikal, så kan du få pengane tilbake! Kan eg seie det?

Cynthia Erivo spelte rolla som Celie Harris i The Color Purple i London i 2013, og same rolle på Broadway i New York to år seinare. Ho mottok Tony Award for beste kvinnelege skodespelar i musikal for denne rolla. Foto: Menier Chocolate Factory

Kva er det beste musikalminnet ditt?

- Eg får med ein gong lyst til å seie fleire ting. Men om eg skal velje eitt minne, så må det bli musikalen The Color Purple som eg såg på The Menier Chocolate Factory i London. Dette var i 2013 og eg hadde aldri sett noko liknande. Det var musikkteater på sitt aller beste, der skodespel og musikk jobbar med kvarandre og på ein saumlaus måte formidlar ei så utruleg sterk historie. Det var vanvitig vakkert og noko av det mest gripande eg har sett. Det var også fyrste gong eg såg skodespelar Cynthia Erivo på ein scene, og det tok meg mange timar å hente meg inn igjen etterpå.

- Det tok meg mange timar å hente meg inn igjen etterpå.

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

- Det er eit gøy og spesielt spørsmål. Det er mykje å ta av, og eg må passe meg, for eg har jo lyst til å velje noko som er skikkeleg kult, og så tenkjer folk at «Å, ja, du trur du er sånn?» Men eg seier Mr. Wormwood i musikalen Matilda. Det er ei rolle eg var understudy for på Folketeateret for ei tid tilbake. Det er ein gøy karakter. Ikkje at eg er sånn som Mr. Wormwood… Det hadde jo vore forferdeleg! Og kriminelt.

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

- Den musikallåta som har betydd mest for meg er «Being alive» frå musikalen Company av Stephen Sondheim. Det er eit fantastisk stykke musikk og tekst. Den handlar om å tørre og bli glad i nokon andre og la nokon andre ta del i sitt eige liv, og å ta eventuelle konsekvensar av det. Det er ein nydeleg song.