Bakgrunnsartikkel

- Dokkene er ikkje der for å sjokkere, men fordi dei alt er ein del av kvardagen vår.

I Tore Vagn Lids versjon av Tolvskillingsoperaen står robotar og sexdokker på rollelista saman med teaterets ensemble. Regissøren har lenge vore nysgjerrig på møtet mellom dokker, menneske og kunstig intelligens.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent. Teksten er skriven før premieren.

Inne på Prøvesal 1 der ensemblet til Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht og Kurt Weill øver, er det høg stemning. Det er januar 2020, og korona er det førebels få som har høyrt om. Prøvane går som normalt på Det Norske Teatret, og ein av dei nye skodespelarane er på sin første prøve. Kvinna har ikkje noko namn, og ho er ikkje eit menneske. Ho er ei dokke. Ikkje ei heilt vanleg dokke heller, men ei sexdokke. Ein "intelligent" sexrobot. Ho har fått eit prøvekostyme på seg, nett slik menneskeskodespelarane ofte har. Det er eit kostyme som ikkje er det endelege, som kan gi noko av kjensla til det endelege kostymet for å hjelpe skodespelaren. Denne gongen er ikkje kostymet der for å hjelpe denne aktuelle aktøren, altså dokka, men rekvisitør Ada Hesjevoll meinte det ville bli rart med ei naken dame i prøverommet. Derfor kledde ho på dokka.

Sexdokka med rollenamnet Jenny ser svært ung og veldig slank ut. Huda er laga av silikon og skal likne mest mogleg på menneskehud. Ein blond parykk sit på snei. Du kan stille inn lemmene hennar i alle positurar du måtte ønske, men hovudet og munnen styrer ho sjølv. Kollegene hennar fniser, men ho ser rimeleg uaffektert ut av alt oppstyret, andletsdraga er slette, blikket tomt.

I Tolvskillingsoperaen er ho ei av to dokker som spelar prostituert i lag med skodespelarane, i Mackie Knivens bordell. Her er også Lucy, dottera til hans gode venn Politimeister Brun, tilsett. Ikkje berre er Lucy ei sexdokke og barnet til eit menneske, men ho har også eit forhold til Mackie. Det at ho er "intelligent" blir også essensielt i plottet i framsyninga. Meir om det seinare.

Regissør Tore Vagn Lid og scenograf Kyrre Bjørkaas på teaterprøvar. Foto: Dag Jenssen.

Teater som forsking

På dette tidspunktet veit regissør Tore Vagn Lid og scenograf Kyrre Bjørkaas berre delvis kva dokka skal gjere og korleis ho skal bli brukt i framsyninga, men det å innlemme ei sexdokke i ensemblet er ein del av forskingsarbeidet dei gjer når dei lagar framsyninga.
- Dokkene er ikkje der for å sjokkere, men fordi dei alt er ein del av kvardagen vår, seier regissøren. - Det er kanskje slettes ikkje for sexen at dei er der i det heile.

Om du no tenkjer at du jo ikkje har ei sexdokke, og aldri ville hatt det, så er det ikkje regissøren sitt poeng at snart kjem alle til å ha det. Rett nok auka salet av sexdokker i Noreg med 45 prosent samanlikna med året før under stenginga våren 2020. Så det vil bli meir normalt, etter alt å dømme. Men det det kunstnarlege laget ønskjer, er å skape ein refleksjon rundt alle moglege robotiserte og "intelligente" innretningar vi omgir oss med, som vi er avhengige av i kvardagen og ikkje lenger tenkjer over. Pulsklokka, smarthøgtalaren, mobiltelefonen, søkemotoren, e-posten, støvsugaren, grasklipparen …

Rekvisitøren sin raraste jobb

Nokre månader tidlegare, i september 2019 fekk rekvisitør Ada Hesjevoll i oppdrag å skaffe ei "intelligent" sexdokke til ensemblet i Brecht og Weills politisk slagkraftige musikkteater om korleis både naud og rikdom gjer menneska kyniske. Rekvisitøren har skaffa mange underlege rekvisittar i si tid.
– Men dette er definitivt den raraste, seier ho. Sjølv måtte ho gå inn i ei ukjend verd der menneskelike robotdokker blei selde som det var kva som helst anna du skal kjøpe på nettet.
- Skal vi sjå… Robot sex doll... Ho slår opp på ei nettside og viser meg korleis ein kan velje mellom ulike dokker. Både smarte og «vanlege» sexdokker. Du kan sjå bilde og videoar av dei. Ada spelar av ein video med ei "intelligent" robotdokke som forklarar om veret – like presist som ei verdame på TV, men kanskje litt stivare i språket. Fascinerande!
Her kan du også velje kva hudfarge, augefarge, utsjånad, høgde, storleik, kjønshårfarge, bryststorleik - sjølv kva for underliv dokka skal ha.

