- Det ligg omtrent i DNA-et til flamsk kunst å arbeide interdisiplinært. Det belgiske teateret er mindre tekstbasert, og støttar seg sterkare til dans, performance og bildekunst, seier Houbrechts.
Når ho no gir seg i kast med Vinter på Hovudscenen på Det Norske Teatret går ho til arbeidet med same innstilling og har med seg eit knallsterkt kunstnarleg team som bringar musikk, mote, fargar, koreografi og bildekunst saman. Houbrechts har alt sett avtrykk etter seg, mellom anna på Dramatens Stora Scenen, under Wiener Festwochen, på Hannover Staatsoper og var den yngste nokosinne til å bli invitert til Comédie-Française, der ho sette opp Medea. Sjølv seier ho om verka sine at ho vil skape størst mogleg effekt med så lite mogleg.





Den unge forfattaren og regissøren har gjort seg bemerka med teaterverk som ligg i krysninga mellom visuell kunst, opera, musikk og dramatisk tekst.
Gjentakande tema
Det er sjeldan at ei kvinne som så vidt har passert 30 år kan skilte med ein slik imponerande bakgrunn. Men så har ho også tilført teaterkunsten noko nytt. Og noko kompromisslaust. Verka hennar er barokke, dristige, men også leikne og avvæpnande. Ho vil bevege publikum og gi tilbake ei kjensle som ho sjølv finn i kunsten.
- Å redusere eller eliminere er viktig i prosessen. Nokre gonger refererer eg til arbeidet mitt som «barokk minimalisme». For meg er kunsten ein måte å pleie sjela frå mykje drama i det personlege livet. Kunst er ein måte å overskride det. Kunst er lækjande og gir ein grunn til å eksistere. Å finne skjønnheita i poesien, i livet, gir meg trøyst.
Tematisk har ho alltid vore opptatt av emne som gir gjenklang både i henne og i samfunnet rundt henne. Kjønn, seksualitet, men også interseksualitet og transseksualitet er emne som går igjen i arbeida hennar.
- Det er også ei personleg levd historie. Og eg har ei kjensle av at eg treng eit stort lerret for å uttrykke desse indre rørslene. I starten var det mykje Sturm und Drang med framsyningar som varte i fem, seks timar. Nakne skodespelarar, mykje blod, det var ekstreme uttrykk. No er eg meir sårbar i tilnærminga.
Ein ny vri på Fosses Vinter
I Jon Fosses Vinter møtest ein mann og ei kvinne tilfeldig i ein park. Han er ein velkledd familiemann på forretningsreise, ho er lettkledt og utan framtidsplanar. Kvinna blir med mannen på hotellrommet og livet tar ei vending for mannen. I Houbrechts versjon blir rollene spelte av Kyrre Hellum og Tani Dibasey. Eit grep som gjer heile situasjonen både meir tvitydig og kompleks. Å lage portrett av menneske som korkje er offer eller aggressor/overgripar er blant Houbrechts tankar, å skape menneske som publikum både vil elske høgare, og som kan vere mindre lette å elske. Komplekse menneske, heile menneske.
- Vinter er skrive som eit reint heteroseksuelt stykke. Men ved å setje to menn inn i dette forholdet, spør han Kan du sjå meg som ei kvinne? Kan du elske meg som ei kvinne? Og vi undersøkjer korleis miljøet rundt dei reagerer på dette. Eg synest det er fint at vi kan utdjupe stereotypiane og øydelegge dei, og heller vise noko på scenen som er meir lagdelt. Eg trur eg vel slike historier for å bryte stereotypiar, bryte tabu. Men eg vil ikkje bryte tabu berre for å gjere det. Eg vil opne opp, eg vil kjenne kjøtet i historia, i forteljinga, det politiske kjøtet, men utan å lage politisk kunst.

