Bakgrunnsartikkel

Blomen og bia

Insektdøden er ikkje eit skummelt framtidsscenario. Det er noko som skjer no. Og vi kan hjelpe.

Skrive av
Christian Steel
Christian Steel
Biolog og generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima.

Pollinerande insekt som bier, sommarfuglar, biller og blomsterfluger, er nødvendige for at blomstrande plantar skal kunne formeire seg. Særleg biene har stor økologisk og økonomisk innverknad på grunn av den viktige rolla si i pollinering av plantar. Matplantar som raps, tomatar, eple, pærer, kirsebær, bringebær, rips, stikkelsbær, jordbær, tytebær, blåbær og molte blir nesten berre pollinerte av bier, inkludert humler. I dag er ein tredel av villbiene utryddingstruga, og det trugar matproduksjonen vår.

Opp mot 30 prosent av den maten vi et er direkte eller indirekte avhengig av den bestøvinga som bier gjer. EU-kommisjonen anslår at 87,5 prosent av planteartane i Europa er avhengige av insektbestøving. 80 prosent av dei ville plantane har nytte av blomsterbesøk frå insekt for å kunne setje frø. Innsatsen til biene har blitt berekna til å vere verd 1300 milliardar kroner kvart år.

Mange bieartar er avhengige av spesielle habitat der dei legg egga sine eller byggjer bol. Foto: Sissel Rübberd

Færre bieartar – meir sårbar natur

I dag er ein av tre bieartar, inkludert humler, på den norske raudlista, noko som betyr at dei er i fare for å døy ut. 12 av dei 208 bieartane våre har sannsynlegvis blitt borte for godt.Med færre bieartar er naturen meir sårbar om det skulle komme sjukdom eller klimaendringar som gjer at nokre bieartar døyr. Om vi har eit mangfald av artar, aukar sannsynet for at økosystema kan halde fram med å fungere. For jo fleire forskjellige artar – jo større sjanse for at nokon kan fylle ut hola etter at ein art har blitt borte.

Kva trugar humler og andre bier?

Kulturlandskap som slåtteeng, slåttemyr og kystlynghei er levestader for mange av biene våre, men står i fare for å bli borte frå norsk natur. Attgroing og intensivering av landbruket er hovudårsaka til det.

Det høyrest kanskje ut som ein klisjé, men i naturen heng alt saman med alt. Når vi sluttar å ha dyr på beite eller slå graset, forsvinn matfatet til humlene og dei andre biene. Matfatet deira er blomstrane som blir borte under buskar, tre eller andre høge plantevekstar som tar over når ingen beitar eller slår lengre. Blomstrane i det opne kulturlandskapet er ofte lyselskande og låge, og døyr når landskapet ikkje blir halde ope.

I naturen heng alt saman med alt.

Gjødsling er ein annan konsekvens av moderne landbruk som trugar biene. Gjødsel favoriserer nokre få, nitrogenelskande plantar, mens mange andre artar ikkje toler mykje gjødsel, og døyr ut. Med andre ord kan landbrukspolitikken som har vore drive dei siste åra, og som blir drive no, bety slutten for mange av villbiene våre.

Hadde vi hatt ein landbrukspolitikk som gjorde det lønsamt å slå og ha dyr på beite i enger og utmark, hadde vi kunna ta vare på eit artsrikt og variert kulturlandskap, og hjelpt villbiebestanden opp igjen.

Insekta treng mat gjennom heile sesongen. Foto: Sissel Rübberdt

Biene treng mangfald

Mangfaldet av blomsterplantar sikrar bier og andre pollinerande insekt mat gjennom heile sesongen. For mangfald av blomstrar er også mangfald av blomstringstida. Det er når plantane blomstrar at det er mat – i form av nektar og pollen.

At ei lita blomstereng her eller eit stykke kystlynghei der blir råka, er ikkje i seg sjølv eit problem, naturen tilpassar seg små endringar. Men når det gror att eller blir gjødsla mange nok blomsterenger og andre opne kulturlandskap, kan artar døy ut. Det er det som skjer no.

Mange bieartar er også avhengige av spesielle strukturar eller habitat der dei legg egga sine eller byggjer bol. Steinrøyser, rotnande tre og tørre sandbakkar er viktige landskapselement for mange bier, og desse blir det også stadig færre av.

Tap av leveområde er hovudårsaken til nedgongen i tal på villbier. Foto: Sissel Rübberdt

Tap av natur, ikkje Colony Collapse Disorder (CCD)

Ei vanleg misforståing er at biedøden i USA, kalla Colony Collapse Disorder (CCD), er det same som det vi opplever her i Noreg med utryddingstruga bier. Det er feil. Villbier forsvinn frå naturen, mens CCD handlar om tamme honningbier som forsvinn frå bikubar. Av uvisse årsaker opplever birøktarar i USA at arbeidarar av honningbier ikkje vender tilbake til kuben eller kolonien. Utviklinga er dramatisk, og i 2015 mangla over 40 prosent av tambiene frå bikubane.

CCD er førebels ikkje påvist utanfor USA. Teoriane om kva som valdar CCD, er mange: virus, parasittar, bruken av plantevernmiddel i landbruket (særleg neonikotinodiar som kan forvirre retningssansen og gjer biene desorienterte), stress og feilernæring er føreslått. Mykje tyder på at det er ei blanding av fleire faktorarar som utløyser fenomenet. Vi veit enno ikkje kvifor dette skjer, men hovudteorien er bruken av sprøytemiddel.

Insektdøden er ikkje eit skummelt framtidsscenario. Det er noko som skjer no. 

Insektdøden

At villbier døyr ut er i eit biomangfaldsperspektiv eit meir alvorleg problem enn at tamme honningbier døyr. Sprøytemiddel og andre giftstoff, framande bieartar og klimaendringar påverkar også dei ville biene negativt, men tap av levestader, hovudsakleg kulturlandskap, blir rekna for å vere hovudårsaka til nedgangen i talet og mangfaldet av villbier – i Noreg, Europa og USA.

Det er ikkje berre biene som døyr. Ein studie frå Tyskland viser ein klar nedgang i talet på insekt i tyske verneområde. Studien viser at insektdøden ikkje er eit skummelt framtidsscenario. Det er noko som skjer no. Det dreier seg om heilt grunnleggande tenester vi får frå naturen, som er ekstremt viktige for samfunnet vårt. Insekt utgjer ei kjerneoppgåve som rovdyr, byttedyr, nedbrytarar og pollinatorar i alle økosystem.

Å miste insekta vil ha dramatiske konsekvensar for økosystema. Og dramatiske konsekvensar for oss.

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk

Hovudbilde: Sverre Solberg