Bakgrunnsartikkel

Ei vittig og varm familiehistorie frå Oslos austkant

Småfrekk, fornøyeleg, sjarmerande og forfriskande. Lovorda har hagla over Gulraiz Sharifs roman Hør her’a etter utgjevinga hausten 2020. Sharif skildrar på originalt og særeige vis ein harmonisk norsk-pakistansk kjernefamilie som i løpet av ein sommar må endre syn på seg sjølv og omverda.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef, Det Norske Teatret

Sharifs pangdebut fekk stor merksemd og han blei omtalt som det friskaste pustet i bokhausten 2020. Fleire prisar, nominasjonar og ein spelefilm seinare er romanen no også dramatisert og klar for teaterscenen. I Det Norske Teatrets prøvesal har skodespelarar og det kunstnarlege laget samla seg for å lage teaterversjonen. Toril Solvang på regi står også for manus og har gjennom det siste året endra konseptet fleire gonger.

- Vi skal lage teater, ikkje film. Og vi skal heller ikkje gi att ei bok. Vi vil bort frå det realistiske og over i det teatrale. Her skal vi skape illusjonar, ikkje illustrere forteljinga. Det blir ei viktig oppgåve for skodespelarane, men også for scenografien, lysdesignet og musikken, seier Solvang.

Toril Solvang har dramatisert Gulraiz Sharifs roman Hør her'a for scenen. Ho har også regi på stykket.

Teater, ikkje film

Sandra Kolstad har komponert lydsporet for framsyninga og ser på musikken som bitar i eit tetris-spel. Det er både hardt, elevert, ømt og friskt. Og kan leggast der det måtte vere plass. Scenografien er ved Katja Ebbel som også har latt seg inspirere av forventningsbrot.

Katja Ebbel til venstre er scenografen som skal fargeleggje denne rike fellesskapen. Sandra Kolstad skal sette lyd til forteljinga om Mahmoud og veslebroren Ali.

- Dette er teater, vi kan lage ein anna visualitet når vi arbeider i eit scenerom. Så vi har leita etter eit målerisk uttrykk, ein slags abstraksjon over ein urban kontekst.

Skisser og kostymeteikningar er fargerike, organiske og fulle av kontrastar. I starten er det meste nettopp det. Abstrakt og tenkt. Førebels er framsyninga berre idear, fantasiar og ønske. No er arbeidet i gang med å gjere dette konkret – i den forstand at alle element skal passe saman, lage ein forbindelse mellom sal og scene, setje i gang fantasien hos eit publikum – og trengje gjennom på eit vis som gjer at Sharifs frodige og sjarmerande forteljing oppstår i ei heilt ny form.

Peiman Azizpour og Gaute Adela Aastorp Gudjoe jobbar seg gjennom teksten.
Peiman Azizpour og Gaute Adela Aastorp Gudjoe jobbar seg gjennom teksten.
Første dag samla i prøvesalen. Ein liten produksjon samlar likevel mange menneske.
Første dag samla i prøvesalen. Ein liten produksjon samlar likevel mange menneske.
Manish Sharma er mellom skodespelarane som skal gi liv til karakterane i Sharifs roman.
Manish Sharma er mellom skodespelarane som skal gi liv til karakterane i Sharifs roman.
Scenemodellen til Katja Ebbel er full av fargar.
Scenemodellen til Katja Ebbel er full av fargar.

Sommaren som endra alt

For skodespelarane er leseprøven det første møtet med eit fersk konsept. Etter kvart blir dei meir fortrulege med karakterane sine. 15 år gamle Mahmoud ønsker å chille med kompisar gjennom den lange sommarferien. Men ein onkel som kjem på besøk frå Pakistan gjer at planane må endrast. Mahmoud får nemleg oppgåva med å guide onkelen gjennom Oslo.

Etter kvart kjem det for ein dag at veslebroren Ali på 9 år har utfordringar knytt til kjønnsidentiteten sin. Dette gjer både faren og mora engstelege og opprørte. Heile familieharmonien blir sett på prøve, for kva vil vel ikkje onkelen fortelje slekta i heimlandet når han drar tilbake?

Alle skodespelarane skal bidra til å formidle historia i Hør her'a. Dei vekslar på å spele alle rollene.

På rollelista står Peiman Azizpour, Manish Sharma, Gaute Adela Aastorp Cudjoe og Jae Nyamburah Karanja (ikkje til stades da bildet blei tatt).

Tradisjonar og fordommar

I Hør her’a møter pakistanske tradisjonar eit moderne og meir liberalt Noreg. Historia vidarebringar fordommar pakistanske innvandrarar har mot etnisk kvite nordmenn, samstundes som ho også er eit oppgjer med trongsynet dei sjølv blir møtt med i det norske samfunnet. På scenen vil fire skodespelarar bringe liv til alle karakterane i forteljinga om Mahmoud og Ali. I eit konsept der alle skodespelarane er tenkt inn i alle rollene.

Teksten blei først publisert 12. januar 2024, og er oppdatert 8. februar 2024.