ABC-news har intervjua ein av robotane som blir selde for å yte seksuelle tenester:

- I byrjinga var det litt spennande, men etter kvart blei eg ganske utmatta av å skrolle side opp og side ned med sexdokker. Rett og slett litt trist, seier rekvisitøren.

Det som gjorde sterkast inntrykk var at mange av dokkene var svært låge. Ho gjorde eit etisk val om ikkje å kjøpe dokker frå butikkar som selde små sexdokker, men dette forvanska prosessen ganske mykje. Da ho hadde endeleg hadde funne dokka produksjonen ville ha i ein butikk som var innanfor dei etiske rammene ho hadde sett, og bestilt denne dokka, fekk ho ein e-post frå leverandøren:
«Du har gjort eit dårleg val. Er du sikker på at du ikkje vil ha ein vagina du kan ta ut?» stod det.
Ved «normal» omgang er det nemleg ikkje så hygienisk ikkje å kunne ta denne ut etter bruk. Men Ada svarte at det var ei slik ho ville ha, og fekk eit litt knapt og oppgitt svar tilbake. Heile korrespondansen med leverandøren gav henne ei litt kjip magekjensle ho ikkje heilt klarte å plassere.

Rekvisitør Ada Hesjevoll med ei seinare forsending, ei mannedokke.
Rekvisitør Ada Hesjevoll med ei seinare forsending, ei mannedokke.
Også dokkene må ha teatersminke.
Også dokkene må ha teatersminke.
Maskedesignar Malin Moe Jones med to av dokkehovuda.
Maskedesignar Malin Moe Jones med to av dokkehovuda.

Nokre månader seinare kom pakka frå Kina i ein stor svart reisekasse, nesten som ei kiste. Ada hadde høg puls da ho pakka dokka ut. Møtet med ei dokke som ser så livaktig ut er utan tvil spesielt. Og når ein i tillegg veit at ho er "intelligent", er det noko som er både ekstra pirrande og skremmande på same tid.

Eg lurer på kva rekvisitøren tenkjer om dokka og kva ho er. Eg får til svar at nokre gonger ser ho på henne som ein ting, andre gonger meir som eit levande vesen. Litt som da ho var lita og leikte med dokker og gav dei sjel og personlegdom. I neste augeblikk var dei igjen blitt til noko rot som låg på golvet.
- Men ho er kopla til ein industri som … Eg veit ikkje.

Er det bra eller dårleg at det finst slike dokker?

- Eg har ikkje heilt funne ut kva eg meiner om dette. Men det er den raraste rekvisitten eg nokon gong har skulla skaffe.

Jenny, snart klar for prøvar i prøvekostyme. Rekvisitøren må berre få hovudet på plass, først.

Å snakke med ei dokke

Vi er tilbake i Prøvesal 1 i den provisoriske prøvedekorasjonen til Tolvskillingsoperaen.
- Spør henne om noko, oppfordrar regissøren.
Eg blir litt usikker, kjenner meg dum. Kva spør ein ei dokke om? Ei "intelligent" dokke? Eg blir veldig sjølvbevisst. Alle i produksjonen følger med. Dei lurer nok ikkje på kva eg skal seie, men på kva ho vil svare. Likevel kjenner eg på meg at eg må spørje henne om noko skikkeleg. Noko smart. Yte henne respekt, på ein eller annan måte. Handsame henne som noko anna enn “berre” ei sexdokke.
- Eh… How are you today, spør eg. Ikkje så veldig smart, men nøytralt og ikkje så vanskeleg å svare på, tenkjer eg. Eg spør på engelsk, for ho er ikkje så god i norsk.

