Bakgrunnsartikkel

Buljan, Bjørneboe og skandinavisk litteratur

Sist regissøren Ivica Buljan gjesta Det Norske Teatret blei det ei omdiskutert framsyning om pølser, påklednad og grenser. No skal han gi seg i kast med hovudverket til ein av norsk litteraturs mest omstridde forfattarar; Jens Bjørneboe.

Skrive av
Anders Hasmo
Anders Hasmo
Dramaturg

Ivica sit med ein sigarett i munnen, ein mobiltelefon til øyret og ein kopp te i handa. Så blunkar han til meg for å signalisere at han snart er ferdig med telefonsamtalen. Han sit i Zagreb, Kroatia, og eg i Oslo, og vi har avtalt eit møte på Messenger for å snakke om Bestialitetens historie, som eigentleg skulle hatt premiere i mars, men pandemien tvinga oss til å utsetje. No snakkar vi om korleis vi skal få han og resten av det kunstnarlege laget tilbake til prøvestart på Det Norske Teatret i august.

Teateret har ofte prøvd å organisere digitale møte mellom Oslo og Zagreb, men å diskutere tekst og tolking over Zoom og Teams og Messenger og Skype har vist seg å vere vanskeleg. Med Bergen går det lettare. Kanskje er det noko med det intuitive nærværet til den kroatiske regissøren som krev at vi er i same rom når vi snakkar saman? Kanskje er det språkbarrieren. Eller er det noko med den aust-europeiske atmosfæren? Eg liker iallfall å tenkje det. Han er elles ein racer på chat og SMS, og svarar til alle tider på døgeret, men då på korte ting. Som «Fekk du sett på e-posten?», «Kjem du til Oslo då vi avtala?» På same tid som det kan vere frustrerande ikkje å kunne gjennomføre lengre møte digitalt, er det også ei påminning om at gode samtalar av og til krev eit fysisk møte.

I haust blir det premiere på framsyninga Bestialitetens historie i Ivica Buljans regi. Framsyninga var eigentleg planlagd å ha premiere våren 2020. Foto: Eirik Malmo.

Litterært og ekspressivt teater

Ivica Buljan er ein utoverretta, humoristisk og engasjert 55-åring, busett i Zagreb, der han har vore dramasjef ved nasjonalteateret HNK sidan 2014. Dei siste åra har han blitt lagt merke til som regissør i Tyskland, USA, Italia og Aust-Europa. Oppsetjinga hans av Balkongen av Jean Genet på Residenztheater i München blei av New York Times trekt fram som ei av dei beste framsyningane i Europa i 2018. Dei siste 25 åra har han sett opp Bernard-Marie Koltès, Pier Paolo Pasolini, Heiner Müller, Robert Walser, Botho Strauss, Elfriede Jelinek og Miroslav Krleza, og i fjor dramatiserte han Yuval Harari sine bøker Sapiens og Homo Deus. I lag med partnaren Robert Waltl grunnla han Mini-teater i Ljubljana i Slovenia i 1999. Han er utdanna på Académie Expérimentale des Théâtres i Paris, og har studert fransk og samtidslitteratur ved Universitetet i Zagreb.

Frå Balkongen av Jean Genet på Residenztheater i München, som blei trekt fram av New York Times som ei av dei beste framsyningane i 2018. Foto: Konrad Fersterer.

Det Norske Teatret blei kjent med han gjennom vår felles europeiske teaterorganisasjon ETC, i eit prosjekt der vi skulle forske på møte mellom teaterkunst og ny teknologi. Det Norske Teatret og HNK utvikla sensorar for bevegelse festa til hand- og ankelledda til skodespelarane som utløyste lyd – eit forsøk på å flytte makt frå lydteknikarane til skodespelarane – i samarbeid med Amund Ulvestad og musikkteknologimiljøet ved NTNU. Teknologien blei brukt i Den siste kongsfesten, (originaltittel: Kraljevo) av Miroslav Krletza, ein kroatisk klassikar som Ivica sette opp på Det Norske Teatret i 2018, og i Peer Gynt av Henrik Ibsen, som Erik Ulfsby sette opp i Zagreb, og seinare i ein norsk versjon med Toralv Maurstad. Den siste kongsfesten skildrar eit «anna» Europa, der kulturar og nasjonalitetar møtest på festdagen for ein gammal konge – men alt endar i daud og forderving.

Frå Den siste kongsfesten på Scene 2 på Det Norske Teatret. Publikum blei servert kroatiske pølser, vin, balkaninspirert rock og fekk uanstendige tilbod. Foto: Siren Høyland Sæter.