Kyrre Hellum spelar familiemannen som tar med seg ei kvinne opp på hotellrommet på ei jobbreise. I Houbrechts oppsetjing blir kvinna spelt av Tani Dibasey.
Kunst for kunstens skuld
Lisaboa Houbrechts verdset politisk kunst og beundrar meir aktivistiske regissørar i samtida. Interessa for politisk kunst er sterk, men ho nærmar seg desse temaa og uttrykker seg på heilt anna vis. For henne er forma, sjølve kunstobjektet, eller teateret som kunstform viktig. Ho ser seg ikkje berre som ein estetikar, men er opptatt av kunstens poetikk.
- Kunstnarskap er fascinerande. Estetiske val kan fortelje noko om forholdet vårt til omverda. Eg er ikkje redd kunst for kunstens eiga skuld. Ein må ikkje vere redd for den reine skjønnheita.
Teateret fanga interessa hennar alt som barn. Ho ville bli skodespelar og studerte drama ved det prestisjetunge KASK (kongelege akademiet for kunst) i Ghent, sjå bildeserie under. I dette studentmiljøet samlast unge skapande frå alle ulike kunstdisiplinar under same tak. Den ærverdige bygninga er enorm, korridorane endelause, og i sentrum ligg ein parkliknande hage der den kreative prosessen på alvor får utfalde seg. Nettverk blir danna, nye konstellasjonar og uventa samarbeid oppstår.
- Eg blei tidleg klar over at eg heller ville skape eigne verk. Å leve så tett på studentar frå film, mote, kultur og bildekunst var ein invitasjon til å arbeide med ulike kunstgreiner.
Den flamske bølgen - som går og går
Belgia har gjennom fleire periodar vore ein sentrum for performativ kunst. Kunsthistoria er full av namn som kling velkjent gjennom heile den internasjonale bransjen og som har vore til stor inspirasjon for nye generasjonar kunstnarar. Houbrechts har vore så heldig at ho har fått arbeide tett på fleire av Belgias leiande kunstnarar.
- Og eg hadde flaks som blei plukka opp av veldig viktige figurar som blei ein slags mentorar i det kunstnarlege virket mitt. Alain Platel hadde studio i nærleiken av skolen, eg blei kjent med han og fekk vere assistenten hans. Eg var også tett på Needcompany og starta mitt eige kompani i tjueåra.
Den flamske bølgen talde i tillegg til Alain Platel og Needcompany verdskjente koreografar som Anne Teresa de Keersmaeker og Wim Vandekeybus og teaterfornyarar som Kaaitheater, TG Stan og Ivo van Hove, for å nemne nokre.




Eg er ikkje redd kunst for kunstens eiga skuld. Ein må ikkje vere redd for den reine skjønnheita.

Sidan 2022 har Lisaboa Houbrechts vore ansvarleg for den kunstnarlege leiinga av Toneelhuis Antwerpen saman med Görges Ocloo, FC Bergman, Benjamin Abel Meirhaeghe og Olympique Dramatique.
Ein dag dukka sjefen for eit av dei største teatera i Belgia, Guy Cassiers, opp på kunstskolen for å sjå ein av produksjonane til Houbrects. Ettersom ho sjølv hadde skrive stykket, blei ho oppmoda til å sende han manus. Toneelhuis i Antwerpen var på leit etter unge og skapande regitalent til den store scenen i teateret. Etter uteksamineringa blei Houbrechts invitert som ein av fire kunstnarar til prosjektet PULSE. Der fekk ho eit arbeidsopphald på fire år med forventning om å setje opp eigne arbeid, men også ei forplikting til å assistere under andre regissørar.
- Det var som å få ein kikk inn på kjøkkenet til andre. Eg fekk til dømes vere assistenten til Ivo van Hove, ein legendarisk regissør, som jobbar skodespelarbasert. Det var ein totalt anna kjøkkenrigg enn hos Platel, som miksa musikarar og rytmar frå Kongo inn i Mozarts Requiem. Ivo van Hoves radikale dekonstruksjonar av klassiske drama var noko heilt anna. Du måtte vere ganske fleksibel for å vere assistent i alle desse ulike universa.
For Houbrechts var dette lærerike år. Men prosjektet var omdiskutert. Kommentarane om at ein mann, Guy Cassiers, kunne avgjere kven som skulle prege teaterkunsten i framtida var steile, og lengda på prosjektet var provoserande for mange som opplevde at dette stengde moglegheitene for andre unge og svoltne kunstnarar.
- Eg las kommentarane, men eg er takksam for at eg fekk sjansen. Målet mitt var å setje opp på dei store scenane, eg starta i enorme tomme industrielle rom, arbeidet mitt var frå starten av meir installasjonar enn reint teater. Å få arbeide i store rom i institusjonen gav meg reiskapane til å forstå korleis ein arbeider med heile teatermaskinen. Eg ønskjer å ta i bruk heile paletten.
Og heile paletten er i sving inne på Det Norske Teatrets Hovudscene. Den ferske nobelprisvinnarens stykke Vinter er under Houbrechts’ regi eit verk som tar mål av seg å tilfredsstille både intellektet og auget.