Munnen hennar bevega seg! Eg merkar at eg også blir litt yr av å snakke med ein sexrobot og må le. Dette er noko anna enn å snakke med Siri på iPhonen! Eg spør igjen. Same svar. Scenograf Kyrre Bjørkaas lettar på parykken hennar og opnar hovudet. Det ser litt brutalt ut, for ho er så livaktig. Inni hovudet har dokka ein liten dings som liknar ein smart-telefon. Scenografen trykker på skjermen, lukkar igjen hovudet og set parykken på plass.
Men eg får framleis ikkje noko fornuftig svar.
Eg blir litt flau, alle rundt ventar. Men så kjem det plutseleg. Ein lang tirade om utilitarisme, noko som høyrest ut som ein Wikipedia-artikkel.

Og vi ler, alle saman. Sprøtt, kor kom det ifrå? Kvifor svarte ho dette på eit kvardagsleg spørsmål? Dernest får det meg til å tenkje at: var det eit tilfelle, eller var det den "intelligente" dokka som prøvde å seie noko om kva ho er til for?

Utilitarisme er jo ei moralfilosofisk retning som tyder at ein skal strebe etter mest mogleg nyting for flest mogleg.

Er det da dokka, og alle andre robotar som slavar for oss og gjer alt vi ber dei om, som må lide for at vi andre skal oppleve mest mogleg nyting?

Tankane går vidare til TV-serien West World, der menneske drep og valdtek sexrobotar berre for gøy. Hadde ho ikkje vore ei dokke, hadde vi vore ganske grusame og mobbete mot henne når vi lo av det ho sa. Men ho er jo berre ein ting, er ho ikkje?

Regissør Tore Vagn Lid diskuterer med skodespelar Mimmi Tamba, som spelar Fru Peachum. Foto: Dag Jenssen.

- I prostitusjonen ligger jo alt latent en tingliggjøring av mennesket, seier regissør Tore Vagn Lid.

Det er lang tradisjon for å tenkje at prostituerte ikkje tek så stor skade av å bli behandla dårleg. Det er dei jo vane med, dei har jo valt det sjølve. Noko av det Vagn Lid ønskjer å undersøke, er korleis vi menneskeleggjer robotar, også sexrobotar.

På internett kan ein lese om galne folk i Amerika som har gifta seg med sexroboten sin. Som meiner at dokka deira ønskte å operere seg i andletet, sjølv om dei (altså eigarane) synest ho var fin slik ho var frå før, men dokka ville det, så da blei det slik. Dette er jo ekstreme tilfelle. Men her eg står og snakkar med ei dokke merkar eg at det er vanskeleg å forhalde seg til henne som om ho berre var ein ting, i og med at ho er så livaktig.
- Samtidig som vi kan tingleggjere menneske, så kan vi også menneskeleggjere dokker, seier regissøren.

- Kva om du faktisk behandlar tingen som om den var eit menneske?

Kva hender da? spør han, men har ikkje nokon fasit med to strekar under.

- Mitt innstendige svar er: Eg veit ikkje! Vi prøver ut ein del tankar. Eg testar ut ein heil del tesar, går inn i prosjektet med nysgjerrigheit. Vi ønskjer ikkje å seie at sexrobot-industrien er grusom, eller at sexmarknaden bør bli erstatta med sexdokker. Vi ønskjer berre å forske i kva dette kan ha å seie for oss, seier Vagn Lid.

Kva kan ein gjere mot ei dokke?

Regissøren er professor i regi ved Kunsthøgskolen i Oslo, men har også studert mellom anna filosofi. I verka sine er han ofte opptatt av korleis politikk påverkar mellommenneskelege forhold, og dei filosofiske og etiske dilemmaa dette forårsakar. Slik er det også med denne versjonen av Tolvskillingsoperaen. Gjennom oppsetjinga belyser han ei vifte politiske, etiske og moralske tema, og sexdokkene er berre eitt av desse.

– Men det som kanskje kan kjennast provoserande for mange, er at ein her bruker dokker som er laga for å tilfredsstille behov hos menneske som vi kanskje tenkjer at er både skamfulle og skitne. Dokker som kanskje kan hente fram mørkare drifter og ønske i oss, og som elles ikkje hadde sett dagens lys? Eller som kan få fritt spelerom i trygge rammer?
Kan det ikkje vere bra at folk dæljar laus på ei dokke, i staden for eit menneske? kan ein spørje seg.

