Da scenograf og kostymedesignar Unni Walstad fekk oppdraget med å skape kjolen Herborg Kråkevik skulle bere på scenen i årets julekonsert, gjekk ho rett til historia. Hulda Garborg, som var med å grunnleggje Det Norske Teatret, er også kjend som «bunadens mor».
Hulda Garborg (1862-1934) i sin sjølvkomponerte bunad, inspirert frå drakttradisjonen i Gol i Hallingdal. Ein av bunadane til Hulda kan du sjå utstilt i foajeen på Det Norske Teatret. Foto: Anno Domkirkeodden
Garborg samla inn, formidla og foredla gamle folkedrakttradisjonar. I 1903 gav ho ut det første heftet om «den norske klædebunaden», gav plagget namnet bunad, og starta ein trend som meir enn hundre år seinare står fjellstøtt i norsk kultur.
Men Garborg var ingen purist. Ho tok seg fridommen til å endre og modernisere uttrykket, som den såkalla Hulda-drakta er eit eksempel på. Inspirert av kyrkjeklede frå Gol i Hallingdal, skapte ho ei drakt som både var vakker, praktisk og dansbar. I foajeen på Det Norske Teatret kan du sjå Hulda Garborg sin eigen bunad utstilt.
Denne blandinga av tradisjon og nyskaping blei inspirasjonen for Unni Walstad. Ho såg ei direkte linje frå Garborgs arbeid med bunaden, til det Herborg Kråkevik gjer med juleheftet Juleroser; å løfte gamle tradisjonar inn i ei ny tid. Det blei også visjonen for kjolen ho skulle designe.
På finn.no fann Walstad eit påbegynt «Hulda Garborg»-prosjekt. Ei demontert Hulda-drakt, bitar av ein gamal bunad. Saman med kostymeavdelinga på teateret brukte ho dei gamle broderia som utgangspunkt for ein heilt ny kjole.
– Det har vore eit nitid handverk. Broderia blei forsiktig klipte laus, før dei blei montert på nytt stoff. Eit kunstnarleg puslearbeid utført av dei utruleg dyktige handverkarane på systua, fortel Walstad.
Alle broderia har fått nytt liv: Lua har blitt til ei lomme, brystbroderiet er snudd opp ned. Ullstoff er farga blått på verkstaden til teateret og sydd til kjolen som Herborg Kråkevik no brukar på scenen.
Hjartesølja er lånt frå Huldreverket og har namnet «Halldis» etter Halldis Moren Vesaas. Foto: Ole Herman Andersen
Som detalj har kjolen fått ei hjartesølje frå Huldreverket: «Halldis». Ho er oppkalla etter Halldis Moren Vesaas, ein av dei viktigaste omsetjarane til Det Norske Teatret. På baksida står det gravert: «Kjærleik gjer klok», frå diktet «Lyset».
Sjølv om Walstad ikkje tilrår at folk går laus på eigen bunad med saksa, er ho trygg på éin ting:
– Eg trur Hulda Garborg hadde elska dette prosjektet. På scenen ber Herborg Kråkevik med seg arven frå to sterke kvinner som har vore viktige for Det Norske Teatret. Hulda ville tatt bølga i rein lykkerus!
Resultatet av denne omsaumen kan du oppleve på scenen under julekonserten Juleroser på Det Norske Teatret, tre søndagar i advent.