Skodespelarane grilla på marknaden, skreik, krangla, knulla, festa, døydde, stod opp att og spelte rock ’n’ roll. Buljan jobbar med ein performativ og kaotisk-ekspressiv estetikk der skodespelarane er viktige motorar i utviklinga av materialet. Han brukar aktivt referansar frå tv-seriar, musikk og romanar i arbeidet med skodespelarane for å finne fram til grunnstemninga i scenane. Sjølv seier han at han arbeider på to måtar: «Cinematic» og «performativt». Med dette meiner han at han arbeider med to ulike estetiske hierarki. Cinematic angir ein realistisk, filmatisk inngang, der han søkjer ein realistisk spelestil, og gjerne i eit realistisk orientert rom, mens den performative arbeidsmåten tar utgangspunkt i skodespelaren sin eigen ekspressivitet. Den siste kongsfesten var «performativ», og når han no kjem tilbake skal det vere med ein slags kombinasjon av desse uttrykka, men også denne gongen vil det vere med eit skodespelarband. Teatersjef Erik Ulfsby inviterte Ivica tilbake til Det Norske Teatret nettopp fordi han representerer eit nytt scenespråk og har ein annan måte å sjå verda og historia på. I samtalane om kva Ivica skulle setje i scene, landa vi raskt på ein forfattar han sjølv hadde framsnakka ved det førre besøket sitt: Jens Ingvald Bjørneboe (1920-1976).

Teaterframsyninga er basert på boka Kruttårnet frå trilogien som utgjer Bestialitetens historie. Foto av Jens Bjørneboe, Gyldendal Norsk Forlag.

Knausgård post Nora

Vi har å gjere med ein aust-europeisk teaterregissør med ein slags fetisj for skandinavisk litteratur. Ein mann som peikar på ei interessant line frå Hamsun over Bjørneboe til Knausgård, og no seinast: Vigdis Hjorth. Då han var i Noreg og jobba med Den siste kongsfesten og fekk vite at dottera til Bjørneboe var teaterkritikar, tok det heller ikkje lang tid før han bad om eit møte. Kroaten har trava rundt i Oslo i spora til dei nemnte forfattarane og oppsøkt stader dei skriv om og bruka det som ein slags «city-guide».

Telefonsamtalen hans er ferdig, og eg forsøker å få han til å seie kva det er med Noreg og norsk litteratur som fasinerer han.

- Bildet av Noreg som eit langstrekt land med fjell og fjordar har påverka måten vi les norsk litteratur på i Kroatia. Sjølv om bildet har blitt meir nyansert, er opplevinga av det «uvanlege» viktig – og det har ikkje endra seg sidan vi las Hamsun som ein slags nordisk «eksotisme». Sjølv om det ikkje er lurt å identifisere eit litterært innhald med bestemte, nasjonale arketypar, så er den internasjonale anerkjenninga Noreg har som eit land med sosial likskap, høg levestandard, respekt for menneskerettar, og som eit land av tolmodige og stolte menneske, som er forelska i naturen og mytologien, sterke motiv i lesinga og kontekstualiseringa av tekstane.

- Korleis plasserer du til dømes Knausgård i dette?

- Knausgård er den skandinaviske favorittforfattaren min. Ein nesten androgyn mann som, med ein referanse til Ibsen, kan bli definert som ein som lever i ei post-Nora-tid. Han vaskar golv, ryddar huset, går i matbutikken, elskar barna sine, som han leikar med, badar og beskyttar, samtidig som han er ein misfornøgd kunstnar som mistrivst med kvardagslivet. Han er klar for å «bet the devil» for å «skape noe stort som Hamlet eller Moby Dick.» Vi som les kjenner empati med «kunstnaren» som avviser hykleriet og ofrar privatlivet for litteraturen. Nokre ser ein norsk Proust eller ein ny Hamsun i Knausgård, andre har ukritisk sett likskapsteikn mellom hovudpersonen og forfattaren, og berre fokusert på det ufiltrerte. På ein måte sett forbi fiksjonen.

