Bakgrunnsartikkel

Møt menneska bak festivalen

- Vi er her for å yte motstand mot ein krig som angår oss alle. Dette er ein krig mot fridom og demokrati for alle, ikkje berre ukrainarar, seier regissør for Danse Macabre og Bomb Shelter Night, Vlad Troitskyi.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Det er spesiell stemning på Det Norske Teatret når menneske som lever i eksil og kjem direkte frå krigssona kjem på besøk. Bak framsyningane Danse Macabre og Bomb Shelter Night står ukrainske kunstnarar som dei siste åra har lært kva krig er.
24. august markerer dei nasjonaldagen og dagen det er seks månader sidan Russland invaderte Ukraina, med å arrangere Art Resistance Festival - Ukraine: War. Death. Love. i Oslo på Det Norske Teatret.

Her er nokre av dei som står bak:

Vlad Troitskyi flytta frå Russland til Ukraina som barn, og er ein markant regissør i Ukraina. Han har mellom anna grunnlagt både Dakh Theatre, som ligg i Kyiv, Gogolfest, som er ein nasjonal kunstfestival og freak-cabaretgruppa Dakh Daughters, som står bak framsyninga Danse Macabre. Han arbeider både med kunstinstallasjon, performance og teater.

Vlad Troitsky tenkjer mykje på familien, som han ikkje har sett på lenge. Foto: Siren Høyland Sæter.

Da heimstaden Kyiv blei angripen i februar, innsåg han snart at han kunne yte betre motstand mot den russiske invasjonen utanlands enn inne i bomberomma i Ukraina. Han flykta til Frankrike, der han no lever i eksil, snakkar med dei som vil høyre og skapar politisk kunst. Mor hans var for gamal til å forlate landet. Kona og dottera har han også sett lite til, sidan dei flykta til eit anna europeisk land.

Andrii Palatnyi er skodespelar, kurator, produsent og prosjektleiar innan teater og kunst. Han arbeider mellom anna med Gogolfest og ved Dakh Theatre. 24. februar i år sat han på eit tog til Mariupol, på veg inn til byen for å vere med på Gogolfest og opninga av eit nytt teater i byen. Toget blei stogga. I dag er det berre ruinar igjen av dette teateret, som så mykje anna i denne byen.

Palatnyi får spesialtillating frå myndigheitene i Ukraina til å reise ut av landet for å vere med på festivalen på Det Norske Teatret, og det er første gongen på lenge han får treffe igjen kollegaer han brukte å treffe kvar dag før krigen.

Heime i Kyiv har han to kattar han passar for venner som har flykta frå landet, og kvar veke går han lange turar for å vatne blomar i leilegheiter vennene har forlate. Etter at festivalen i Oslo er over, skal han reise tilbake til det krigsramma heimlandet.

Andrii Palatnyi fortel at nesten ingenting fungerer som det skal i heimbyen Kyiv. Butikkane har ikkje varer og flyalarmane går jamleg. Foto: Siren Høyland Sæter

- Om eg er redd? Eg prøver berre å konsentere meg om arbeidet. Halde fokus.

Shliabanska seier at ukrainske myndigheiter no har planar for at også kvinner mellom 18 og 60, som ho sjølv, kan bli kalla ut til kampteneste heime i Ukraina. Foto: Siren Høyland Sæter

Yana Shliabanska er komponist og lydkunstnar, med ansvaret for mykje av lyddesignet som vil følge hendinga Bomb Shelter Night, der publikum vil vere på teateret gjennom heile natta.

Frå eksil i Frankrike har Shliabanska samla på lydar frå krigen.
- Lyden av krig er ikkje berre støy, bombar og flyalarmar. Det er også lyden av ei mor som syng ein siste voggesong for ungen sin ved grava, fortel ho.

Erik Ulfsby er teatersjef ved Det Norske Teatret.
- Som teater, så kan vi ikkje sjå vekk frå krigen i Europa, seier han. Han legg til at ukrainske kunstnarar er glade for støtte med flagg og blågule kulturbygg, men dei skrik etter konkrete samarbeid og jobb. Dei er redde for å miste ein heil generasjon av kulturarbeidarar. Økonomien er frosen og alle pengane går til krigen.
- Så det er også viktig at kulturarbeidarar får halde fram med arbeidet sitt. Og no har dei dei viktigaste historiene å fortelje, så vi er glade for å kunne invitere dei hit. På den måten kan også eit norsk publikum få eit anna innblikk i krigen enn det ein får gjennom nyheitene, meiner teatersjefen.

Alle inntektene frå framsyningane vil gå til barn og familiar i Mariupol, ein av byane som er hardast råka av krigen.

Teatersjef Erik Ulfsby er glad for samarbeidet med Dakh Theatre og dei ukrainske kunstnarane. Foto: Siren Høyland.