Framsyninga markerte eit vatnskilje på Det Norske Teatret. For første gong trekte eit stykke ny, norsk dramatikk, som verken var barneteater, musikal eller komedie, hordar av publikum til Hovudscenen. I tillegg blei dette framsyninga som fekk publikum tilbake til teateret etter ein lang pandemi. Også landets teaterkritikarar fekk livsgnisten tilbake. NRKs Karen Frøysland Nystøyl utropte framsyninga - på Dagsrevyen - til årets beste framsyning allereie i februar 2022:
«Etter to år med pandemi ga den meg trua på livet, mennesket og samfunnet – på at det finnes glede og at vi kan velge det gode i livet vårt. Og så er det en vidunderlig scenisk framstilling.»
«Det er mektig teaterkunst»
Under Heddaprisane hausta framsyninga heile sju nominasjonar, og stakk heim med Heddaprisen for Beste mannlege skodespelar/medspelar til Preben Hodneland og Beste regi til Johannes Holmen Dahl.
Og om ikkje det var nok, gav eit samstemt Norsk Kritikarlag teaterkritkarprisen til ensemblet, det kunstnarlege laget og dramatikar Arne Lygre med mellom andre desse orda:
«Det tilhører sjeldenhetene at absolutt alt klaffer på en teaterscene. Men vinneren av Kritikerprisen 2020–2022 har blitt beskrevet som en slikt sjeldent lykketreff.»

«Et teaterløft av de sjeldne»