For ei kort stund utspeler det seg noko som ikkje heilt heng saman med resten, med den 'store historia'. I Tyskland og ikkje minst i Berlin si historie utgjer dei «gylne tjueåra» eit slikt vindauge. Keisardømet med all sin pomp, prakt og sensur hadde falle, i og med nederlaget i den første verdskrigen. Men den kommunistiske revolusjonen, som mange hadde sett kome, var uteblitt. Og høgrekreftene, som etter kvart skulle bli så fatalt sterke, var førebels ikkje noko særleg meir enn ein gjeng forfylla slåstkjemper og kuppmakarar.
Berlins kunstscene i blom
Tida var komen for at Weimar-republikken, ei demokratisk, liberal og høgst sårbar forfatning, som opna for og sjølv bidrog til at ein veldig kulturell energi og kreativitet vart utløyst.
Potsdamer Platz, ca. 1920. Foto: Willy Pragher, CC BY 3.0, via Wikimedia Commons.
Det var som om ei demning sprakk. Ut fløymde borgarleg moral og biedermeiersk stoveluft. Inn strøymde jazz, charleston, fatale kvinner, politisk satire, nakendans, opium, ein ny flora av tenkelege og utenkelege seksualitetar, revy, kabaret, eksperimentelle storbyromanar, dadaistisk poesi, Tolvskillingsoperaen, knekorte skjørt, satirisk teater osb. Og «inn» vil sjølvsagt seie inn til Berlin, hovudstaden i eit ruinert wanna-be-imperium, som altfor lenge hadde vore kulisse for troppeoppmarsjar og prøyssiske generalar til hest, men som no kom til seg sjølv som den moderne verdas sentrum – som metropolis.
Men for Berlin var tida ikkje berre komen, ho gjekk også, frykteleg fort og stadig fortare. Tida rasa, - som i ein kjend kabarettekst frå denne perioden:
Opp Unter den Linden! Galopp, galopp!
Til fots, til hest, i bil!
Med klokka i hånda, med hatten på topp
Ha’kke tid! Ha’kke tid! Ha’kke tid!
Og berlinarane elska det. Dei elska tempoet, forgjengelegdomen, kjensla av alltid å vere på veg inn i framtida. Ikkje minst elska dei å sitte på ein av kafeane rundt Potsdamer Platz og skode ut på det største gatekrysset i Europa, der det måtte eit bemanna trafikklys til for å styre straumen av menneske, bilar og vogner, berre avløyst av byens trikk. Kort sagt, dei ville oppleve «storbyens drama» frå første rad.
Eksperimentell striptease og politisk satire
Men storbyens drama utspelte seg også – ikkje minst – innomhus. Overalt i byen, men særleg langs Kurfürstendamm, Berlins Broadway, dukka det opp stadig nye teater, revyscenar og klubbar. Om den nye livskjensla, fridomen og fordomsfridomen, hadde vore synleg i gatebildet, var det her, på scenen, at ho fekk si kanskje reinaste form. Tilbodet spente frå eksperimentelle teaterstykke til ofte like eksperimentell striptease, med glidande overgangar frå det eine til det andre. Mest populært, og i ein viss forstand mest nyskapande, var likevel det som låg midt imellom: kabareten, varieteen, revyen. Tekstane til songane – som kunne bli store slagarar i samtida – var ofte skrivne av kjende forfattarar, som Kurt Tucholsky og Walter Mehring, med ein klar satirisk og politisk brodd. Likevel var det ikkje noko i vegen for at dei kunne bli framført av ein trupp av halvnakne sparkejenter, som dei berømte Tille Girls. Tvert imot, hevda Fritz Giese i ein akademisk studie frå 1925, var desse dansande kroppane, trena til «å bevege seg som maskiner», det mest typiske bildet på den moderne og teknologiske tidsalderen.
Ei sjeldsynt gravferd
I 1927 vart det halde gravferd i Berlin, for kabaretstjerna Anna Berber, som då var ein av dei mest berømte personane i Berlin. I tillegg til å framføre kompliserte stripteasenummer på forskjellige klubbar i byen, var ho involvert i ei rekke sexskandalar med begge kjønn, tok morfin, heroin og kokain og prostituerte seg for å finansiere forbruket. Ho fekk tuberkulose og døydde etter å ha kollapsa på ein scene i Bagdad, 28 år gamal. Opptoget som følgde kista, kan stå som eit bilde på dei «gylne tjueåra» i Berlin, like før nazistane togar inn i byen:
Prominente filmregissørar gjekk side om side med horene frå Friedrichstrasse, unge mannlege prostituerte i lag med hermafrodittar frå 'Eldorado', berømte kunstnarar i lag med bartenderar, menn i flosshatt side om side med dei mest berømte transvestittane i Berlin.
Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk.
Toppfoto: Frå varieteen eller dameballetten Ehed Karina forbindes gjerne med det frigjorte nattelivet i Berlin i 1920-åra. akg-images/NTB.
Anna Berber, eller Anita som ho også heitte. Foto: Alexander Binder, via Wikimedia Commons.
Teksten er pubisert 17. oktober 2026.