- Det er to ting som gjer det ekstra nært å spele i Cabaret. Det er den skeive tematikken som eg lever i og med sjølv, og at eg har jødisk familie som blei drepen under Holocaust. Dette kjennest plutseleg nært no når eg har dykka inn i materialet.
Dei gylne tjueåra blir mellomkrigstida i Berlin kalla. Byen vaks. Menneske flytta hit frå heile Europa for å ta del i nye idear og impulsar. Berlin blei snart ein verdsmetropol for handel, politikk, kunst og kultur. 1929 står som eit lysande år for tysk kultur. Thomas Mann får Nobelprisen i litteratur, filmproduksjonen i Berlin er større enn i resten av Europa til saman, Alfred Döblin gir ut Berlin Alexanderplatz der byen sjølv er å rekne som ein hovudkarakter.
- Eg har jødisk familie som blei drepen under Holocaust.
Og det er dette året britiske Christopher Isherwood kjem til byen på jakt etter historier og gutar. Cabaret bygger på boka Isherwood skreiv om opplevingane i den tyske hovudstaden. Og Emil Johnsen er klar på at det er biografiske trekk i karakteren han skal spele.
- Rolla mi, Cliff Bradshaw, er på ein måte forfattaren sitt alter ego, eller eg-person, som musikalen bygger på. Han kom til Berlin, som han skriv i sjølvbiografien sin, «because of the boys». Han kom for å vere fri og for å leve ut seksualiteten sin. Det er jo forlokkande.
Emil Johnsen som Cliff Bradshaw. Foto: Ole Herman Andersen.
Ei ikkje heilt sannferdig kjærleikshistorie
For Emil Johnsen har møtet med musikalsjangeren vore spennande. Dramatikken som ligg til grunn er annleis enn i Shakespeare, Ibsen eller Edouard Louis for den del, som han har arbeidd tett med. I musikalen skal forteljinga skje kjapt, scenane svingar fort og fordi Emil kjente at han trong meir handfast underlag, gjekk han til kjeldene.
- Kvar kjem desse ideane bak stykket frå, kor oppstår denne musikalen? Eg måtte setje meg inn i forfattarskapen hans, og hadde lyst til å bli betre kjent med personen som er grunnlaget for karakteren min. I sommar har eg lese alle bøkene hans, det har vore til stor hjelp for meg, for å ha ein inngang til rolla.
Emil Johnsen er sjølv skeiv. Han lever i eit homofilt ekteskap, har to barn med eit lesbisk vennepar, men utover det lever han eit vanleg familieliv.
- Da eg var yngre, på same alder som Isherwood var da han kom til Berlin, blei eg lenge dratt mellom kvinner og menn, inntil eg fann den rette mannen. Eg tenkjer at det er ein seksualitet som er vanskeleg å leve i. Det er kanskje lettare no, men det var vanskeleg å definere seg som biseksuell da eg var ungdom. Jentekjærastar hadde vanskeleg for å godta det, homomiljøet kasta ølboksar etter meg og kalla meg svikar.
Forfattaren Christopher Isherwood og vennen og poeten W.H. Auden (1939). Foto: Carl Van Vechten via Wikimedia Commons.
Emil Johnsen er opptatt av det han tolkar som biseksualiteten i stykket. Cliff Bradshaw søker seg til Berlin for å møte menn, men så blir han «tatt» av Sally Bowles som treng ein mann som tar vare på henne og som gir henne ein trygg stad å bu. Dei utviklar eit slags forhold, eit intimt vennskap.
- For meg kjennest det litt som om historia eigentleg har vore ei anna, men så har ein vridd henne til å passe ein Broadway-musikal. Eigentleg kunne Cabaret ha handla om at Isherwood drog til Berlin og møtte ein mann, og så måtte dei flykte frå nazistane. I det verkelege livet var det nettopp det som skjedde. I 1933 flykta han med ein mannleg kjærast frå Berlin. Sally Bowles bygger på ei kvinne han møtte i Berlin, Jean Ross, som var veldig viktig for han, og som blei ei veldig nær venninne.
Emil Johnsen er tru til rollekarakteren Cliff Bradshaw.
- Han søker seg til Berlin for å vere fri, for å oppleve seksualitet og for å bli elska for den han er. Cliff Bradshaw er også ein modig person, som ringer i alarmbjøllene når han anar den politiske utviklinga i landet. Han er tydeleg på at dette ber gale av stad. Han prøver også å få Sally Bowles til å flykte. Men ho vegrar å forlate byen, miljøet og vennane.
Jødisk familiebakgrunn
Og her er det at familiehistoria til Emil Johnsen kryssar eit anna spor i forteljinga.
- Ja, flukt er sentralt i familiehistoria mi, ei historie eg har blitt litt meir opptatt av når eg har lese og førebudd meg til dette stykket.
