Han debuterte med romanen Ett öga rött i 2003 (på norsk i 2005), ein dagboksroman ført i pennen av ein innvandrar på innvandrarsvensk. Romanen vekte stor merksemd, og blei både dramatisert og filmatisert. Bøkene hans har blitt omsette til 35 språk, teaterstykka hans har blitt sett opp av over hundre internasjonale teater og teaterkompani og han har fått svært gode kritikkar for både romanar og manus han står bak.
Khemiri har vunne fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Sveriges Radios Romanpris, Bellmanprisen, PO Enquists pris og Augustprisen. Han har også blitt tildelt Sveriges fremste dramatikarpris, Henning Mankell-stipendet, Det svenska Ibsensällskapets Ibsenpris, Heddaprisen og fått The Village Voice Obie Award.
Det sterke samfunnsengasjement hans har gjort han sentral i debattar om innvandrarar og integrering, mellom anna med kronikken som er utgangspunktet for teaterteksten Jag ringer mina bröder, publisert i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Han markerte seg også i debatten kring papirlause innvandrarar i 2013 da han i same avisa publiserte eit ope brev til den svenske justisministeren høve handsaminga av desse (Reva-debatten). Same året starta han ein skrivarverkstad for papirlause innvandrarar.
Det Norske Teatret har tidlegare sett opp stykka hans Vi som er hundre (2012), Eg ringer mine brør (2015) og ˜ Tilnærma lik (2016).
Hausten 2026 kjem den siste romanen hans, Søstrene, frå 2024, til Hovudscenen på Det Norske Teatret i Maren Bjørseths regi. Romanen hausta strålande kritikkar i norsk media, og blei mellom anna kalt «gripende storverk» av Dagbladet, som trilla 5 på terningen. Det same gjorde VG, NRK, Adresseavisen og Bok365.
And so it was told
I sin siste roman Søstrene, som i haust er klar for teaterscenen, har Jonas Hassen Khemiri skrive seg sjølv som forteljar. Det er ikkje første gang verkelegheita er til stades i fiksjonen til historieforteljaren Khemiri.
Les meir