Bakgrunnsartikkel

Ein ørsting på scenen

- Det er ei meining med dette, og ho er djup, seier Kim Helge Strømmen og ler godt. Ørstingen har kapra si første rolle ved Det Norske Teatret. Til våren skal han spele den mannlege hovudkarakteren i den internasjonalt anerkjente musikalen Once på Scene 2.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Kim Helge Strømmen påstår han er den einaste skodespelaren frå Ivar Aasen sin heimkommune som er aktiv i hovudstaden. Så at han endeleg hamna på rollelista i nynorskens høgborg kan ikkje vere heilt tilfeldig.
- Vi er ikkje så mange skodespelarar frå Ørsta. Eg trur det er meg og ein til. Hahaha!

Dei som har følgt skodespelaren dei seinare åra, veit at det ikkje er oppvekstkommunen som aleine har gjort utslaget når Kim Helge Strømmen no går til ei ettertrakta rolle i musikalsjangeren. Da Oslo Nye Teater sette opp musikalen Evita våren 2024 blei nettopp Strømmen i rolla som Che eit høgdepunkt. Ikkje ein kritikar kunne oversjå energien og truverdet han tilførte karakteren. Også songstemma blei hylla.

Med en fleksibilitet som leker seg gjennom klangfarger, vokalteknikker og sjangerreferanser, fremstår han som en sanger som bader i ideen om at den soniske klangen av stemmen kan være minst like meningsbærende som det sungne ordet selv.

Dette skreiv Guro von Germeten på bransjenettstaden Scenekunst og ønskte vokallandskapet Strømmen representerer velkommen på den norske musikalscenen.

Sjølv er han meir audmjuk når det gjeld eige talent.
- Eg trur kanskje Kjersti (Horn, påtroppande teatersjef red anm. ) såg meg i Evita. Og kanskje Anna Karenina. Så tenkte ho; han der har no dialekt. Så såg ho litt skarpare, og kanskje såg ho noko som kunne likne på talent? Så kom spørsmålet om eg kunne spele gitar? Eg kan lære det, sa eg. Eg kan litt, men eg kan heilt sikkert lære å bli betre.

Foto: Lars Opstad/Oslo Nye Teater.

Og det har du blitt?

- Ja, no er eg på veg til å bli betre, ja. Eg blei tilboden og takka ja til ein lærar, Andreas Andersen, som også skal vere med på scenen i Once. Ein gong i veka møtest vi til gitartime, og så får eg heimelekse. Alle nummera i framsyninga har vore på timeplanen, så dette skal eg klare. Det er trygt å vite at Andreas er med i orkesteret og på scenen. Eg er først og fremst skodespelar som kan synge og bevege meg når det trengst. Minst av alt er eg musikar, hahaha.

Skal spele i hit-musikal

Once tok Broadway med storm da musikalen hadde premiere i 2012. Heile 8 Tony Awards blei produksjonen heidra med, inkludert Beste musikal. Sidan har musikalen vore sett opp over store delar av verda. På West End spelte Ronan Keating den mannlege hovudrolla i ein periode. Opphavleg er historia henta frå filmen med same namn som kom i 2006. Vi er i Dublin og møter ein ung mann som jobbar med å fikse støvsugarar. Ei tsjekkisk aleinemor betaler han med musikalske tenester. Kort fortalt blir dei tiltrekt av kvarandre gjennom fellesskapen i musikken. Handlinga finn stad i løpet av ei veke, og Once er eit ømt og varmt portrett av to kvardagsmenneske som møter kvarandre og som raskt viklar seg inn i eit sterkt, men også komplisert kjærleiksforhold.

- Det har vore ein draum sidan eg visste kva Det Norske Teatret var.

Oscarvinnande lydspor

- Det er songar-songskrivar-musikk med litt balkanrytme og fele i botnen. Vi er i Dublin og eg spelar ein musikar. Men for å få endane til å møtast så må eg fikse støvsugarar. Ein av låtane har den herlege tittelen «Broken Hearted Hoover Fixer Sucker Guy». Den held eg på å lære meg no. Det er i det heile utruleg mykje fin musikk i framsyninga, forklarar Kim Helge.
Det kritikarroste filmlydsporet, skrive av Glen Hansard og Marketa Irglova, er også hovuddelen i musikalens partitur. Låta «Falling Slowly» vann i si tid Oscar-statuetten for beste filmsong. Alle som står på scenen i Once trakterer instrument og utgjer også bandet i framsyninga.

Draum i oppfylling

For Kim Helge Strømmen har draumen vore nettopp å stå på scenen på Det Norske Teatret.
- Det har vore ein draum sidan eg visste kva Det Norske Teatret var. Eg minnest sterkt mine første teaterstykke her, at eg såg Peter Pan og Døden i Teben. Og An- Magritt med Heidi Gjermundsen Broch og Paul-Ottar Haga. Vi fekk seinare besøk av Heidi på skolen. At eg no er kollega med dei, er litt stas, avsluttar ørstingen som no skal få bruke røysta og dialekta si på ein scene der dei verkeleg høyrer heime.

Artikkelen er publisert 5. november 2024.