Bakgrunnsartikkel

Deniz Kaya om kjærleik og Shakespeares rim

I haust står Deniz Kaya på scenen som politisk aktivistisk israelar i «Gutta» – men snart er han også aktuell som forelska ungdom i Ein midtsommarnattsdraum. Da møter han igjen si største frykt: Opphøgd språk på rim.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Første gongen han hadde ein date med rima og blankversa til Shakespeare var som ung og naiv skodespelarspire. Etter ei tid i moderlandet Tyrkia på noko far hans trudde var ein skodespelarskole, var han plutseleg i London. Unge Kaya hadde googla seg fram til det som viste seg å vere nokre av dei mest prestisjetunge teaterutdanningane i Europa, og fekk tilsendt det han skulle framføre på opptaksprøvene.
- Det var på gamalengelsk, og eg skjønte ikkje bæret! Det blei sjølvsagt ikkje noko av nokon av desse skolane. Men erfaringa var likevel superviktig. Det at eg har fått litt juling har drive meg framover, seier Deniz Kaya i dag.

Deniz Kaya og Elpida Stojcevska i

I legeserien LIS på NRK oppstår det søt musikk på arbeidsplassen mellom Joakim og kollegaen Petra (Elpida Stojcevska). Foto: Torbjørn Sundal Holen, Rubicon/NRK.

Etter ei tid bak disken på ein bensinstasjon heime i Noreg, kom han inn på skodespelarutdanninga på det som i dag heiter Høyskolen Kristiania. Sidan har han ikkje gått arbeidsledig. Deniz Kaya har hatt blitt eit kjent fjes for dei fleste gjennom TV-seriar som Knekt, Pørni, Nepobaby og LIS. I tillegg har han hatt roller til dømes i filmen Verdens verste menneske og hatt teatersuksessane Døden på Oslo S. på Nationaltheatret og Sorte gutter gråter ikke, som blei spelt rundt om i Oslo.

Kjærleik og forviklingar

No skal han inn i Shakespeares leikne og romantiske forviklingskomedie Ein Midtsommarnattsdraum, om fire forelska ungdommar. Deniz skal spele Demetrius, som er trulova med Hermia. Men ho nærer sterke kjensler for Lysander. Demetrius er også kjærleiksobjektet til Helena, som er hovudstups forelska i han, noko som eigentleg er ganske plagsamt. Av ulike grunnar hamnar dei alle i skogen ei midtsommarnatt, og det er i løpet av denne natta handlinga utspelar seg.
- Kjærleik er noko av det enklaste og noko av det mest komplekse som finst. Så uføreseieleg og med så mange andlet. Nokre gonger blir du forelska sånn BOOM!, andre gonger bygger det seg opp over tid, reflekterer Deniz.

Demetrius nærer ingen kjensler for Helena i byrjinga av natta. Han svarar hennar teikn av kjærleik med kjølig avvising og avsky.
- Å snurre nokon rundt litlefingeren, slik Demetrius gjer med Helena, er ikkje ein sunn situasjon for nokon av partane. Kjærleiksrelasjonar bør vere likeverdige.

Frå TV2-serien Nepobaby, der Deniz spelar Niko, som plutseleg får ein avsindig rik kjærast (Vivild Falk Berg). Det er faktisk ikkje berre lett, det heller. Foto: Eldorado Content Club/TV2.

Ein forvirra generasjon

Men etter at den rampete alven Puck har gitt Demetrius ein trylledrikk, blir Demetrius også glad i Helena, og det heile endar lykkeleg.

Kanskje dagens unge også hadde trunge ein trylledrikk? Deniz er oppgitt over at mange har for høge krav til val av partnar. Han kjenner folk som har ei liste som skal sjekkast til punkt og prikke før dei torer å gå inn i ein relasjon.
- Eg har inntrykk av at mange tenkjer at dei kan finne den perfekte relasjonen i staden for å bygge han. I tillegg blir det jo kjedeleg, da, om ein finn den «perfekte» matchen. Eg trur vi er ein forvirra generasjon, seier skodespelaren.

- Likar du nokon og synest dei er kule. Så køyr på.

Han oppfordrar folk til å vere litt modige. Sjølv gjekk han i den same baren kveld etter kveld fordi han likte ho som stod på andre sida av disken. Men å ta kontakt torde han ikkje.

- Til slutt sa ho sånn: Hey yo! Kva skjer? Du er jo her heile tida! Og så blei det oss da, seier han og ler.
- Likar du nokon og synest dei er kule. Så køyr på. Trynar du, så er det ein del av gamet. Du lærer noko nyttig av det også. Alle har godt av å ha opplevd at livet har banka deg litt, lyder oppmodinga frå Deniz.

Men no skal han sjølv gi seg i kast med det han er redd for, nemleg dikta til Shakespeare.
- Det er på tide å møte den frykta no.

Artikkelen blei først publisert i repertoarmagasinet til Det Norske Teatret hausten 2026. Publisert på nett og oppdatert 7. noveber 2026.