Knut Hamsun er mellom dei norske forfattarane den kroatiske regissøren har eit sterkt forhold til. Foto: Anders Beer Wilse/Nasjonalbiblioteke

Fiksjon og autobiografi

- Du har fleire gonger peika på ei lenke mellom Hamsun, Bjørneboe og Knausgård…

- For meg var Hamsuns Sult ei oppdaging. Det var ein modernisme som tiltala meg mykje meir enn til dømes Kafka sin litteratur. Hamsun hadde ein intens nærleik til det han skreiv om. Han bevegar seg i eit spennande grenseland mens han skriv. Det var mitt første møte med ei bok der forholdet mellom «forfattar», «karakter» og «lesar» eksplisitt blir sett på spel. Denne autofiksjonen er endå meir interessant med eit teatralt utgangspunkt der «lesaren» blitt bytt ut med «skodespelaren» - og der desse tre parameterane igjen kommuniserer til publikum. Eg har det på same måten med moderniteten til Knausgård, der både forfattaren og karakteren blir synlege for oss. Bjørneboe passar også inn i eit slikt bilde. Tematisk kan vi nesten også seie at det er same hovudpersonen. Det tar for seg ei rekke politiske og samfunnsmessige spørsmål som er relevante for enkeltindividet. Alle tre er på ein måte intellektuelle kunstnarar og «journalistar» som leitar etter ein plass mellom proletariatet og dei intellektuelle. Sult ser kapitalismen på slutten av 1800-talet, Bjørneboe 1960-åra og Knausgård skildrar ein nyliberalistisk kapitalisme som påverkar det moderne livet i dag. Alle dei tre forfattarane lagar eit univers som er delvis fiksjon og delvis autobiografi.

Ivica snakkar oppglødd og engasjert, slik han pleier. No avviser han innkommande telefonsamtalar, og trass i at videolina vår hakkar, trur eg at eg klarer å notere ned dei viktigaste poenga.

- Dette er ei inspirerande line å følgje for teateret: Bjørneboe skriv biografi, fiksjon og essay i ein og same roman. På den måten kan eg lage ei framsyning som tematiserer og set i scene ein kombinasjon mellom fiksjon, dokumentar og performance.

Frå Storm still av Peter Handke ved Slovenian National Theater Ljubljana i 2013. Foto: Peter Uhan.

Bestialitetens historie

- Då vi begynte å snakke om Bjørneboe og Bestialitetens historie, var du veldig tydeleg på at det var Kruttårnet du ville fokusere på – kvifor det?

- Det er nettopp del 2 som er essensen av trilogien, slik eg ser det. Kruttårnet er ein perfekt representasjon av universet til Bjørneboe. Den har ei tydeleg ramme med ei historie som spelar seg ut på eit vakkert sanatorium, nesten som det var skildra av Thomas Mann eller Foucault. Innanfor dette blir totalisme, fascisme og stalinisme skildra. Det store spørsmålet blir korleis vi skal framføre det scenisk – men Bjørneboe gir oss høve til å gå frå det veldig fysiske til det veldig teatrale. Det er fasinerande at Bjørneboe ikkje er meir synleg i norsk kultur. Han skildrar maktstrukturar på same nivå som Thomas Bernard, og gir oss eit moderne ekko av det som blei tenkt i 1960- og 1970-åra. Som til dømes på side 2, når han beskriv korleis dei militære bruka felttelefonar for å torturere fangar (ved å feste elektrodar til penis eller rektum), mens dei på same tid og ironisk nok rosar dei innovative franske offiserane som praktiserte den bestialske metoden i koloniane. Her understrekar Bjørneboe tittelen til heile trilogien. Han skriv fram ein suggerande indignasjon over dei kontrapunktiske prosessane til menneske – skildringa av dei avskyelege bestialske handlingane føresett idylliske skildringar av naturen, som han sjølv faktisk held for å vere Gud. Til dømes når han skriv om brenninga av dei såkalla heksene under inkvisisjonen: «Vi har stekt hverandre gjennom årtusener utan å oppnå noe nevneverdig resultat av kjøkkenarbeidet», og at «store deler av stekingen fant sted, med Eifel-fjellene i nord og med noen av de vakreste rosesorter som har vært mulig å fremdrive. Et landskap som er skapt av Gud og med en del av Europas skjønneste arkitektur, -- som er skapt av mennesker.» Det er i dette vakre landskapet hovudpersonen i romanen oppheld seg. Han har forlate jobben som rettstenar og lever no som «vaktmester, pedell og renholdsarbeider», som han sjølv seier, på ein psykiatrisk klinikk for rike og velfinansierte kriminelle. Gjennom kontakten han har med dei psykisk ustabile og sjuke, som er privilegerte menneske frå ein slags overklasse, forstår han at han på ein eller annan måte roar dei ned.

Frå oppsetjinga av Pier Paolo Pasolini: Schweinestall, Residenztheater München. Foto: Mattias Horn.

«Den store Angst»

- Ja, det er tydeleg i boka – eg-personen steller med blomstrane sine i hagen og set ut vatn til piggsvinet. Så kjem pasientane ned til han, ein etter ein, og opnar seg. Kvifor opnar dei seg for han?