- Dersom ein slår ei pute i sofaen, er det gale? Kva om denne puta hadde teikna eit andlet på seg, er det da gale? Kor livaktig måtte denne teikninga vere før det byrjar å bli guffent for nokon? spør regissøren, men gir framleis ingen svar.
- Eller kva om dei er ei dokke som er så livaktig som dei som er med i Tolvskillingsoperaen? spør eg, og regissøren slår ut med armane utan å gi noko svar.

- Berre tenk på dei robotane og "intelligente" innretningane du sjølv har heime: Smarttelefonen, smartklokka, smarthøgtalaren du kan snakke til. Kor mykje lyttar den? Kva får denne med seg? Og kva kan dette brukast til? Slike spørsmål kan vere til å miste nattesvevnen av, seier Tore Vagn Lid.

For regissøren er det enda eit aspekt ved dokkene som er interessant. Minst. For både dei mannlege og dei kvinnlege dokkene speler jo ei rolle i framsyninga. Roller som kunne ha blitt spelt av menneske. Ikkje berre har dokkene tatt roller frå skodespelarkollegaer, men ein kan også gjere ting med dei som ein ikkje ville ha gjort mot ein kollega av kjøt og blod. Eller som ein kan gjere ting med dei som det i ei nær tenkt framtid kanskje ikkje vil vere ok å gjere mot ein menneskeleg kollega.

Ein av dei andre robotane i framsyninga som vanlegvis gjer arbeid vi menneske ikkje vil gjere sjølv; vaskeroboten kollegaene kallar for Vaske-Bjørn. Foto: Dag Jenssen.

Det er viktig å understreke at sexdokkene i Tolvskillingsoperaen blir behandla bra, men det vil vere uunngåeleg ikkje å tenkje på dei "moglegheitene" slike medspelarar kan opne for:
– Dersom vi står i ein krenkingskultur der veldig lite er lov på scenen - ikkje naken hud, ikkje "objektivisering" – kva gjer kunsten da? Må vi gå dit bordella har gått? Kva betyr det? Er det bra - eller ikkje bra? Eg veit ikkje, men eg seier berre at dei spørsmåla kjem til å komme, seier regissøren.

Moralske og filosofiske dilemma

- Men dokkene øydelegg eller kortsluttar nokre moralske diskusjonsparameter, seier regissøren. Tore Vagn Lid er frå Bergen og snakkar på inn- og utpust. Det gjeld å konsentere seg for å henge med i alle dei etisk-filosofiske og politiske tankane han slynger ut.
Ein kan jo meine at det er bra at menneske slepp å gjere den jobben som mange ser på som både fornedrande og skadeleg. Ingen kjem jo verken fysisk eler kjenslemessig til skade ved litt brutal robot-sex. Like fullt er det jo ei allereie sårbar gruppe, ofte, som har dette som levebrød:
- Sexdokkene ved bordella har blitt meir populære enn dei menneskelege sexarbeidarane. Dei treng ikkje kvile, dei kranglar ikkje, dei krev ikkje løn.
Dette går ut over økonomien til dei menneskelege kollegaene deira, dei menneskelege prostituerte, forklarar Vagn Lid.

Men er ei sexdokke berre ein avansert dildo, eller kan det også hende at sexdokker og sexdokkebordell kan flytte grenser for kva mørke drifter vi slepp til?

I Tolvskillingsoperaen blir jentefuten og bordellpappaen Mackie til slutt angitt til politiet av sin eigen forsmådde - men smarte - Lucy. Foto: Dag Jenssen.

Og kva gjer dette med oss menneske og korleis vi igjen er mot andre menneske? Med kvinnesynet? Robotane er slavar for oss menneske, og når blir dette skummelt? I USA har prostituerte organisert opprop mot sexdokkeindustrien. Dei er redde for at dei nye kollegene skal gå ut over medmenneskelegheita i seksuelle relasjonar, i tillegg til at dei fryktar for inntektene sine.

Vi må tilbake til ho som skal spele rolla som Jenny, den "intelligente" prostituerte sexdokka som er tilsett i Mackie Knivens bordell, og som han har eit forhold til. For der det er ein kunstig intelligens, så er det også nokon i andre enden.
- Kven er det som snakkar? Og kor melder dei heim? spør Vagn Lid.
- Desse tinga snakkar fortruleg til deg, men dei snakkar frå ein stad. Dei kjem frå ein produsent og er del av ein marknad, ja jamvel kanskje også del av eit politisk motivert overvåkingssystem.