Bakgrunnsartikkel

Dette er karakterane i Ikkje ein lyd

Alle kjem frå ein plass. Mange kjem frå ein mindre plass. Mange av oss har reist heimanifrå av ulike grunnar. Nokre flyktar frå noko. Andre dreg ut med store draumar. Nokre vil berre vekk. Møt personane i Ikkje ein lyd.

Men så er det også dei som reiser heim igjen. Kanskje vil dei tilbake for å finne eit rolegare liv. Kanskje draumen brast, og dei søker å finne noko håpar dei la igjen der heime. Felles for mange som reiser tilbake, er at dei håpar å finne noko som kan kallast røter, seg sjølv eller ei tilhøyrsle dei ikkje fann der ute.

I Ikkje ein lyd samlast sju vaksne menneske på ei øy ein sommar, der dei saman håpar å kunne gjenskape noko av det dei har sakna.

Marie Blokhus er Rakel

Rakel er ho som ofte har rolla som vertinna.
Men som dei fleste andre på øya, er ho eigentleg einsam og søker kontakt med andre.
Inst inne har ho kanskje også ein draum om ein familie.

Kyrre Hellum er Sjur

Sjur er kjærasten til Rakel, og dei har vore i lag i tre månader. Han bestemte seg fort for å bli buande på øya. Han ønskjer seg også ein familie, men er ikkje heilt bevisst det.

Sara Khorami er Magdele

Magdele er adoptert inn i familien til Rakel, og er yngst i søskenflokken på sju. Ho har budd på øya nesten heile livet, har aldri hatt kjærast eller ein djup relasjon med eit anna menneske. Ho kjenner seg på utsida av det vesle øysamfunnet.

Leo Magnus de la Nuez er Olav

Olav er ein rastlaus sjel som har levd et omflakkande liv. No er han tilbake for å vere i lag med dei gamle foreldra sine. Lite anar han om at han skal møte sitt livs kjærleik på toppen av eit fjell, og at han skal få ei søster.

Thea Lambrechts Vaulen er Allis

Allis har ikkje vokst opp på øya, men er av den impulsive typen og har levd eit omflakkande liv. Ho kjøpte seg eit hus usett, og bestemte seg for å vokse fast på øya.

Vetle Bergan er Lars/Lara

Lars kjente seg alltid framand på øya, og stakk langt vekk da han var ungdom.

Foreldra lot lokalsamfunnet tru at guten deira hadde tatt sitt eige liv. No er begge foreldra døde, og han er komen heim for å brenne barndomsheimen ned. No vil han bli ein annan. Bli Lara.

Preben Hodneland er Kristoffer

Kristoffer er den einaste som har visst at Lars/Lara ikkje var død. Kristoffer har budd i byen, der han har hatt ein kjærast som dumpa han.
Han har kraftig hjartesorg.

Kristoffer har også blitt forlate av Lars/Lara tidlegare, det er ei sorg som sit i han.

Fire har vendt tilbake til heimplassen. To er nye i det vesle samfunnet, mens ein av dei aldri drog. Nokre har funne til øya for å kome unna livet dei hadde, andre for å finne tilbake til det som eingong var, det som dei kanskje har mista.

Det blir festar, det blir lette og tyngre samtalar der mykje om livet, kven ein er og har vore kjem til overflata.