Bakgrunnsartikkel

GÅ - praktisk info

Alt du treng å vite før oppmøte på Det Norske Teatret.

er ei utandørs vandreframsyning. Ta på deg gode sko og kle deg etter veret!

OPPMØTE

Møt opp i foajeen på Det Norske Teatret mest mogleg presis. Du treng ikkje vere ute i veldig god tid.

KVA SKJER SÅ?

I foajeen får du utdelt det du treng for å oppleve vandreframsyninga.
Du kan gå aleine eller i lag med dei du kom med.
Det vil ikkje vere naudsynt å dra ned til teateret etter framsyninga.

KOR LANG ER TUREN?

I grove trekk vil du bevege deg frå Det Norske Teatret og via omvegar ende opp på St. Hanshaugen.
Det er ein del bratte bakkar, trapper og ulent terreng.
Turen vil ta om lag ein time.

SMITTEVERN

Når publikum kjem til teateret ber vi alle nytte antibacstasjonane våre.
Alt utstyr blir desinfisert mellom kvar gruppe.
Vi ber publikum halde minst 1 meter avstand til kvarandre dersom dei ikkje er i kohort. Bruk munnbind innandørs.

SPØRSMÅL?

Har du praktiske spørsmål om framsyninga, t.d. når det gjeld rullestol, ber vi deg ta kontakt med billettluka på 22 42 43 44. Sjekk opningstidene nedst på denne sida.