Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Villanda

Løgner og forteiingar gjennomsyrer familien Ekdal i generasjonar. Familievennen Gregers vil bringe sanninga fram i lyset.

Familien Ekdal består av far Hjalmar, mor Gina og dottera Hedvig på 14 år. I tillegg bur faren til Hjalmar med dei. Etter mange år kjem familievennen Gregers Werle tilbake til heimbyen. I trua på at det vil føre både familien Ekdal og hans eigen familie over i eit betre spor, har han bestemt seg for at sanninga om hans eigen fars innverknad på den ekdalske familien må fram i lyset. Berre på den måten kan Hjalmar, Gina og dotter deira Hedvig få eit lykkeleg liv fritt for løgner.

Mest spelte Ibsen-stykke

Villanda har hatt ein særeigen posisjon innan norsk og internasjonal teaterkunst sidan stykket blei sett opp første gongen i 1885. Da Villanda kom i bokform i 1884 var kritikarane og publikum totalt forvirra av den nye blandinga av symbolisme og realisme, tragedie og komikk. Men etter urpremieren på Den Nationale Scene i Bergen året etter, slo kritikarane fast at det var ein suksess. Og historia om familien Ekdal er eit av dei mest spelte skodespela av Henrik Ibsen.