Bakgrunnsartikkel

Handlinga i GÅ

Ved hjelp av ein berbar avspelar vil publikum bli rettleia frå Oslo sentrum til St. Hanshaugen.

Stemma på avspelaren tilhøyrer ei kvinne, og ho snakkar til deg som om du er henne. Stemma ber deg ta til høgre eller venstre, ho ber deg om å sjå opp for ein syklist, eller stoppe for å lytte til sjukebilen som fer forbi. Stemma ber deg halde fram gjennom Slottsparken, ut på Riddervolds gate, bort til Bislett og opp til St. Hanshaugen. Du blir bedd om å gå ned mot den jødiske synagogen, krysse Waldemar Thranes gate og halde fram inn Westye Egebergs gate.

Stemma fortel deg om augneblinkar som fann stad i dag, men også om hendingar frå nær fortid. Stemma får deg til å senke tempoet, og ho ber deg om å legge merke til grusvegen som endar mellom gravsteinane på høgda.

Du heldt ikkje rundt henne. Du såg ikkje korleis fingrane dine sette merke på huda hennar da blodsirkulasjonen stansa. Ho gjekk ikkje inn i døden med dine fingermerke på overarmen. Du opplevde henne ikkje død, så det kunne du ikkje gråte for, ikkje sant?