Bakgrunnsartikkel

Botsøving

Som barn blei prestesonen Bjarte Tjøstheim krossfesta i hagen av kameratane. For dei var dette berre ein leik, men Bjarte har alltid følt at han har hatt mykje å søke tilgjeving for, som mannen på krossen ikkje kunne fri han ifrå.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

At Tjøstheim har angst, var han open om i det førre og første soloteaterprosjektet her på Det Norske Teatret; Det går betre no. Det var inga sjølvfølge at ein mann som er såpass engsteleg av natur skulle tore å stå på scenen aleine.
- Det var komikar og kollega Thomas Giertsen som hadde trua på at eg kunne det, og med litt alkohol innabords, så trudde eg det, eg også, seier Tjøstheim.
Han hadde ikkje alkohol innabords på scenen - men da han sa ja til å vere med på prosjektet, altså. Sjølv om pratmakaren, mest kjend frå Radioresepsjonen og Papaya aldri hadde gjort noko liknande før.
- Men vi hadde jo flaks førre gongen, og det gjekk jo veldig bra, seier Tjøstheim, som er ein beskjeden mann.
Så når teatersjef Erik Ulfsby spurde om Bjarte ikkje kunne tenkje seg å komme tilbake og lage ei ny framsyning, så svarte han ja. Utan alkohol i blodet.
- Men eg hadde ein sobril i lomma, da.
Ulfsby lurte på kva han kunne ha på hjartet denne gongen, og da svarte han at
- Det er jo dette med dårleg samvit, da, som eg har tenkt mykje på. Etter Det går betre no skjønte eg at mange har angst. Men enda fleire, om ikkje alle, har dårleg samvit. Og da sa teatersjefen: «Skal vi ikkje berre kalle framsyninga Tilgi meg?».
Og slik blei det.

- Eg blitt ein mann som berre avbryt folk og kjem med dumme kommentarar.

Skulle bli noko stort

For Bjarte Tjøstheim har dårleg samvit for mange ting. Som presteson forventa både han og omverda at han skulle bli noko stort.
- Noko mellom Jan Egeland og Jens Stoltenberg. Eg skulle utrette noko her i verda. I staden har eg blitt ein mann som berre avbryt folk og kjem med dumme kommentarar, seier Tjøstheim oppgitt, og legg til at han også hatar praktisk arbeid han meiner han er for god for, som å støvsuge:
- Det hender at eg vippsar kona mi for å gjere dette for meg, når det er min tur, innrømmer han.
Og alt dette skammar han seg mykje over.

Bjarte Tjøstheim i framsyninga Det går betre no, som også var basert på hans personlege erfaringar. Foto: Dag Jenssen.

Frå pietist til ateist

I tillegg har Bjarte frå barndomen ei gudstru godt planta i ryggrada, som han aldri klarer å bli kvitt. Sjølv om han etter kvart er blitt tøffare i trynet, ifølge seg sjølv.
- På morgonkvisten, når eg er på mitt mest sarte, da er eg mest kristen.

- På morgonkvisten, når eg er på mitt mest sarte, da er eg mest kristen.

- Så blir eg agnostikar ut over dagen, og endar opp som ateist om kvelden, forklarer prestesonen. Dagen etter rir det dårlege samvitet han, og han ber Gud og sine næraste om tilgjeving.
- Slike ting skal denne framsyninga handle om!
- Men kven skal trøyste Bjarte? skyt Thomas Giertsen inn. Han er regissør for prosjektet, men også psykolog og støttespelar, ifølge Tjøstheim.
- Eg ønskjer jo ikkje at folk skal tilgi meg, nødvendigvis, svarar han regissøren.
- Men eg håpar at folk skal gå heim med….
Bjarte Tjøstheim leiter etter orda.
- Med… Med ein fin tanke om at: Det er ikkje meg det er noko gale med! Og uansett kor ein søker tilgjeving, så må ein ikkje gløyme at det også er lov å tilgi seg sjølv.

Artikkelen blei publisert 3. oktober 2023.

Toppfoto: Ole Herman Andersen/DetNorske Teatret