Annleislandet, tillitssamfunnet, og oljefondet sitt heimland hadde jo alltid klart seg. Når europeisk jord vart farga raud av islamistisk terror, når Island, Hellas og dei amerikanske finansmarknadene knekte ryggen under finanskrisa og når 90-åras optimismerus vart til bakrus i amerikanarane sin krig mot terror, var Noreg likevel til å kjenne att. Her kunne kvite varebilar køyre heilt fram til statsministerens kontor, og politisk vald var noko som ramma andre. Sånn vart det aldri igjen. Det Noreg eg levde i som 15-åring kjem aldri tilbake. Det er det lov å kjenne ei sorg over. Men sorgene kan ikkje vare evig, verken dei som kjem etter massedrap eller det saknet vi alle ber på, av ei meir uskuldig tid.
I 2026 står verda på eit demokratisk vippepunkt. Dei autoritære regima mel i stykke folkeretten. I både Moskva og Washington er ein 100 år gammal ideologi som nesten lukkast med å brenne ned verda sist han styrte, igjen ved makta. Eg kan ikkje hugse sist eg gjekk gjennom ei heil veke utan minst ei svært negativ verdsnyheit rullande over skjermen med store bokstavar. For meg er det ei hjelpsam øving å minnast at mi verd er blitt snudd fullstendig på hovudet før. Og nettopp derfor trur eg at eg veit noko om kva som trengst når den gamle verda er ugjenkalleleg borte.
Mi salige farmor budde i eit hus reist under gjenoppbyggingsåra etter krigen. I stua hennar lukta det alltid sigarettrøyk, og på kjøkkenet stod det eit grått respatexbord ho sat inntil fleire timar av gongen. Som barn forstod eg aldri korfor ho vart så streng når vi barnebarna gløymde å lukke dørene mens vi sprang inn og ut i ein sommarferie eller på overnattingsbesøk om hausten; men farmor var redd for trekken. Som barn høyrdest det underleg ut, inne hos ho var det alltid fyr i peisen og det låg alltid store bjørkekubbar klare til å leggast inn når flammane vart til glør. Trekken var eit uforståeleg konsept for meg som barn. Som vaksen forstår eg at livet mitt er forma av han. Det finst ingen store nynazistgrupper i dagens Noreg. Den økonomiske ulikskapen hos oss er lågast av alle verdas meir enn 190 land. Folk har, trass i store kriser, framleis stor grad av tillit til både politikarane og institusjonane. Men vi er ikkje vaksinerte mot den fascistiske vinden som heimsøker verda vår.
- Ingen vaknar opp ein morgon som terrorist.
Ingen vaknar opp ein morgon som terrorist. Terror er endestasjonen i ei reise som startar med eit skilje mellom «oss» og «dei». Dei siste tiåra har sterke politiske krefter frå det ytste høgre brukt milliardar av kroner på å puste liv i glørne av hat og vondskap. Gjennom skjermen kjem dei inn på guteromma til sønene våre. Ved å spele på ekte kjensler som ligg latente i kvar og ein av oss, men kanskje særleg blant sårbare unge menn, har dei gitt all verdas urett og faenskap eit fiendebilde. Feministane. Sosialistane. Antirasistane. Kvinnene. Transpersonane. Innvandrarane. Jødane. Muslimane. Dei framande.
Hat og fiendskap har fått gode vekstvilkår i ei verd der døra til det ekstreme har stått på vidt gap. 22.-juli-terroren var ei påminning om kva som ventar om trekken får festa taket. Sidan den gongen har vi sett det igjen, da ein ung høgreekstrem drap søster si, Johanne, før han forsøkte å masseavrette muslimar samla til bøn i Al Noor-moskeen i Bærum. Den 25. juni 2022 vart skeive samla til folkefest i Oslo ramma av grå kuler frå ein radikal islamist. To vart drepne, og mange skadde. 24. august 2025 vart Tamima Juhar knivdrepen av ein høgreekstrem 18-åring mens ho var på jobb for velferdsstaten. Dette er Noreg i dag. Men det treng ikkje vere Noreg i morgon.
