Bakgrunnsartikkel

Det er ei ny Anna i byen!

Da Tiril Heide-Steen var lita trippa ho rundt i gangane på Det Norske Teatret og samla opp grøne smaragdar. Som vaskeekte teaterbarn er ho bokstavleg talt vakse opp i gangane her. No er det hennar barn som vil tråle gangane etter snøfnugg frå Frost, når Tiril no går inn i rolla som Anna.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Det er mykje som skal lagast til og tilpassast når ein ny skodespelar skal inn og alternere i ei rolle. Frå no skal Tiril Heide-Steen byte med Ina Svenningdal på å spele rolla som Anna. Det er eigne kostyme, det er flygeprøver, øving på song og dans.
- Og ikkje minst er det sjukt mykje å hugse på av arrangement på scenen av kor ein skal stå og gå og mykje timing, seier Tiril, og smiler medan ho himlar med auga.

Inne på kostymeavdelinga har det på det vi kallar for "øverhøyr", og akkurat denne dagen er den stilt inn på lyden frå Hovudscenen, der Frost blir spelt for ein fullsett sal med 750 sjetteklassingar i regi av Den Kulturelle Skolesekken. Desse barna er flaska opp på Elsa og Anna, og mange av dei har sikkert kledd seg opp i blå Elsa-kjolar frå to-tre-årsalderen og sunge Let it go av alle krefter. Siste songen er nett ferdig, og i salen bryt det ut vill jubel, plystring, hoiing og taktfast applaus.

Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

- Reaksjonane til barn er så umiddelbare og ærlege, og det synest eg er ganske fantastisk. Det er ei spesiell kjensle å stå på scenen når forventnadsfulle barn og vaksne sit saman i eit rom og skal dele ei oppleving i lag, seier den kommande Anna, som ser fram til å stå framfor salen og kjenne energien frå ein full sal med familiar. Nett som Anna i Frost, er ho utolmodig etter å opne dørene, komme i gang og møte folk.

Teaterbarn

Ein kan trygt seie Tiril Heide-Steen er arveleg belasta. Ho kjem frå ein vaskeekte teater-familie. Som dotter av Det Norske Teatrets skodespelar Harald Heide-Steen jr., barnebarn av Det Norske Teatrets skodespelar Harald Heide-Steen og nært i slekt med andre teaterstorleikar som Andreas Diesen, Kari Diesen d.y. og Anne Marit Jacobsen, er det ikkje rart det blei skodespelar av henne. Nokre av dei tidlegaste minna Tiril har, er frå Det Norske Teatret, der ho var med far sin på jobb og fekk vere bak scenen medan faren spelte teater.

Ved sidan av skodespelarkarrieren, er Tiril Heide-Steen også jazz-songar. Det var faren som tok henne med inn i jazzens verd, og tidlegare i haust platedebuterte Tiril med EPen Favourites, med songar dedikert til faren, som døydde av kreft i 2008. Eitt av spora er ein duett mellom dei to. Foto: Privat.

Som lita var eg litt sånn: Sjå på meg!

Tiril såg faren spele Løva i Trollmannen frå Oz på Det Norske Teatret i 1995 eit dusin gonger. Foto: Erik Berg.

- Av og til fekk eg også lov til å sitte i lag med suffløsa nede i holet hennar i golvet frampå scenen. Det var heilt magisk! seier Tiril og blir drøymande i blikket.
Dei sterkaste minna er frå faren spelte Løva i Trollmannen frå Oz. Det var da gangane blei fulle av grøne smaragdar frå kostymet til ein av dei andre skodespelarane, og som vesle Tiril grådig samla opp og tok med heim som små skattar.
- Eg fekk så lyst til å vere med inn i eventyret. Som lita var eg litt sånn, seier skodespelaren og strekker armane i veret:
- Sjå på meg! seier ho med barnleg entusiasme og ler.
Det var ikkje rart ho frå tidleg alder fekk ein kunstnarleg løpebane.

Brenn for barn

Som barn var det Putti Plutti Pott i regi av Per Asplin, mange år med Bærum Barneteater, så skolerevyar og så var karrieren plutseleg i gang. Sidan har ho gjesta fleire av landets teater, mellom dei Det Norske Teatret, ved fleire høve. I tillegg til å vere teaterskodespelar, låner ho også ofte bort stemma si til ulike teiknefilmar, og mange barn vil kanskje kjenne henne igjen som Twilight Sparkle i My Little Pony, Marshall i Paw Patrol eller Prinsesse Party Kitty i Lego-filmane. Å skape opplevingar for barn, er noko ho brenn for.
No er det hennar dotter som seier: «Når eg blir stor, kanskje eg også kan vere vesle Elsa eller vesle Anna?»

Artikkelen blei publisert 6. desember 2023. Sist oppdatert 9. desember 2023.

Som barn ønskte Tiril å stå på scenen. No skal ho få vere ein av hovudrollene på teateret ho var med faren på jobb. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.