Før vi blei Feil Teater, var vi kull 8 ved det som blei kalla både HiNT, Nord universitet og Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag. Der gjekk vi frå 2014 til 2017, og vi blei tidleg kjent som ein høglytt klasse. For vi var mange som ville bli høyrt, om det så var for meiningane våre eller berre for bråket vi kunne lage. Vi var ganske stolte av dei små framsyningane vi laga gjennom utdanninga, og i tillegg var vi litt grinete over at ikkje fleire gadd å komme til Verdal for å sjå oss skine. Dermed kalla vi oss Feil Teater, pussa litt på greiene vi var aller mest kry av, sette dei saman til ei to timars framsyning kalla Første feil, og drog på turne sommaren til tredje klasse.
Framsyninga Første feil - på Arbeideren i Ålesund i 2016. Foto: Feil Teater
Etter åra i Verdal laga vi leilegheitsteater og innleia samarbeid med Unge Viken Teater og Teater Innlandet. Og ikkje minst begynte vi å turnere gjennom Den kulturelle skolesekken. Samtidig starta den litt famlande overgangen frå klasse til reint kompani. Det tok tid, og ganske lenge endevende vi vedtektene til kompaniet minst ein gong i året. Enkelte begynte etter kvart å søke andre vegar, mens nye tryne kom til og blei ein del av Feil Teater-gjengen.
Vi får stadig spørsmål om kven som utgjer Feil Teater, og sant å seie lurer vi sjølv innimellom. Joda, vi er vel ein 10 stykke eller så som har faste verv i kompaniet, men Feil Teater er fleire enn berre oss. Vi er folka som lagar framsyningane, folka som turnerer rundt i heile landet og folka som trør til med arbeidshanskar når lageret ser bomba ut igjen. Uansett består Feil Teater av fleire folk enn dei de får sjå på Scene 3.
Da pandemien kom blei vi raskt leie av strøymeløysingar. Det var liksom ikkje der teateret kom til sin rett. Dermed laga vi Det Historiske Slaget om Bakgaarden, der folk kunne sjå framsyninga i sin eigen bakgard frå vindaugskarmen og vippse det dei følte for. Framsyninga har seinare blitt til DKS-framsyninga Det Historiske Slaget om Skolegaarden.
Det var omtrent på den tida at tanken om å lage teater som alle har råd til i utradisjonelle scenerom melde seg, og dette blei etter kvart ein del av kjernen i det kunstnarlege prosjektet vårt. Hausten 2020 ville vi lage ei gratis vandrejuleframsyning som ein motsats til dei dyre førjulsframsyningane, men etter kvart gjorde pandemien det ganske vrient å gjennomføre prosjektet. Da det blei påbod om fastmonterte sete på kulturopplevingar, kom ideen om å plassere små kohortar i ein trikk som kunne bli køyrd rundt i eit ombygd kontorlokale på Sandaker. 11-trikken går til Nordpolen blei likevel tvinga til å avlyse i 2020 (samtidig som Storosenteret var fullt av julehandlande galningar fem minutt unna), men året etter blei framsyninga vidareutvikla og fekk ein etterlengta premiere. I 2022 flytta 11-trikken-universet til Kloden teater på Økern og strekte seg ut i både kvadratmeter og ambisjonsnivå. Nordpolen Magiske Trikketransport fekk Heddaprisen for beste barneframsyning i 2023, og etter det laga vi også ei siste trikkeframsyning som gjekk fram til nyåret 2025.
Vi trudde at Heddaprisen skulle bli Feil Teater sitt eine store høgdepunkt, men til vår store glede har milepålane halde fram med å komme. Vi laga jubileumsframsyninga Agentene og det sjukt farlige oppdraget til 20-årsjubileet til Unge Viken Teater, feira vårt eige 10-årsjubileum i 2025, blei heddanominert for Flukten fra Botsen, fekk driftsstøtte og kunstnarpris av Oslo kommune, mekka vandreteater på Munchmuseet og laga vår første ungdomsframsyning med Ikke en sånn historie. Men altså: Å overta Scene 3 for å lage barneteater i eit heilt år må vere den største milepålen vi har nådd. Herifrå kan det ikkje gå nokon annan stad enn nedover, vel?
Omsett til nynorsk av Inger Johanne Sæterbakk.