Men ein dag kjem Bastian over ei bok, og blir bokstaveleg talt oppslukt av ho. Der inne møter han fantastiske og fantasirike skapningar som lykkedraken Fuchur og helten Atreju, som skal redde barnedronninga. Riket hennar, Fantásia, er i ferd med å bli slukt av den mystiske krafta ingentinget fordi barn i den verkelege verda er i ferd med å miste evna til å fantasere, drøyme og lage historier. Bastian blir venn med Atreju, og saman kjempar dei for å redde både dronninga og Fantásia.
Klassikar i barnelitteraturen
Den uendelege historia er opphavleg ein roman, skriven av Michael Ende og utgitt i 1979. Ho blir rekna som ein klassikar innan barne- og ungdomslitteraturen. Boka blei filmatisert i 1984 av Wolfgang Petersen, og tittelsongen av den britiske artisten Limahl, blei ein superhit.
Barna får dikte med
I lag med scenograf Arne Nøst, musikar Sol Heilo og videodesignar Åsmund Bøe vil regissør Peer Perez Øian skape ei framsyning av fantasirike bilde og kreative kostyme, leiken musikk og videodesign. Han lovar ei vakker visuell ramme – men med rom for at barna skal dikte med sjølve:
- Så vi eksperimenterer mykje med det litt abstrakte og antydande. Litt som ei barneteikning som blir levande, forklarar Perez.
- Bastian i forteljinga har også eit veldig dårleg sjølvbilde. Når han oppdagar fantasiens kraft og at han kan bestemme kor historia skal gå, gjer han seg sjølv både stor og kul. Og det er ikkje berre bra for han, meiner Perez.
Bastian blir fortapt i si eiga fantasiverd og vender seg mot vennen Atreju og sårar han.
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Ina Svenningdal spelar hovudkarakteren Bastian som blir fortapt i si eiga fantasiverd og vender seg mot vennen Atreju og sårar han.
- Han blir faktisk radikalisert, seier regissøren.
- Men heldigvis blir han også redda av vennene, som gir verdsbildet hans motstand.
Bastian innser at han må lære å akseptere den han eigentleg er, og reise tilbake til den verkelege verda for å handtere det som er vanskeleg der og hjelpe far sin.
Artikkelen blei publisert 3. oktober 2025.