Bakgrunnsartikkel

Kjærleik i tonar

Få lagar musikk til kjærleiken som artist Emilie Nicolas. Og for nokre låtar ho har gitt oss. Om komplisert, stormfull og inderleg kjærleik. Om endelaus, rotete, sviktande og skjør kjærleik. Om det meste, eigentleg, som kjærleiken kan romme.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Da regissør Johannes Holmen Dahl skulle finne komponist til Shakespeares kjærleikskomedie Ein midtsommarnattsdraum, var han ikkje i tvil om kven han skulle spørje. 

- Emilie Nicolas er ein heilt unik artist og låtskrivar. Ho er utruleg dyktig til å skape originale melodilandskap og stemningar, og har ei heilt eiga evne til å bruke stemma si på nye og overraskande måtar. Det musikalske uttrykket passar veldig godt med det eg assosierer stykket med, som handlar mykje om forelsking og kjærleik, men også om erotikk og attrå. Og ikkje minst om korleis kunsten kan ha ei forførande kraft, korleis han kan vekkje kjensler og begjær, men også brukast til å påverke og manipulere andre menneske. Musikken treffer svært godt det eg ønskte meg, samtidig som ho kom inn i samarbeidet med tydelege, eigne idear.  

Suksessrik artist

Emilie Nicolas debuterte med albumet Like I’m a Warrior i 2014 og markerte seg med det same med den særeigne stemma, beatsa og forma si. Albumet kom med eit knippe knallsterke låtar, der songar som Nobody Knows, «fikk voksne pendlere til å bryte sammen i gråt over bilradioen, og som ble et umiddelbart gjennombrudd for en artist som da beveget seg et sted mellom jazzen, elektronikaen og kunstpopen», i følgje ein kulturredaktør i hovudstadspressa. For dette albumet fekk ho to spellemannsprisar, som årets nykommar og årets popsolist. I tillegg blei ho nominert til Nordic Music Prize for albumet og som årets liveartist i P3 Gull.  

Debutalbumet Like I'm a Warrior fekk stor merksemd. To Spellemannsprisar blei det også.
Oppfølgjaralbumet Tranquille Emile kom fire år seinare, etter ein sjukdomsperiode.
Berre to år seinare var Let Her Breathe ute. Emilie Nicolas har for alvor etablert seg som ein nyskapande og tonegivande artist.
Det måtte ekstrakonsert til da ho besøkte Operaen. Johannes Holmen Dahl arbeidde med Nicolas om ramma kring konserten.

 Det vanskelege oppfølgjaralbumet kom i 2018 etter ein sjukdomsperiode, og med Tranquille Emile styrkte ho for alvor posisjonen som ein av landets mest lovande og nyskapande artistar. Berre to år seinare var ho der igjen, med Let Her Breathe, som for mange blei sjølve lydsporet til ein periode der vi var tvinga til å halde oss heime og der kulturopplevingane kom frå stereoanlegga eller skjermen. Også dei to siste albuma har det vore kasta nominasjonar og prisar etter.  

Da ho i mars 2024 entra Operaens hovudscene – to utselde konsertar – med songar frå heile karrieren var det nettopp Johannes Holmen Dahl som spøkte i kulissane. Og dette spede samarbeidet var kanskje kimen til det som snart skal skje på Hovudscenen på Det Norske Teatret.  

Romantisk lydspor

Emilie Nicolas vil ikkje sjølv stå på scenen, men komponerer lydsporet til forviklingskomedien der romantisk leik skal dominere. Unge kjærastar, magiske alvar, begjær og kjærleik, men også tvang og hemmelege forbindingar, lidenskap og raseri. Alt dette møtest og skal spele seg ut i skogen gjennom ei heftig natt. 

Emilie Nicolas har tatt utfordringa, og regissør Johannes Holmen Dahl er overtydd om at dette vil setje eit særpreg på framsyninga. 
- Eg har fått nokre skisser, musikken er veldig enkel og rein. Nydeleg, rett og slett. Det er litt av ei kjensle å få noko i fanget og tenkje beint fram at «fader, dette får ho jo så sjukt godt til». Det blir gøy å sjå korleis dette vil prege og ramme inn framsyninga. 

Artikkelen blei først publisert i Det Norske Teatrets repertoarmagasin hausten 2026. Oppdatert og publisert på nett 7. november 2026.