- Det vi kan gjere noko med, er korleis verda skal bli.
Det er lett å sakne den gamle verda når morgondagen kjennest mindre trygg enn gårdagen. Men ingen av oss kan hente tilbake det som var. Det vi kan gjere noko med, er korleis verda skal bli. Etter 22. juli var det ikkje noko eg heller ville enn at alt skulle bli som det hadde vore før. Eg var sterkt imot at AUF igjen skulle arrangere sommarleir på øya, nettopp fordi det aldri igjen ville bli som det ein gong hadde vore. Ingen stader på den vesle øya var urørt av terroråtaket. På fleire av dei mest populære badestadene var heile grupper med ungdommar utrydda. Frå kafebygget der vi diskuterte fritt Palestina på dagen og spelte kort om kvelden, flykta eg sjølv ut idet gjerningsmannen skaut og drap 13 andre. Å tru at nye generasjonar unge skulle kunne bade, le, diskutere og kline der fleire av mine nærmaste vennar frå AUF vart drepne, kunne ikkje vere anna enn eit falskt håp.
Eg sat heime og såg bilde av dei første leirane tilbake på øya. Der var det ei blanding av gamle og nye AUFarar som diskuterte politikk med landets øvste politikarar. Det var vennegjengar som svei av alle lommepengane i kiosken og forelska 16-åringar som heldt hender på Kjærlighetsstien. Mykje var faktisk som det ein gong hadde vore. Men det var også noko nytt. Det var ungdommar som tok ei stille stund for seg sjølv mens dei stod ved minnesmerket der namna til alle dei 69 offera står skorne inn i ein ujålete, men høgst elegant metallring. Det var overlevande som viste yngre leirdeltakarar rundt i Hegnhuset, det nye bygget som kapslar inn dei skadde delane av kafebygget i eit slåande vakkert nybygg som lyser opp teltplassen. Og det var eit fornya engasjement i stemmene til ungdommane idet dei torna mot rasisme og hat – og insisterte på krafta i fellesskap og solidaritet. Motet deira tente lyset som leia meg tilbake.
- Motet deira tente lyset som leia meg tilbake.
Det tok mange år før eg skjønte det, men eg er glad for at eg tok feil. Sidan den første sommarleiren min tilbake til Utøya i 2017 har eg vore på øya eit utal gonger. Kvar gong reiser eg derifrå med fornya tru på verda. Utøya vart ikkje som ho hadde vore, ho vart ei ny kraft, bygd på dugnad og ungdommeleg trass. Utøya reiste seg frå tragedien og vart ein stad som i dag gir titusenvis av besøkande tilbake trua på mennesket. På seine kveldar ved breidda av Tyrifjorden kan du sjå øya lyse opp og minne oss om at mørket ikkje varar evig.
Utøya, Noreg og eg vart forandra for alltid den mørke ettermiddagen i 2011. Den verda som fanst 21. juli 2011 kjem aldri tilbake. Det same gjeld det uskuldige annleislandet eg lærte om i barne- og ungdomsåra mine tidleg på 2000-talet. Farmor har vore død i snart 20 år; i dag veks oldebarna hennar opp på den staden der ho og farfaren min skapte livet sitt for meir enn eit halvt hundreår sidan. Verda går framover. Framtida kjem, enten vi vil det eller ikkje. Først når vi forstår dét, kan vi frigjere oss frå lengslane etter alt som var og rette blikket framover.
Det er ei felles oppgåve å finne lyset når mørket omringar oss. La oss hindre at trekken frå uvêret rundt oss sløkker flammen som held oss saman, og i staden tenne tusen små lys som viser veg ut av mørketida.
Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk
TOPPFOTO Frå opninga av AUFs sommerleir på Utøya, 2024. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB.