Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Hedda Gabler

Avsløring! Hedda Gabler skyt seg til slutt. Men – kva er det som leier opp til den ulykksalige lagnaden hennar? Her er ein kjapp gjennomgang av kven og kva i Hedda Gabler!

Hedda Gabler og Jørgen Tesman er nett komne heim frå ei lang bryllupsreise. Hedda er ei overklassekvinne og har vakse opp i lag med faren, General Gabler. Når ho no flyttar inn med Jørgen i huset han har kjøpt til dei, har ho blant anna med seg det einaste ho har arva etter faren: To pistolar. Generalen har nemleg ikkje etterlate ei formue til dotter si, så Hedda har vore nøydd om å finne ein mann til å forsørge seg.

Jørgen Tesman er forskar og stipendiat i kulturhistorie. Han har til felles med Hedda at han er vaksen opp utan mor. I staden har han blitt oppdratt av Juliane Tesman, tante Julle, og tante Rina. Berte er tenestejenta deira. Jørgen har ein akademisk status, men kjem frå eit lågare sjikt i samfunnet enn Hedda. Han har måtte grave djupt i lommene for å gi henne huset ho har drøymt om, og heile deira framtid kviler på at han no skal få stillinga som professor ved universitetet.

Hedda Gabler - no Hedda Tesman (Jae Nyamburah).
Hedda Gabler - no Hedda Tesman (Jae Nyamburah).
Jørgen Tesman, kulturhistorikar med utsikter til professorstilling ved universitetet. (Emil Johnsen).
Jørgen Tesman, kulturhistorikar med utsikter til professorstilling ved universitetet. (Emil Johnsen).
Tante Julle (Juliane Tesman) har oppdratt Jørgen. (Geir Kvarme).
Tante Julle (Juliane Tesman) har oppdratt Jørgen. (Geir Kvarme).
Berte, tenestejente (Kirsti Refseth). Foto: Pernille Sandberg.
Berte, tenestejente (Kirsti Refseth). Foto: Pernille Sandberg.

Kort tid etter dei er komne heim, kjem Thea Elvsted på besøk. Både Hedda og Jørgen kjenner Thea frå ungdomsåra og no har ho reist frå mann og stebarn for å fortelje at Eilert Løvborg er tilbake i byen.

Eilert Løvborg er også kulturhistorikar, men meir av ein levemannn enn sin kollega Jørgen. Løvborg og Hedda har har hatt ein flørt i fortida, men han har i mange år levd eit utsvevande liv og ikkje vore til å rekne med. Medan Hedda og Jørgen har vore utanlands, er imidlertid Løvborg blitt tørrlagd og har gitt ut ei suksessrik bok. No samarbeider han og Thea om eit nytt storverk som ho omtalar som deira felles barn. Det går gjetord om kor banebrytande tankegods han kjem med i dette vitskaplege verket, og det finst berre ein versjon av manuset.

Når Assessor Brack gjer sin entré, har Hedda, Thea og Tesman nett sendt bod etter Eilert Løvborg. Brack, som var ein ven av General Gabler, har hjelpt Tesman med lån til hus og heim, og kan no fortelje at Løvborg også er aktuell til stillinga som professor ved universitetet. Dette gjer at heile tilværet til Hedda og Tesman vaklar.

Idet Eilert Løvborg kjem på besøk til Hedda og Tesman, skal Brack og Tesman i gang med eit drikkelag og inviterer no Løvborg med. Løvborg, som forsøker å halde seg edru, avslår først, men blir etter kvart overtalt av Hedda, og blir med dei ut likevel.

Fru The Elvsted har forlate mannen sin for å hjelpe Løvborg. (Kjersti Dalseide).
Fru The Elvsted har forlate mannen sin for å hjelpe Løvborg. (Kjersti Dalseide).
Eilert Løvborg, bohemsk akademikartype (Preben Hodneland).
Eilert Løvborg, bohemsk akademikartype (Preben Hodneland).
Assessor Brack. Assessor er ein slags dommar. Assessoren har sine eigne planar for Hedda (Kyrre Hellum). Foto: Pernille Sandberg.
Assessor Brack. Assessor er ein slags dommar. Assessoren har sine eigne planar for Hedda (Kyrre Hellum). Foto: Pernille Sandberg.
Videoinstruktør Mads Sjøgård Pettersen er til stades under heile framsyninga og filmar alt som skjer. Foto: Ole Herman Andersen.
Videoinstruktør Mads Sjøgård Pettersen er til stades under heile framsyninga og filmar alt som skjer. Foto: Ole Herman Andersen.

Hedda: Eg vil ein einaste gong i livet mitt ha makt over ein menneskelagnad.

TESMAN 
Skote seg! Skote seg i tinningen! Tenk det! 

BRACK 
Men, gud forbarme seg – slikt noko gjer ein då ikkje.