- Han svarar sjølv på det i romanen – at dei kjenner nokon som deler den same sjuke forståinga av verda.

- Kva slags forståing er det?

- Eg vil seie ein slags amoralsk pessimisme, men også ei forståing av det uføreseielege i menneskesinnet. På instituttet blir det arrangert føredrag der dei som har noko på hjartet kan melde seg. Sjølv har han meld seg for å halde føredrag om kjetteriprosessane mot såkalla trollmenn og hekser, som blei utført av kyrkja. Han hevdar at fleire menneske blei drepne på denne måten enn i dei to verdskrigane til saman. Han skriv også om eit hyklerisk samfunn som ser ned på homofile og skapar fryktelege massedrapsmenn. Høgdepunktet i romanen er denne førelesinga. Han startar med den heilage inkvisisjonen og små døme på bestialske drapsmetodar og kreative torturmoglegheiter, før han konkluderer med at rota til vondskapen i verda er mennesket og at Satan er fridomen. Satan er uføreseieleg og upåliteleg, i motsetnad til orden, disiplin og universets matematiske lovar. Etter at inkvisisjonen var over skulle bestialiteten vende tilbake i nye former gjennom Stalin og Hitler, assistert av juristar som masseproduserte lovar, slik at same kva makthavarane ønskte, så ville det vere innanfor eit juridisk godkjent lovverk. Bjørneboe beskriv «Den store Angst» - ei paranoid og irrasjonell frykt for det som er annleis og ukjent – på den måten kan vi lese Kruttårnet gjennom eit slags verdsbilde av kaldblodige «rettslege drap» gjennomført som legale masseavrettingar.

Frå framsyninga Adio Cowboy under Split Summer Festival i 2012. Foto: Matko Biljak.

Oppmuntra av føredraget til eg-personen, førebur også Lacroix, ein annan bebuar på klinikken, sitt føredrag. Han er tidlegare bøddel og legg vekt på den sadistiske naturen i mennesket og styresmaktene som torturerer straffedømde ned byråkratiske prosessar som forseinkar avrettingane og dermed bryt ned den dødsdømde mentalt. Gjennom heile romanen, i all hovudsak gjennom essay, men nokre gonger gjennom samtalar mellom sjukehusdirektøren og personen som er der i hans stad, presenterer Bjørneboe diskret, men presise kulturelle og filosofiskar tesar. Han argumenterer til dømes for at vi berre kan skrive sannferdig om det vi ikkje har opplevd, samtidig som andre meiner at vi berre kan skrive sannferdig om det vi har opplevd. Her plasserer han også Nietzsche, som meinte at religion ikkje kan sameinast med intellektuell integritet. Bjørneboe trekker også inn forskjellane mellom leninisme og marxisme. I tillegg til detaljerte skildringar av enkeltsaker utøvd av pasientane på instituttet, vender boka seg mot den institusjonaliserte sadismen og overgrep utført av statar og regjeringar, hjelpt av lovar og sivile tenarar.

Plyade av Pier Paolo Pasolini ved La MaMa E.T.C i New York i 2015 var anbefalt berre for vaksne. "The Best Play of the New York Season" skreiv kritikaren frå CultureofOneWorld.org.

Cézanne

Ivica og eg har snakka mykje om at det midt mellom dei store spørsmåla, hekseprosessar, bødlar, revolusjonar og avrettingshistorier, verkar som at hovudpersonen finn ei ro på den franske landsbygda under stjernene med vinen og referansane til målaren Paul Cézanne. Og, som han spør seg:

«Hvem var egentlig den store revolusjonære? Var det pistolmennesket i Paris (intet ondt skal være sagt om dem!)? – Eller var det den lille småborgeren i Provence. Paul Cézanne, med sin lille ost, sin rødvin og sine omhyggelig rensede pensler?»

Ivica må løpe tilbake til prøvane han held på med. Han jobbar som vanleg ikkje med berre ein ting og har nettopp fullført gjenopptakinga og nypremieren av Kafka på stranda av Murakami i Zagreb, og starta prøvane på Wjadi Mouawards All Birds i Ljubljana. Sånn er det eg kjenner han. Alltid til stades når du har han framfor deg, og alltid opptatt av mange prosjekt på same tid.

Toppfoto: Robert Gaspert • Til nynorsk ved: Inger Johanne Sæterbakk

Teksten stod opphaveleg på trykk i Norsk Shakespearetidsskrift, nummer 2-3 2020.