Bakgrunnsartikkel

Frosta muffins

Får du òg vatn i munnen? No kan du lage deilege Frost-inspirerte muffins saman med barna, barnebarna eller berre for deg sjølv. Vi har vore så heldige å få den utruleg dyktige Elin Vatnar Nilsen frå krem.no til å lage den perfekte Frost-inspirerte muffinsoppskrifta for oss!

Skrive av
Elin Vatnar Nilsen
Elin Vatnar Nilsen
Konditor og grunnleggjar av Krem.no

Denne oppskrifta er nok til ca 12. muffins


3 egg
150 g smør eller margarin
150 g sukker
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
0,5 dl mjølk

Slik gjer du det

1. Rør smør og sukker lyst og luftig med ein handmiksar. (Bruk romtemperert smør/margarin).
2. Tilset eitt og eitt egg, rør godt mellom kvart egg.
3. Sikt inn kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker og bland i hop så det blir ein jamn masse. Ikkje rør for mykje.
4. Ha i mjølk til slutt.
5. Fordel i 12 muffinsformer, bruk gjerne eit muffinsbrett i metall.
6. Set det midt i omnen på ca. 180 grader ca. 20-30 minutt (over/undervarme)

Ostekrem med sitronsmak

200 g nøytral kremost (for eksempel Philadelphia)
100 g mjukt smør
175 g melis
2-3 ss sitronsaft
Rør smør og melis i hop med miksmaster til kremen har ein lys farge. Tilset kremost og smak til med sitron.

Blå farge
Sprøytepose i plast
Diverse tutar: Wilton 4b, 2a, 2d

Dekor

Kakestrø
Perlesukker
«IS»: Legg slikkepinnar (eller sukkertøy) i ein pose og knus grovt med ein hammar. Fjern pinnane og hell dei grove bitane over i ein foodprosessor. Mel til du har eit fint sukker. Hell sukkeret ut på ei plate med bakepapir. Stryk det ut så det får jamn tjukkleik. Set plata midt i omnen på 180 grader i ca. 5- 10 minutt, til alt sukkeret har smelta. Avkjøl det før du brekker opp bitar.

Tips:

Blå slikkepinnar fann eg i pose hos Normal. Diverse blått og kvitt kakestrø finst i boksar frå Dr. Oetker (i daglegvare), hos Søstrene Grene og hos Normal.