Mormor til Emil Johnsen var jødisk, og tysk. Familien Löb budde i Bonn. Mormor Eva, som var yngst i ein søskenflokk på fire, flykta saman med mannen sin frå eit Tyskland på randa av krig. Dei drog til Nederland, og vidare til England. Men to av søstrene kom seg ikkje ut. Dora Löb var klassisk fiolinist og bratsjist, utdanna ved konservatoriet i Køln og fast medlem i eit kammerorkester til ho i 1933 mista stillinga, etter at den første store raseloven blei innført. To år seinare emigrerte ho til Palestina og fekk ei musikarstilling i Palestine Orchestra – dagens Israel Philharmonic Orchestra.
Familien Löb kring 1907. Oldeforeldra Agnes og Walter til Emil Johnsen med barna (f.v.) Gertrud, Dora og Ilse. På skuldra til oldefaren sit vesle Eva, mormor til Emil.
Dora Löb var ein dyktig musikar. Som søstera Gertrud levde ho som kunstnar i mellomkrigstida. For Emil har familiehistoria vore ei viktig påminning om kor heldig han er som kan leve fritt. Men at vi aldri må ta det for gitt.
- Dora hadde ein god karriere som musikar, og drog til Palestina på grunn av situasjonen i Tyskland. Der nede blei ho med i eit orkester, men som eg har forstått historia, fann ho seg aldri til rette der og av ulike årsaker vende ho tilbake til Tyskland i 1937. I 1941 blei ho deportert til Riga der ho måtte arbeide ved ein fabrikk. Da dei tyske troppane starta tilbaketrekkinga frå Baltikum i 1944 blei gamle, kvinner, barn og sjuke i leiren drivne inn i skogen og skotne. Ho var ei av dei.
Gertrud Löb var den nest eldste søstera. Ho var utdanna skodespelar og debuterte i 1931 ved teateret i Konstanz. Denne plassen måtte ho raskt forlate som jøde.
- Eg har høyrt at den siste rolla hennar var som Julie i Romeo og Julie ved eit teater i Berlin. Eg veit at Gertrud også levde i eit nært forhold med ei anna kvinne, Valerie Jorid, som også var kunstnar i Berlin på den tida. Å vite at eg hadde ei grandtante som levde med ei kvinne, likt som eg lever med ein mann, og i tillegg var skodespelar, har alltid gjort at eg har kjent eit slags band til henne og den delen av slekta. Og biletet av dei har alltid hange på veggen heime. Det er tankevekkande at dei ei kort tid levde i den fridommen som eksisterte i Berlin i 20- og 30-åra, som er den tida Cabaret handlar om. Og at den fridommen blei tatt frå dei på ein så radikal og brutal måte. Det får meg til å tenkje på vår tid og alt som rører seg, utan at ein skal sette likskapsteikn der. Å sjå føre seg livet hennar som skodespelar i Berlin nett på den tida Cabaret utspelar seg, har likevel gjort at stoffet har kome ekstra nært.
Til slutt blei situasjonen så tilspissa at Gertrud måtte ut av Tyskland, og ho blei lova ei flukt til Sveits. Men det viste seg å vere svindel, og på togstasjonen blei ho arrestert, send tilbake til Berlin og deportert berre dagar seinare. Valerie Jorid venta heile krigen på at Gertrud skulle kome tilbake frå konsentrasjonsleiren ho var send til, men døydde sjølv under bombinga av Berlin i 1945. Gertrud forsvann ifølgje snublesteinen hennar i Auschwitz.
Aversjon mot nasjonalisme og autoritetar
Familien til mormora til Emil var ikkje spesielt religiøse. Dei var tyskarar, vanlege menneske, og mor til dei fire søstrene hadde vore tydeleg på at dei stod fritt til å gifte seg med den dei ønskte. Mormor gifta seg med ein «vanleg tyskar», som tidleg forstod kor farleg det var for dei å bli, og dei flykta først til Nederland, sidan til England, der mor til Emil vaks opp og budde fram til ho trefte far hans.
- Mamma fekk ikkje vite at ho hadde jødisk mor før ho var blitt litt eldre.
- I mamma sin oppvekst var holocaust og familiehistoria vanskeleg å snakke om.
Mormor forblei kosmopolitt resten av livet. Ho hata nasjonalisme og uttalte sjølv at ho var «a citizen of the world». Dette heldt ho på samtidig som ho blei meir opptatt av den jødiske historia si. Ho brukte fleire år i alderdommen på å halde føredrag om situasjonen ho opplevde som ung jødisk student i eit Tyskland med segregeringslovar og jødehat.
- Synet på kva eit land, kva ein nasjon og kva religiøs tilhøyrsle er, har kanskje gått i arv i familien. Eg likar ikkje 17. mai så godt, sjølv om eg veit at det er ein fin dag, eller flaggheising generelt. Mamma har alltid vore ganske fri, på eit vis. Ho går sine eigne vegar, men er nok prega av oppveksten sin.
