Den amerikanske poeten, dramatikaren og romanforfattaren Langston Hughes (1901 - 1967) var ein av innovatørane innfor det som blei kjent som jazz-poesien. Han var også leiar for den intellektuelle og kulturelle rørsla Harlem Renaissance, og verka hans inspirerte den amerikanske borgarrettsrørsla, kampen for likeverd og mot rasisme.
Også Hansberry var sterkt påverka av kunstnarskapen hans. Diktet Harlem handlar om draumar som ikkje går i oppfylling, og strofa "a raisin in the sun" refererer til nett dette:
Harlem
Kva skjer med ein draum sett på vent?
Tørkar han ut
Som ei rosin i sola?u
Eller verkar han som eit sår –
Og sidan renn?
Eller stinkar han som ròte kjøtt?
Eller får han skorpe med sukkerlokk –
Som ei sirupsaktig søtsa
Kanskje han berre heng
Som ei tung bør
Eller eksploderer han?
– Langston Hughes, gjendikta av Sofia Knudsen Estifanos og Ida Hove Solberg.
Harlem
What happens to a dream deferred?
Does it dry up
like a raisin in the sun?
Or fester like a sore—
And then run?
Does it stink like rotten meat?
Or crust and sugar over—
like a syrupy sweet?
Maybe it just sags
like a heavy load.
Or does it explode?
– Langston Hughes
Foto: Carl Van Vechten