For mange kjem julestemninga med musikken. Mange av songane vi syng i desse dagar, er gamle salmar, og ein av dei viktigaste bidragsytarane til den norske salmeskatten var Elias Blix. Nokre av dei vakraste salmane vi har på norsk, er dikta av han: «Gud signe vårt dyre fedreland», «No livnar det i lundar» og «Barndomsminne frå Nordland». Også julesalmane stod sentralt i forfattarskapen. Blix ville fylle heile kyrkjeåret med song.
Men målet var ikkje berre fine salmar. Elias Blix hadde eit språkoppdrag. I ein tale frå 1901 sa han at han «vilde prøva leggja salmarne og Guds ord i det heile rett nær inn til hjarta paa dei mange av vaart folk som talar eit maalføre som er langt meire nærskyldt med landsmaalet enn med bokmaalet; eg vilde at ogso me skulde prøva lovsyngja Krist paa vaar tunga.»
Elias Blix (1836–1902) teolog, politikar, salmediktar og målmann. Foto: L. Szacinski/Oslo Museum
Den aller første nynorske salmen som blei sungen «på vår tunge» i ei kyrkje, var skriven av Elias Blix, og det var «No koma Guds englar». Den gav han første gong ut anonymt i 1875. I denne salmen flytta han julebodskapen frå Betlehem til eit norsk, attkjenneleg vinterlandskap med iskald jord, mørketid, og med Betlehemsstjerna som lyser opp og minner om den glade bodskapen:
No koma Guds englar med helsing i sky,
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig i frå jordi ein helgasong ny
som skal gjennom himmelen ljoda.
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Andre juledag i 1884 blei salmen sungen offentleg for første gong. Det var ei ulovleg handling, for berre salmar frå dei godkjende danske salmebøkene skulle bli brukt under gudstenestene. Prosten Sønke Sønnichsen hadde fått trykt eit ark med tre salmar til gudstenesta. Mellom dei var «No koma Guds englar». Men han mangla altså det naudsynte løyvet frå departementet.
Salmen blei godt motteken av kyrkjelyden denne andre juledagen for 141 år sidan. Faktisk var det så vellykka, at prosten gjentok «ugjerninga» på gudstenesta nyttårsdagen. Seinare melde prosten til departementet at salmen var blitt sungen, og la til at det var på tide at desse landsmålsalmane blei lagt til i salmeboka. På dette tidspunktet var Elias Blix sjølv statsråd og naturleg nok inhabil i saka, dermed blei det statsrådkollega Jakob Sverdrup som skulle avgjere. Sverdrup bestemte at spørsmålet skulle «bero indtil videre».
Høyr Herborg Kråkevik synge "No koma Guds englar" av Elias Blix frå albumet Jul i stova.
I 1892 vart mange av salmane til Blix offisielt godkjende for bruk i gudsteneste. I 1925 kom Nynorsk salmebok, og der var sjølvsagt «No koma Guds englar», og mange andre av Blix sine salmar med.
Elias Blix sitt ønske om å leggje salmane og Guds ord heilt nær hjarta til folk, ved å bruke deira eiga målform, lukkast. Med 130 originale salmar og 76 omsettingar er han ein av dei fremste norske salmediktarane, og kanskje den mest sungne.
I 2025 fyller Nynorsk salmebok 100 år. I den ligg historia om eit språkleg pionerarbeid som byrja med ein julesong, og ei ulovleg handling.
I podkasten Språkoppdraget kan du høyre Herborg Kråkevik snakke om «No koma Guds englar», som ho syng i julealbumet sitt Jul i stova, og på scenen i julekonserten Juleroser på Det Norske Teatret. Du får også høyre Blix-biograf Anders Aschim snakke om denne første, ulovlege julesalmen.
Lytt til Språkoppdragets Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn, Ragnhild Holmås og Anders Aschim.