Etter at ho gifta seg med ein nordmann kjøpte ho seg samekofte som ho bar på ei nasjonaldagsfeiring på Nes i Ådal, der eg vaks opp fram til eg var fire år gammal. Ho gjekk med den «fordi ho syntest den var fin», som Sally Bowles ville ha sagt. Ho har alltid vore skeptisk til autoritetar og har ikkje stor tillit til «system», anten det gjeld lærarar, politi, politikarar eller andre som har makt. Og det har eg alltid fått høyre, ikkje stol på det dei andre seier, om du sjølv kjenner at det ikkje er rett. Det har rett nok ikkje alltid vore like smart å følgje i arbeidslivet, ler Emil.
- Men eg har fått mykje av mor mi som eg er glad for no. Ho lærde meg kor viktig det er å seie ifrå om noko er urettferdig og ikkje berre teie, sjølv om det inneber å stå opp mot autoritetar.
Dei vanskelege samtalane
Emil har fått større forståing for kvifor mor hans er som ho er.
- Kva veit ein eigentleg? I mamma sin oppvekst var holocaust og familiehistoria vanskeleg å snakke om og mormora mi begynte forståeleg nok alltid å gråte når det var snakk om kva som hadde skjedd med familien hennar.
Dei som er igjen lever spreidd over heile kloden, i Tyskland, Nederland, England, USA. Etter at Emil blei vaksen besøkte han kusina til mor si, dottera til den eldste av dei fire søstrene Löb, som også flykta og overlevde krigen.
- Å prate med henne var fint. Familien hennar hadde vakse opp med større openheit kring familiehistoria enn det mor mi gjorde.
- Eg synest det er forferdeleg korleis asylsøkarar blir møtte både i Noreg og Europa.
Og no kjenner Emil at han også vil opne opp og snakke om dette. Han har ei kjensle av at også vi i vår tid dansar på randa av eit stup. Høgrekreftene har vind i segla, fascistar har fått posisjonar i parlament rundt om i Europa.
- Eg synest det er forferdeleg korleis asylsøkarar blir møtte både i Noreg og Europa. Det er klart ein blir ekstra merksam på det når ein sjølv har familie som har flykta. Om fem til ti år vil vi kanskje sjå tilbake på vår tid som ei tid som likna den som grandtantene mine opplevde; ei tid med fridom, liberale verdiar og toleranse. Men som raskt forandra seg. Det er ikkje sikkert at mitt liv vil vere like akseptert i ei nær framtid. Eg merkar at hatretorikken bygger seg litt opp, år for år. Pride blir meir debattert, regnbogeflagg i barnehagen og på skolar møter motstand. Eit lysebrunt Kristeleg Folkeparti og ei ny, ung, konservativ rørsle. Det er ikkje alltid like stor takhøgde for at du kan elske den du vil.
Å snakke om jødisk historie og jødisk familie gjer ein ikkje utan kostnad
Det er dessutan komplisert å snakke om jødedommen og om det å vere jødisk. Emil er tydeleg på at han ikkje lener seg på ein jødisk identitet, men Cabaret handlar faktisk om at jødane blei forfølgde.
- Vi spelar Cabaret i ei tid der antisemittismen aukar i heile Europa. I Israel leiar Nethanyahu ei fascistisk og høgrepopulistisk regjering, og dei forferdelege militæroperasjonane til staten Israel må vi berre fordømme på det absolutt sterkaste. Men det bør ikkje smitte over på haldningane til jødar. Det synest no som om at alt som er forbunde med jødar blir sett i eit negativt lys, og det vil eg åtvare mot. Å snakke om jødisk historie og jødisk familie gjer ein ikkje utan kostnad. Og derfor er det viktig å gjere nettopp det. Fordi så mange blandar korta. Når diskusjonen blir så polarisert som i dag er det viktig å halde hovudet kaldt og hjartet varmt.
- Vi spelar Cabaret i ei tid der antisemittismen aukar.
Eit tynt lag av sivilisasjon og danning kvilar over menneska. Vi har vore vitne til – og er det framleis mange stader – kor raskt dei blir forvandla til barbarar, skreiv ein familievenn i kjølvatnet av krigen, da ho fortalte om skjebnen til dei to søstrene Löb som forsvann. Når Cabaret no kjem opp på scenen vil Emil Johnsen minne om nettopp dette. Kor fort sivilisasjon kan slå over i barbari. Det vitnar historia om, og i notida ser vi også faretrugande tendensar.
- Eg har alltid tenkt at denne historia ligg så langt tilbake i tid. Men no er eg sjølv blitt grandonkel. Det gjer det enda meir tydeleg kor tett på vårt eige liv denne historia faktisk er.
Intervjuet blei først publisert i repertoarmagasinet til Det Norske Teatret hausten 2026. Denne artikkelen er sist oppdatert 28. oktober 2026.