Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Tolvskillingsoperaen

Det snart 100 år gamle musikkteaterstykket av Brecht, Weill og Hauptmann har sidan urpremieren i 1928 blitt spelt tallause gonger, og er ein milestolpe i teaterhistoria, både i sjanger og innhald.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Tolvskillingsoperaen viser innretninga av eit samfunn der alt og alle er til sals, der ingen og ingenting har meir verdi enn det har på ein marknad. Og der ingenting er unntatt denne marknaden. Ingen kan stole på nokon eller noko. Heller ikkje sine eigne kjensler.

Tolvskillingsoperaen stiller grunnleggande spørsmål ved objektiviteten til myndigheitene, kritiserer kapitalismen og hierarkiet i samfunnet. Stykket skildrar kor djupt menneske kan søkke for å skaffe mat på bordet til seg sjølv og sine, og kor kort avstanden er frå den armaste fattigdom til den mest ubegripelege rikdom.

Peachum driv saman med kona og dottera Polly ei lukrativ verksemd, der alle tiggarane i byen er tilsette.
Peachum driv saman med kona og dottera Polly ei lukrativ verksemd, der alle tiggarane i byen er tilsette.
Undergrunnshierarkiet blir etter kvart truga av svindlaren Mackie Kniven, som har eit nært vennskap med barndomskameraten Politimeister Brun.
Undergrunnshierarkiet blir etter kvart truga av svindlaren Mackie Kniven, som har eit nært vennskap med barndomskameraten Politimeister Brun.
Når Mackie forfører dottera til Peachum...
Når Mackie forfører dottera til Peachum...
...samstundes som han har eit forhold til politimannens dotter, Lucy, er det duka for trøbbel.
...samstundes som han har eit forhold til politimannens dotter, Lucy, er det duka for trøbbel.