Bakgrunnsartikkel

Eit årsmøte utanom det vanlege

- Dette er eit stup-og-skyt-prosjekt, med vekt på «skyt», seier gjengen bak vårens kanskje mest overraskande framsyning. Laget bak Europavisjonar ønskjer no velkommen til årsmøte for Noregs største produsent innan forsvarsmateriell - Kongsberg Gruppen.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

- Publikum kjem til å bli skuffa, seier skodespelar og regissør Johan Hveem Maurud.
- Dei trur dei skal på ein revyaktig crazy-komedie, men så må dei igjennom ein masse knusktørre rapportar!

Så la oss ta det først som sist - nokre tal:
• I 2025 hadde Kongsberg Gruppen 27,1 milliardar i driftsinntekter. Det er spesielt krigen i Ukraina som har ført til denne auken.
• Dei siste ti åra har aksjeverdien stige med over 1000%.
• Staten – altså vi – eig 50 % av desse aksjane.

Så at det har vore eit fantastisk år, stemmer, men det har i det heile vore eit fantastisk tiår både for Kongsberg Gruppen og aksjegrossisten den norske staten.

Først årsmøte…

Det har vore eit fantastisk år er ein fiksjon (for det er fiksjon, ja) som tek utgangspunkt i den faktiske årsrapporten til Kongsberg Gruppen for 2025. Framsyninga, eller kva ein skal kalle det, leikar med element mange av oss kjenner frå jobbkvardagen.

Kongsberg Gruppens Fighterjet modell. Rüdiger Müller via Wikimedia Commons.

Du kjem på konferanse, får på deg deltakarkort med namn rundt halsen og blir ført til eit område der det er kaffi, frukt og mingling. Har du komme feil, undrar du kanskje? Men det har du ikkje, for her er alle deltakarar på årskonferansen til Kongsberg Gruppen. Deretter blir alle inviterte inn i foajeen, der årsrapporten blir lagd fram. Tal blir presenterte, det blir foredrag – og sjølvsagt prat om den dårlege medarbeidarundersøkinga – før det er ein velfortent pause.

…så blir det fest!

Etter dette blir det eit stemningsskifte, når årsmøtet går over i den årlege sommarfesten.

Regissør og skodespelar Simen Formo Hay.

- Revygruppa viser nokre sketsjar dei har jobba med, og så blir det fest, flørt og fortrulege samtalar på stigande rus, forklarar Herman Enkerud, scenografen, som også skal vere med på scenen. Gjengen lovar ein heidundrande fest med teit underhaldning og usmakeleg og tonedauv humor.
- Dette skal bli moro! legg regissør Oda Radoor entusiastisk til.
- Vi skal inn i crazy-komediesjangeren frå 80-90-åra. Litt sånn Mannen med den nakne pistol og Hot Shots, seier Simen Formo Hay, som også er både regissør og på scenen denne gongen.
- Eg kallar det «gubbe-gøy» og «gummikylling», repliserer Maurud kjapt.

- Det handlar om kva vi tener pengar på, skammar oss over og samtidig er litt stolte av.

Slapstick og våpen

Det har vore eit fantastisk år kan kanskje høyrast ut som tørre fakta blanda med tøys og tull, men skaparane ønskjer å lage ei oppleving som handlar om eit av dei store paradoksa i fredsnasjonen Noreg: Vi tener pengar på krig. Det er ein komedie om våpen, intrigar og kjærleik.
- Det handlar om kva vi tener pengar på, skammar oss over og samtidig er litt stolte av, seier Hay.
Nei, det er ikkje heilt lett å forklare kva det er gjengen skal i gang med å lage. Men at det kjem til å bli ein konferanse utanom det vanlege, er ganske sikkert.
- Det blir revysongar, slapstick, puppar og våpen, seier gjengen og ler.

Artikkelen er publisert 12. mai 2026.
Foto: Eirik Malmo.